NRK Meny
Normal

Vi søv for å reinse hjernen vår, ifølgje ny studie

Amerikanske forskarar lanserer ny hypotese for kvifor vi må sove.– Søvngåta er enno ikkje løyst, seier norsk søvnforskar.

Sovande jente

Mens vi søv reinsar hjernen vår bort giftige avfallstoff, ifølgje forskarar i USA.

Foto: Colourbox

Kvar og ein av oss brukar om lag ein tredel av livet vårt med å sove. Men kvifor vi må sove har vitskapen enno ikkje funne svar på.

Forskarar ved University of Rochester Medical Center og Langone Medical Center ved New York University har no lansert ein ny hypotese som forklaring på søvnmysteriet, skriv The Guardian.

Hypotesen til professor Maiken Nedergaard og hennar kollegaer går ut på at i timane vi slumrar i senga blir hjernen vår reinsa for giftige avfallsstoff som hjernecellene produserer i løpet av timane mens vi er vakne.

– Eg trur vi har funne svaret på kvifor vi søv, seier Nedergaard til The Guardian. – Vi søv for å reinse hjernane våre.

Hjerneceller krympa under søvn

Dei amerikanske forskarane har gjort forsøk på mus som viser at mens dei søv blir cerebrospinalvæska pumpa rundt i hjernen, for deretter å skylje ut avfallsprodukt som ei slags organisk oppvaskmaskin.

I studien som er publisert i Science skildrar forskarane korleis hjernecellene hos mus krympa mens dei sov, noko som gjorde at mellomrommet mellom cellene vart i gjennomsnitt 60 prosent større. Dette gjorde at cerebrospinalvæska kunne strøyme ti gongar raskare i hjernen til dyra enn når dei var vakne.

Forskarane undersøkte også kor godt musene kvitta seg med toksin frå hjernane deira ved å sprøyte inn spor av eit protein kalla beta-amyloid som er knytt til Alzheimers sjukdom. Dei fann at dette proteinet blei raskare fjerna frå hjernen til sovande mus.

Nedergaard trur at desse reinseprosessane er meir aktive når vi søv fordi det er for energikrevjande å pumpe væske rundt i hjernen når vi er vakne.

–Du kan tenke på det som å ha ein fest heime hos deg sjølv. Du kan enten underhalde gjestene, eller rydde opp i huset, men du kan ikkje gjere begge deler på ein gong, seier ho.

Avventande

–Vi må nok avvente fleire studiar før vi kan seie at søvngåta er løyst, seier professor Bjørn Bjorvatn som er leiar for Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsykdommer til NRK.no.

–Det kjem heile tida hypotesar om søvnens funksjon, men ingen har heilt klart å forklare fenomenet. seier han.

Han trur hypotesen kan ha noko for seg, men først må andre forskararar klare å replikere resultata, og ein må finne dette også hos andre dyreartar , samt menneske.

Bjorvatn trur det er tvilsamt om søvn kan forklarast av berre ein mekanisme.

–Søvn har sannsynlegvis ei rekke funksjonar, men det er mogleg at denne er sentral, seier han.