Hopp til innhold

90 ulike måtar å handtere søppel på i Noreg

– Vi er ikkje nøgd med dagens situasjon, seier bransjeorganisasjonen for avfallshandtering.

Kildesortering

Mens nokre kommunar kjeldesorterer, kastar andre alt i same søppeldunk. Avfallsbransjen etterlyser større engasjement frå myndigheitene i korleis vi skal handtere søpla vår i Noreg.

Foto: Oslo Ren

Mens innbyggarane i Oslo kommune sorterer søpla si i 7 ulike kategoriar, kastar folk i andre kommunar alt i same søppelkasse.

I Noreg har vi 90 interkommunale selskap som handterer søppel, og sidan det er opp til kommunane sjølv å bestemme korleis avfallshandteringa skal vere har det resultert i 90 ulike måtar å gjere det på.

– Vi er ikkje nøgd med dagens situasjon, seier direktør Håkon Jentoft i Avfall Norge, bransjeorganisasjonen for avfallshandtering, til NRK.no.

– Viss vi skal tenke 10 år fram i tid har vi nok ikkje eitt felles system, men nokre færre løysingar, seier han.

Miljøverndepartementet meiner på si side at kvar enkelt kommune sit med best kunnskap og føresetnader for å avgjere kva som er den beste løysinga lokalt.

– Vi har vore opptekne av å setje mål for gjenvinning og miljømessig forsvarleg handtering av avfallet. Så har det vore opp til kommunane å velje korleis dei skal oppfylle måla. Vi vurderer no ulike tiltak og verkemiddel for å redusere avfallsmengdene og styrke gjenvinninga i den komande avfallsstrategien, seier politisk rådgjevar Audun Garberg i Miljøverndepartementet.

– Politisk leiing lite interessert

Håkon Jentoft i Avfall Norge

Håkon Jentoft i Avfall Norge.

Foto: NRK

Jentoft etterlyser sterkare engasjement frå rikspolitikarane i avfallshandtering. Ei planlagt stortingsmelding om temaet vart avlyst, noko som skuffar Avfall Norge.

– Vi har ei politisk leiing som vi opplever som lite interessert i dette, seier Jentoft.

– Vi hadde forventa at det skulle komme statlege mål som vi kunne jobbe mot. I staden ser det ut til at vi må gjere dette sjølv, seier han.

Han etterlyser at miljøvernministeren tar større ansvar for å komme med visjonar og konkrete mål som bransjen kan jobbe etter.

– Vi ville gjerne hatt ei formulering frå Miljøverndepartementet om at innan 2015 skal vi utnytte 100 prosent av ressursane i avfallet, seier Jentoft.

Avfall Norge ønskjer også at departementet skal arbeide for å få på plass eit system for gjenvinningskrinslaup som gjer det enklare å utnytte og resirkulere alt materialet i produkta vi omgir oss med.

– Vi treng å få på plass eit system som gjer at produsentar og avfalshandterar samarbeider betre. Dette kan ikkje avfallsbransjen ta ansvar for åleine, seier Jentoft.

Plastavfall

Både Miljøverndepartementet og avfallsbransjen ønskjer å vinne att meir av plastavfallet i Noreg.

Foto: Astrid Marie Holand / NRK

Avfallsstrategi før sommaren

I staden for den avlyste stortingsmeldinga, vil Miljøverndepartementet leggje fram ein avfallsstrategi før sommaren, opplyser departementet til NRK.no.

– Dette er noko vi politisk er oppteke av og jobbar mye med. Mykje fungerer godt, men vi lager nå ein avfalsstrategi kor vi peiker ut fleire område der det er nødvendig med ekstra innsats. I den forbindelse hadde vi blant anna eit møte med Avfall Norge og ei rekkje andre aktørar tidlegare denne veka for å diskutere korleis vi kan auke ombruk og gjenvinning av tekstilavfall, seier politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet, Audun Garberg.

Blant dei meir konkrete måla kan det vere aktuelt med tiltak for å auke materialgjenvinning av blant anna plastavfall.

– I samband med dette kan det vere aktuelt å vurdere krav til kommunane for å sikre at meir avfall blir sortert ut for materialgjenvinning, men dette må vi komme tilbake til, seier Garberg.

–Vi ønskjer ikkje at dette skjer gjennom pålegg til kommunane, men gjennom eit sett av verkemiddel, seier Jentoft i Avfall Norge.

– Vi vil ha auka satsing på biogass og treng tilskot til etablering av nye anlegg, betre vilkår for å nytte biogass til drivstoff og bussar. Vi ønskjer at Miljøverndepartementet reviderer si avtale med industrien om gjenvinning av plast, blant anna ved å auke måla for materialgjenvinning frå 30 til 60 prosent, seier Jentoft.

– Men dette er dei konkrete stega vi skal gjere no, visjonen og målet om kvar vi skal vere om 10–15 år manglar framleis, seier han.