Svært godt bevarte fossil frå Kina tyder på at primitive lopper kan ha vore bygd for å slurpe blod av dinosaurar for meir enn 150 millionar år sidan.
Kraftige lopper
150 millionar år gammal holoppe frå jura.
Foto: D Huang / AfpMens moderne lopper er frå 1 til 10 millimeter lange, hadde dei kraftige forhistoriske forfedrane deira ein storleik frå 8 millimeter og heilt opptil 2 centimeter.
– Dette er kraftige insekt for å vere lopper, seier paleoentomolog Michael Engel ved University of Kansas i Lawrence til Nature.
- Les også:
Tidlegare har ein berre kjent til lopper frå dei siste 65 millionar år, og desse har meir eller mindre likna på moderne loppeartar.
Engel og hans kollegaer har ført til 60 millionar år på loppenes historie med studiar av fossilane som går heilt tilbake til juratida.
I studien som er publisert i tidsskriftet Nature har forskarane skildra i alt ni loppefossil frå to ulike funnstader i Kina, 165 millionar år gamle fossil frå juratida i Daohugou og 125 millionar år gamle fossil frå krittida i Hangbanjigou.
- Les også:
- Les også:
Sagliknande munn
Munnpartia hos loppene var også svært annleis enn dei glatte kjevane hos moderne lopper.
Desse forhistoriske blodsugarane hadde munndelar laga av armerte strukturar som var forsynt med sagliknande utvekstar.
– Munndelane var ganske sikkert overdimensjonert for å stikke seg gjennom skinnet til tidlege pattedyr og fuglar. Det ser faktisk ut som om dei hadde spesialisert seg på å bore seg gjennom spesielt tjukk hud, som hos dinosaurane, seier Engel.
Biletet viser ho- og hann-loppe frå juratida. Holoppa er den store til venstre.
Foto: D Huang / AfpLåg i bakhald
I tillegg manglar også desse tidlege loppene springfjør-føter, og hadde altså ikkje evna til å hoppe som dagens lopper har.
Dette kan bety at loppene var spesialistar på bakhald, og at dei klatra opp på verten for å suge blod før dei slapp seg og stakk av igjen.
Sjølv den mest frykta dyregruppa på jorda måtte altså tole å gi frå seg blod til forhistoriske plageånder.