Hopp til innhold

Fossilfunn av rovdinosaur med puslete armar

Nytt dinosaurfunn gir innsikt i historia til merkeleg gruppe av rovdinosaurar.

Utgraving av dinosaur i Patagonia i Argentina

Forskarar i ferd med å grave ut det fossile dinosaurskjelettet i Patagonia i Argentina.

Foto: Oliver Rauhaut

Paleontologar har funne eit nært fullstendig fossilt skjelett av ein ny dinosaurart i Patagonia i Argentina skriv Huffington Post.

Dinosaurfunnet som er det aller tidlegaste av ei gruppa rovdinosaurar kalla abelisauridar er nyleg publisert i tidsskriftet Proceedings of the Royal Society.

– Dette er den eldste av denne gruppa dinosaurar, og funnet fortel den hittil tidlegaste historia til denne merkelege gruppa av rovdinosaurar, fortel paleontolog Jørn Hurum ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Små armar eit mysterium

Den nyoppdaga dinosaurarten som har fått namnet Eoabelisaurus mefi hadde ekstremt korte armar som til og med var kortare enn Tyrannosaurus rex sine puslete framlemmar.

Bortsett frå dei små armane, var ikkje likskapen med T. rex slåande.

– Den var halvparten så stor, hadde eit mykje kortare hovud, endå mindre armar og fire fingrar, fortel Jørn Hurum. T. rex hadde to fingrar.

Eoabelisaurus levde også om lag 100 millionar år tidlegare enn T. rex, for om lag 170 -175 millionar år sidan.

Jørn Hurum fortel at dette er ein av dei dinosaurane som er typiske for dei sørlege kontinenta. Yngre slektningar er funne spesielt på Madagaskar, i India og i Argentina før.

Kvifor denne gruppa dinosaurar utvikla slike ekstremt puslete armar, veit forskarane framleis ikkje.

Men sannsynlegvis tyder det i alle fall på at rovdinosaurens kraftige bit var meir enn nok til å gjere jobben, antydar forskarane i Huffington Post.

Skjelettkonstruksjon av Eoabelisaurus mefi

Skjelettkonstruksjon av Eoabelisaurus mefi viser at armane hos dinosauren var svært korte.

Foto: Oliver Rauhut

– Krymping starta tidleg

Den nye dinosaurarten er 40 millionar år eldre enn noko anna kjent fossil av denne gruppa dinosaurar.

Forskarane får dermed ei ny puslespelbrikke som kan gi meir innsikt i korleis gruppa utvikla dei svært puslete frambeina.

Dette tidlege eksemplaret har nemleg ikkje fullt så korte frambein som sine seinare slektningar, sjølv om det heller ikkje har frambein å skryte av.

– Trenden med krymping av armane starta tydelegvis tidleg i historia, og byrja ytst på armen, med handa, ifølgje forskarane.

Kan ha blitt stengt inne av ørken

Forskarane var også overraska over å finne at Eoabelisaurus hadde utvikla seg på superkontinenetet Pangea før det braut opp i landmassane vi kjenner i dag, samtidig som det ikkje er nokre teikn til at dinosaurgruppa spreidde seg til resten av verda.

Mens den nordlege halvkula var dominert av kjøtetande dinosaurar som Tyrannosaurus rex og hans slektningar, ser det nemleg ut til at abelisauridane haldt seg til den sørlege halvdelen av superkontinentet Gondwana, i områda som i dag er Antarktis, Australia, Sør-Amerika og Afrika.

– Ei mogleg forklaring kan vere at ein stor ørken i sentrale Pangea hindra dinosaurgruppa i å vandre inn nordlege Pangea, trur paleontolog Diego Pol som er ein av forskarane bak studien.