NRK Meny
Normal

Sorterer søpla betre enn menneske

Ny teknologi gjer søppelsortering i heimen unødvendig. Likevel må vi sortere søppelet vårt.

Søppelsorteringsmaskin

Nye søppelsorteringsmaskiner i Follo sorterer plast- og matavfall for innbyggarane.

Foto: NRK

Det er ikkje berre å kaste søpla si riktig. Kvar og ein av oss må sortere avfallet i heimen vår i ei mengde ulike kategoriar, avhengig av kvar vi bur i landet, og kaste dei på riktig stad.

I Follo region har dei investert i ny sorteringsteknologi slik at innbyggarane slepp å sortere plast og mat.

– Vi kjem til å få ut tre gongar så mykje plast som det vi gjer no. Når det gjeld matavfallet viser testar at vi får ut 30 prosent meir i forhold til ei kjeldesorteringsløysing, seier prosjektleiar Astri Thomassen Ekroll ved Follo Ren IKS til NRK Schrödingers katt.

– Vi er jo overbevist om at vår løysing gjer det endå enklare å vere miljøvenleg for då kan du fokusere på det som er verkeleg farleg for naturen, seier Ekroll.

  • Sjå sorteringsteknologien i aksjon her:
From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Kan erstatte all sortering i heimen

Nye søppelsorteringsmaskiner er blitt så gode at dei kan gjere jobben betre enn oss menneske.

Sorteringsrobotane nyttar spektroskopi og infraraudt lys for å analysere kva produktet er laga av. I løpet av ein brøkdel av eit sekund har maskinene identifisert søppelet og skilt det i ulike fraksjonar.

– Ein kan unngå av kvar enkelt av oss sorterer i mange fraksjonar og dermed reduserer talet på innsamlingar og tilhøyrande transport. I ein del land blir dette allereie gjort i dag, seier Tom Eng i Tomra Sorting.

Tomra står bak den nye søppelsorteringsteknologien som er utvikla med støtte frå Forskingsrådet.

I prinsippet kan maskinene ta alt, med unntak av mørke eller svarte søppelbitar som absorberer lyset.

Men å redusere til inga sortering vil innebere ein del problemstillingar, for eksempel i samband med farleg avfall, fortel Eng.

– Skeptisk

Direktør Håkon Jentoft i Avfall Norge fortel at historia har lært avfallsbransjen å vere skeptisk til sentralsorteringsanlegg.

På 80-talet vart det bygd svært mange sentralsorteringsanlegg i Noreg, men marknaden for sortert avfall var ikkje modent nok på 80-talet og maskinene sorterte for dårleg. Anlegga gjekk derfor dukken for tre tiår sidan, og dette er årsaka til at bransjen i staden har fått innbyggarane til å kjeldesortere for å kunne utnytte ressursane i søpla.

– Samtidig ønskjer vi å få utvikla ny teknologi for å få endå meir ut av avfallsressursane og det dei gjer i Follo no er eit kjempesprang. Viss dei får det til opnar det opp for heilt nye moglegheiter, seier Jentoft.

– Er det verdt å oppretthalde kjeldesortering for berre å ha dei gode haldningane i befolkninga?

– Eg personleg synest det. Eg trur at det å vite kva du kastar er eit grunnlag for å kunne handle og kjøpe varer som er miljøvenlege så det er ein grunnhaldning som er viktig også i framtida, seier Jentoft.

Miljøverndepartementet er også for at privatpersonar skal sortere søpla si:

– Det er svært positivt at privatpersonar sorterer avfallet sitt heime slik at det kan gå vidare til materialgjenvinning. På den måten medverkar dei til betre miljømessig utnytting av ressursane i avfallet, seier politisk rådgjevar Audun Garberg i Miljøverndepartementet.

Sjå heile Schrödingers katt-sendinga i NRK TV.