NRK Meny
Normal

Så farleg er fyrverkeriet

Sofaen tok fyr då NRK-program fyrte opp fyrverkeri i stova. Eg fryktar at nokon kan finne på å gjere dette heime, seier direktør i Norsk Brannvernforeining.

Video Fyrvekeri innandørs

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I NRK programmet Ikkje gjer dette heime som har premiere 6. januar testar programleiarduoen Per Olav Alvestad og Rune Nilson ut ei mengde ting som ein absolutt ikkje skal prøve ut i heimen.

Eitt av dei vågale stunta programmet prøvar seg på, er å fyre opp rakettar i stova i eit bustadhus.

–Det smeller ekstremt, seier Alvestad til NRK.no. Sjølv stod Alvestad i rommet ved sidan av då raketten gjekk av, med ei pleksiglasplate mellom seg og eksplosjonen.

–Dette programmet er nok kanskje over kanten over kva som er lovleg, seier administrerande direktør i Norsk Brannvernforeining, Dagfinn Kalheim, til NRK.no.

–Det å fyre opp fyrverkeri inne er eit klart brot på lovverket. Det er også å bruke rakett med styrepinne.



Små marginar

Ikke gjør dette hjemme

Tospannet Rune Nilson og Per Olav Alvestad trassar alle åtvaringar i programmet Ikkje gjer dette heime.

Foto: NRK

– Eg fryktar at nokon kan finne på å ta ideen og gjere dette heime, seier direktøren i brannvernforeininga.

Frå eigne gutedagar hugsar Kalheim at det var frykteleg spennande å eksperimentere med ting, men Kalheim minner om at fyrverkeri er sprengstoff, og at det må behandlast deretter.

–Marginane er såpass små, at ein ikkje kan gjere dette utan at det er fare for liv og helse, seier Kalheim.

–Likevel kan vi ikkje skåne befolkninga for alt som kan vere farleg, og det er også viktig å opplyse, seier Kalheim.

Blåsyregass

Ikke gjør dette hjemme-huset

Dette er huset som er åstad for stunta du ikkje bør gjere heime. Huset skulle rivast, og vart brent ned til grunnen i siste opptak.

Foto: NRK

Både brannvesen og Røde kors var tilstade då forsøket vart gjort, og brannfolk var raskt inne og sløkte branntilløpet i sofaen av skumgummi etter fyrverkerioppskytinga.

Brann i skumgummi gir utvikling av blåsyregass, HCN, som er svært giftig, og farleg å puste inn.

Først etter at brannvesenet hadde lufta godt, fekk programleiarane komme inn att i rommet.

Følgde ikkje råd


Norsk pyroteknisk bransjeråd, som set standard for fyrverkeriartiklar som blir omsett i Noreg, rådde NRK-programmet til å ikkje gjennomføre dette eksperimentet.

Dei ville heller ikkje medverke til programmet ved å selje fyrverkeri til NRK.

–Vi valde å ikkje følgje råda til Norsk pyroteknisk bransjeråd, og gjorde våre eigne vurderingar i tett samarbeid med brannvesenet, seier prosjektleiar Njord Røv.

Forbode rakett

I programmet fyrer programleiarane opp ein rakett med styrepinne. Slike rakettar er no forbode i Noreg, då dei var ansvarleg for flest personskader.


Talet på personskader gjekk kraftig ned frå 155 i 2008 til 46 i 2009 då forbodet var innført.

–Det er litt tidleg å konkludere, men vi trur vi har fått luka ut det fyrverkeriet som er lettast å gjere feil med, seier Kalheim.

Kalheim minner om at fyrverkeri skal vere planlagt, og at det skal utførast av vaksne, edrue personar. Då går dette bra, seier Kalheim, som personleg synest at fyrverkeri er flott å sjå på.

Forhåpentlegvis går vi inn i ei ny nyttårsfeiring med få personskader.

Og for ordens skuld: ikkje prøv å sende opp nyttårsraketten i stova:

–Eg er jo ein type som synest det er artig at det smell, men eg ville aldri ha fyrt opp ein rakett innandørs sjølv, understrekar den eine halvdelen av programleiarduoen i Ikkje gjer dette heime, Per Olav Alvestad.

Kva synest du om at NRK viser oppskyting av fyrverkeri innandørs?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.