NRK Meny
Normal

Klimaendringane kan gå 10 gongar raskare enn på 65 millionar år.

Ein ny studie gir grunn til bekymring for om dyr og plantar klarar å tilpasse seg i takt med dei raskaste klimaendringane jorda har sett.

Isbjørn på Svalbard

Isbjørnen er berre ein av mange artar som i dag er trua av dei raske klimaendringane.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Jorda vår opplever for tida dei største klimaendringane sidan dinosauranes tid. Men vel så stor bekymring er det for farten på klimaendringane.

I ein artikkel i tidsskriftet Science åtvarar klimaforskarane Noah Diffenbaugh og Chris Field frå University of Stanford i USA om at klimaendringane i løpet av det neste hundreåret vil bli minst 10 gongar raskare enn nokre klimaendringar kloden har sett dei siste 65 millionar år.

Dersom endringane held fram med dagens fart, fryktar forskarane at det vil føre til eit betydeleg stress for dei landbaserte økosystema jorda rundt, og mange artar vil bli tvungne til å endre seg i takt med klimaet.

– Vi veit frå tidlegare endringar at økosystem har svart på nokre få graders global temperaturendring over tusentals år, seier klimaforskar Noah Diffenbaugh ved Stanford University til Physorg. – Men den kursen vi er på no tvingar denne endringa til å skje over tiår. Det er mange gongar raskare, og vi ser allereie at nokre artar er utfordra ved denne farten.

Endringar i årleg temperatur for år 2100

Endringar i årleg temperatur mot slutten av dette hundreåret basert på 27 klimamodellar.

Foto: Noah Diffenbaugh

– Den reelle banen vi følgjer i augneblinken

Klimaforskar og ekspert på paleoklima Trond Dokken ved Bjerknessenteret for klimaforsking fortel at det Diffenbaugh og Field har gjort er å gå vidare på det mest ekstreme scenarioet til det internasjonale klimapanelet, IPCC, og sett på kva som vil skje fram mot 2100, dersom utviklinga held fram som i dag.

Likevel synest han at analysane deira kan forsvarast.

Trond Dokken

Forskar Trond Dokken ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

Foto: Bjerknessenteret, UiB

– Viss vi ikkje får politiske vedtak og ein betydeleg økonomisk omlegging, vil dette moglege scenarioet bli gjeldande. Sånn sett er dette eit greitt varsel å gi, og det er ikkje spekulativt i den forstand at dei dreg til klimamodellane alt dei kan. Dette er den reelle banen som vi følgjer i augneblinken, seier Dokken.

Ifølgje IPCC sin klimarapport frå 2007 har den globale gjennomsnittstemperaturen auka med 0,8 grader over dei siste hundre åra. Størstedelen av denne auken, 0,6 grader, har skjedd i løpet av dei siste 30 åra. Og det meste av auken er komme over landmassane.

– Temperaturauken er voldsom, og gir indikasjon på akselerasjonen vi opplever, fortel Dokken.

Stanford-forskarane har også rekonstruert den mest varme perioden jorda har opplevd dei siste 65 millionar år, og samanlikna denne med det vi kan komme til å oppleve dette hundreåret dersom klimaendringane held fram med dagens tempo.

Den gongen tok det 10.000 år å nå ein temperaturauke på 5–6 grader. Til samanlikning viser deira klimamodellar at vi vil kunne oppleve ein temperaturauke på opptil 8 grader mot utgangen av år 2100.

Biologien rekk ikkje tilpasse seg

Diffenbaugh og Field spekulerer i at dette vil vere meir enn kva biologien kan tole.

Ved klimaendringar flyttar dyr og plantar seg ofte i høgde, eller over breiddegrader for å halde seg i det klimaet som dei er tilpassa.

Men i artikkelen skriv Stanford-forskarane at her endrar ting seg så fort at det ikkje er sikkert at biologien klarar å tilpasse seg dei endringar som temperatur og nedbør medfører.

– Det å byggje opp ein ny regnskog på hundre år er ikkje gitt. Der det kunne vore moglegheit for regnskog, er det ikkje sikkert at artar rekk å etablere seg før det er for seint, seier Dokken.

Regnskog i Amazonas

Ifølgje Diffenbaugh og Field er skog blant økosystema som kan ha vanskar med å tilpasse seg klimaendringar. Skogdød blant anna i Amazonas har blitt lenka til ekstremklima som tørke, varme og ekstremvind.

Foto: Colourbox

– Også mennesket har ei smertegrense

– Dyr og menneske har jo vist seg svært tilpassingsdyktige tidlegare i jordas historie, kan ikkje biologien klare dette også?

– Menneske er svært tilpassingsdyktige. Vi kan også bruke teknologi til å hjelpe oss. Men dei andre har mykje mindre tilgjengeleg for å få dette til. Og mennesket har også ei smertegrense. Sjå for eksempel på hetebølgjer, der dødsrater går opp mange titals prosent, seier Trond Dokken.

Om det er dette scenarioet for klimaendringar som blir det reelle, vil i stor grad bli avgjort av oss menneske, avsluttar Diffenbaugh og Field i artikkelen.

– Farten og storleiken på klimaendringane vil i størst grad bli bestemt av menneskelege vedtak, innovasjonar og økonomiske utviklingar som vil bestemme sporet for utslepp av drivhusgassar.