NRK Meny
Normal

Vil gje gratis ecstasy til heile verda

Forskarane Pål-Ørjan Johansen og Teri Krebs har starta ei innsamlingskampanje for å starte behandlingstilbud og produsere ecstasy og det psykedeliske stoffet psilocybin i Norge: – Heile verda vil få tilbud om dette gratis.

Pål-Ørjan Johansen

– KAN REDDE LIV: Pål-Ørjan Johansen har forska ved blant anna Harvard University i USA og har jobba som psykolog i ti år: – Eg meiner ein må handle raskt for å kunne vere med å redde liva til dei pasientane som slit med kols eller alkoholisme og som har ein fot i grava. Psykedeliske stoff kan vere med å redde mange liv fordi det kan vere effektivt i behandling av avhengnad.

Foto: Øystein Windstad

– Det er dyrt å kjøpe desse preparata og dei er vanskeleg å få tak i. Me ønsker å gjere dei kvalitetskontrollert og lett tilgjengeleg. Fordi me får donasjonar så meiner me at det blir riktig å gje det ut gratis. Preparata skal produserast hos eit medisinfirma i Norge, fortel Pål-Ørjan Johansen.

Johansen er forskar, utdanna psykolog og har jobba som behandlande psykolog i over ti år. Teri Krebs er forskar og stipendiat ved institutt for nevromedisin ved NTNU. Dei to er gift og har det faglege ansvaret og har starta ei innsamling gjennom Indiegogo, ei såkalla «crowd funding»-nettside, der alle som vil kan donere pengar til saker, prosjekt eller business-idear. Hege Grostad er invitert til å bidra under planlegging og med administrasjon, opplyser Johansen.

Krebs var i begynnelsen av mars også gjest i NRK-programmet Trygdekontoret .

(Teksten fortset under bildet)

Indiegogo-kampanje

KAMPANJE: Faksimila viser at så langt har forskarparet Johansen og Krebs samla inn over 90.000 kroner på under ei veke for å produsere MDMA og psykedelika i Noreg.

Foto: Faksimile Indiegogo

Vekker internasjonal oppsikt

Innsamlinga blei lansert 11. mars og så langt har dei fått inn over 90.000 kroner frå over 300 personar som har gitt pengar til kampanjen. Målet er å samle inn ein million dollar.

New York Times er i gang med å lage ein reportasje om dei og frå før har dei blitt omtalt av BBC, og forskingstidsskriftet Nature i to artiklar. Fredag blei dei to intervjua av lesarane av sosiale nettverk-sida Reddit som har over 174 millionar lesarar og brukarar. Saka om forskarparet var den mest leste og kommenterte saka fredag ettermiddag.

Vil behandle depresjon og avhengnad

Ekteparet Johansen og Krebs har i fleire år studert bruken av psykedelika i behandling. Blant anna publiserte dei ei studie i 2012 og ei i 2013 gjennom NTNU om dette.

Medisinsk ecstacy heiter MDMA og psilocybin er verkestoffet i psykedelika soppar som fleinsopp. Det er desse substansane dei no vil produsere for medisinsk bruk:

– Ifølge Nature Review of Neurosciense så er MDMA interessant for behandling av post-traumatisk stress, andre angstlidingar og parterapi. Psykedelika er spesielt interessant i behandling av folk for alkoholavhengnad eller røyking, seier Johansen og fortset:

– Me gjorde ei studie der me fann at ei dose LSD i kombinasjon med behandling hadde ei positiv effekt som varte i minst seks månader. Me fant at LSD er like effektivt eller betre enn den daglege medisineringa ein brukar no, seier Johansen som er utdanna blant anna ved Harvard University.

(Teksten fortset under bildet)

LSD-behandling

LSD-BEHANDLING: Bildet viser korleis behandling med LSD kan føregå ved Johns Hopkins University of Medicine.

Foto: Johns Hopkins University

– Kan virke for nokon

MDMA og psykedelika som dei planlegg å produsere i Noreg og tilby til heile verda skal distribuerast i lovlege og regulerte former. Substansane skal gå til forskarar som ønsker å undersøke effekten av behandlinga meir. I tillegg så vil Johansen og Krebs distribuere MDMA og psykedelika til legar som vil bruke stoffa til behandling av pasientar.

