Hopp til innhold

Sjå parasitten danse i sniglekroppen

Salt, øl, kaffigrut og gift – det finst mange måtar me kan kvitte oss med sniglar på. Men naturen veit ofte best sjølv korleis det skal gjerast. Møt parasitt-ormen som har spesialisert seg på å torturere sniglar.

Mange av oss brukar sommarhalvåret til å plukke sniglar frå hageplantene våre, og vinterhalvåret til å planleggje korleis me best kan kvitte oss med desse grådige blautdyra.

Metodane er mange, og sniglane møter døden på så ulike vis. Nokre tørkar inn i ein salthaug, andre druknar i øl og nokre blir avretta med hagesaks.

Men naturen har sin eigen måte å torturere sniglar på, nemleg parasittormen Leucochloridium.

Den kjem seg inn i fordøyingssystemet til snigelen og opp i følehorna. Der byrjar den å pulsere for å få følehorna til å sjå ut som kravlande sommarfugllarver. Så styrer den snigelen ut i ope lende slik at fuglar kan få auge på den.

Sommerfugllarve

IDEALET: Ved å få følehorna til snigelen til å pulsere, prøver parasittormen å etterlikne sommarfugllarver som dette.

Foto: Evgina / Colourbox

Håpet er at ein fugl skal kome og jafse i seg følehorna med parasittormen i. Den formeirar seg nemleg berre i magen på fuglar. Der legg ormen egg i avføringa til fuglen, og fugleavføringa blir i sin tur ete av sniglar.

Og så er det på'an igjen.

Den pulserande parasittormen er eit kjent femonen, men det var fyrst i fjor at den polske forskaren Tomasz Wesolowski ved universitetet i Wroclaw klarte å bevise at ormen faktisk styrer oppførselen til snigelen. Det skriv nettstaden wired.com

LES OGSÅ: – Nei, vi blir aldri kvitt den

Svulst blir til «diskolarver»

Egga frå parasittormen utviklar seg i levera til snigelen. Der blir dei til ein slags svulst som sug næring frå det snigelen et. For å få i seg mest mogeleg mat, gjer ormen slik at snigelen blir kastrert. I staden for at snigelen brukar energi på å produsere egg og sæd (sniglar er hermafrodittar), går all næring til parasittormen.

Når den har vakse seg stor nok, sender ormsvulsten ut tentaklar som borer seg gjennom sniglekroppen og opp til følehorna til snigelen. Der lagar den ein rugepose full av larver. Det er desse larvene som «dansar» i følehorna til snigelen.

Det me kallar følehorn er eigentleg augestengler. På tuppen av dei har nemleg snigelen eit par primitive auge. Auga kan berre skilje mellom lys og mørke, og kan ikkje sjå fargar eller fokusere. Snigelen kan trekkje til seg desse følehorna og deretter pumpe dei full av væske for å få dei ut att.

Larvene til parasittormen får følehorna til å hovne opp slik at snigelen ikkje kan trekkje dei til seg igjen. Desse store, svulmande larveliknande følehorna ser uimotståelege ut for fuglar.

Tar over styringa

Leucochloridium

INNTRENGJARAR: Larvene til parasittormen borar seg inn i følehorna til snigelen. Sjølve parasittormen sit i levera til snigelen, og larvene er festa til den med små tentaklar.

Foto: Wikimedia

Sniglar er nattdyr, men det er ikkje fuglane. Så når parasittormen har funne seg til rette i følehorna, bryjar den å ta over hjernen til snigelen og tvingar den ut i dagslyset.

Sannsynlegvis sender parasittormen ut eit eller annan slags kjemisk stoff som får snigelen til å oppføre seg annleis, men akkurat korleis den gjer det har ikkje forskarar klart å finne ut.

Korleis den veit skilnad på natt og dag er òg eit mysterium.

– Parasittormen har ikkje noko som tilseier at den skal kunne vite når på døgnet det er. Den har verken nervesystem eller sanseorgan. Likevel veit den at den må pulsere i dagslys for å trekkje til segar, og at det ikkje er vits i å bruke krefter på det om natta, seier Wesolowski.

LES OGSÅ: Kaffegruten kverker sneglene

«Sniglefarten» får eit ekstra gir

Forskinga til Wesolowski viser at sniglar som har fått parasittormen på besøk, er opp til tre gongar så aktive som vanlege sniglar.

Ein av sniglane han studerte flytta seg ein meter på 15 minutt, og det er fort til å vere ein snigel.

Wesolowski fann òg ut at parasittane får sniglane til å halde seg ute i ope terreng, på oversida av planter og høgareliggande stader, slik at det blir lettare for fuglane å sjå dei.

Dersom fuglane finn dei appetittvekkjande, nappar dei ut dei opphovna, sommarfugllarveliknande følehorna til snigelen og et dei. Men vanlegvis et ikkje fuglar sniglar, og derfor lar dei resten av kroppen liggje.

Det einaste lyspunktet i dette er at snigelen overlever. Følehorna veks ut att og den kan leve vidare som vanleg – heilt til den ein vakker dag et fugleavføring igjen med egg frå Leucochloridium-parasitten.

Og så er det på'an igjen.

LES OGSÅ: Sender verdens største snegler i posten