Hopp til innhold

Romturisme rykkar nærare

Verdas første produksjonssanlegg for passasjer-romskip har opna i Mojaveørkenen i USA. 430 personar står alt på lista over passasjerar på turane som kan starte til neste år.

SpaceShipTwo festa til flyet White Knight

SpaceShipTwo festa til flyet White Knight utanfor verdas første hangar for produksjon av romfarty for passasjerar.

Foto: Mark Greenberg/Virgin Galactic

Eit privat luftfartsselskap har bygd verdas første anlegg for bygging av private passasjer-romskip melder Los Angeles Times.

Det betyr at draumen om ein tur til rommet ikkje er så langt unna for dei som har fyldige lommebøker.

Anlegg i ørkenen

Anlegget ligg i Mojaveørkenen, om lag 160 kilometer frå Los Angeles , og vil huse romskipselskapet Spaceship Company som er eigd av dei to selskapa Scaled Composites og Virgin Galactic.

På opninga av anlegget måndag sa Virgin-eigar Sir Richard Branson at han var stolt av å opne det første anlegget i verda for å produsere private, kommersielle passasjer-romfarty

– Dagen i dag markerer eit viktig steg på vegen til å gjere rommet tilgjengeleg for alle, sa Branson.

Bygginga av rakettfly for passasjerar vil i følgje Los Angeles Times starte allereie denne månaden.

Vil byggje fem rakettfly

Anlegg for produksjon av komersielle romfarty

Spaceship company har førebels 80 tilsette på hangaren i Mojaveørkenen, men dette talet skal doblast.

Foto: Mark Greenberg/Virgin galactic

Spaceship Co planlegg å byggje tre såkalla White Knigh-fly, og fem mindre SpaceShipTwo rakettfly i anlegget i Mojaveørkenen.

Romskipet SpaceShipTwo vil bli frakta opp til om lag 15 kilometers høgde med White Knight-flya, før det blir slept fri og tenner sine eigne rakettmotorar.

SpaceShipTwo vil så ta passasjerane ut i sub-orbit, som betyr at rakettflyet vil nå verdsrommet, men ikkje vil fullføre ei heil bane omkring jorda.

SpaceShipTwo har plass til seks passasjerar og to pilotar, og skipet er dobbelt så stort som det første rakettflyet laga av Virgin Galactic.

Det nye produksjonsanlegget gir også nye arbeidsplassar til arbeidsledige i romindustrien. Spaceship Co-hangaren ligg berre om lag 50 kilometer unna Palmdale plant 42 der det tidlegare var 1800 menneske i arbeid med å sette saman romferjene.

Når romferjene no er sett på bakken, står denne store hangaren tom utan meir arbeid i sikte.

Første tur neste år

I følgje Los Angeles Times kan dei første flyturane med passasjerar om bord i SpaceShipTwo byrje allereie mot slutten av neste år. Avreise vil då skje frå den førebels uferdige Spaceport America i New Mexico.

Virgin Galactic seier dei allereie har teke i mot bestilling og depositum frå over 430 menneske som har lyst på ein tur ut i rommet.

I følgje selskapet er det også 85000 andre som har registert si interesse i å bli astronaut om bord i SpaceShipTwo på nettsidene til Virgin Galactic.

Men sjølv om mottoet er å opne rommet for alle, tilseier prisen på 200.000 amerikanske dollar( om lag 1,13 millionar norske kroner) at ein tur til rommet førebels er langt over det vi vanlege folk kan betale.