Gudrun Høiseth er overlege ved Folkehelseinstituttet og Divisjon for rettstoksikologi og rusmiddelforsking. Ho meiner behandling med psykedelika kan hjelpe for enkelte:

– Det kan ikkje utelukkas at enkelte pasientar vil ha effekt av desse stoffa. Det er fleire ting ein må tenke på når ein skal innføre eit legemiddel. Det må det vere ei balanse mellom alvorlegheita av tilstanden som skal behandlast og sjansen for at tilstanden blir betre mot sjansen for at pasienten får biverknader, seier Høiseth og legg til:

– Eg meiner at i dag har ein ikkje nok dokumentasjon som viser at effekten av desse stoffa er nok til å kunne vege opp for moglege biverknader. Men dette er det Legemiddelverket som bestemmer.

Steinar Madsen

-STRENGE KRAV: Steinar Madsen er medisinsk direktør for Statens legemiddelverk. Han seier at generelt er det veldig strenge krav til kva preparat som blir godkjent i Noreg for marknadsføring.

Foto: Statens legemiddelverk

– Interessant om kjem med ny informasjon

Å behandle folk med psykedeliske stoff som LSD er ikkje ein ny metode. Det blei starta med forsking på medisinsk effekt allereie på slutten av 1940-talet.

Steinar Madsen er medisinsk fagdirektør ved Statens legemiddelverk og er ein av dei som vil vere med å godkjenne eller avvise medisinsk bruk av MDMA og psykedelika:

– Desse stoffa har vore forsøkt tidlegare i behandling og dei fleste av dei har blitt lagt tilside. Det har vore gjort lite forsking dei seinare åra. Om ein her kan drive seriøs forsking som kan kaste lys over eventuell nytte eller problem ved eit legemiddel så er det interessant, seier Madsen.

Han understrekar at generelt så er det svært strenge krav til kvalitet og vitskapleg dokumentasjon før legemiddel blir godkjent for marknadsføring.

Testa LSD på soldatar

Både forskarar og forsvarsmakter har tidlegare fatta interesse for fleire hundre substansar, blant anna LSD. I 1964 så gjorde Storbritannia forsøk på soldatane sine for å sjå korleis dei fungerte etter å ha tatt det psykedeliske stoffet. Som denne videoen viser så endte det med at soldatane blant anna la seg ned og starta å fnise og le i staden for å fullføre operasjonen. Den britiske hæren oppdaga at LSD truleg var betre egna til å framkalle latter enn sinte soldatar klar for krig.

(NRK tek ikkje ansvar for den eksterne lenka)

– Blir redd men ikkje psykotisk

Forskarparet Johansen og Krebs har starta organisasjonen EmmaSofia og har invitert med Hege Grostad som styremedlem og administrator. På nettsida står det at organisasjonen jobbar for å gjere kvalitetskontrollert psykedeliske preparat lettare tilgjengeleg.

– Er de med på å glorifisere dop med innsamlingsaksjonen?

– For nokre år sidan fekk me forskingsmiddel frå Norges forskningsråd for å undersøke risikoprofil og medisinsk behandling med psykedelika og MDMA. Dette er jobben vår og våre resultat er gode nyheiter. Me informerer om risikoprofil, effektar og nevrologiske mekanismar og korleis psykedelika og MDMA verkar. Me formidlar det me finn på ein nøktern måte i konservative vitenskaplege tidsskrift.

– Kva med faren for langvarig psykose med å ta psykedelika som psilocybin eller LSD?

– Då må ein sjå på kva dei tyngste internasjonale rusopplysningsstadane seier om dette. Verken amerikanske myndigheiter og deira National Institute of Drug abuse, WHO eller European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction påstår at psykedelika gjev langvarig psykose, seier han og fortset:

– Scientific American skreiv nettopp ein artikkel for nokre dagar sidan med tittel «Ingen samanheng mellom psykedelika og psykose». Det som kan skje er at folk blir redd og forvirra medan effektane står på. Men det er ikkje farleg å bli redd, seier psykolog Johansen.

Lovleg behandlingsform i Noreg

Kva er grunnen til at det historisk har vore lite forsking på psykedelika i behandling?

– Ruspolitikk og misoppfatningar har kome i vegen for medisinsk behandlingsutvikling. No er det ei stor internasjonal interesse for temaet fordi desse misoppfatningane har blitt oppklart. Men, det har faktisk aldri vore forbode å bruke psykedelika i behandling i Noreg. I tillegg så gjekk patenten på MDMA og psykedelika ut på dato, og det gjer at det er små økonomiske interesser for medisinindustrien. Difor har vi starta folkeinnsamlingsaksjonen, seier forskar Johansen.