Hopp til innhold

Farge kan avsløre jordliknande planetar

Astronomar kan bruke fargar for å finne parallellar til Jorda i fjerne solsystem.

Planetfargekart

Ved å samanlikne fargen til planetar i vårt solsystem med fargen til eksoplanetar, kan forskarar finne jordliknande planetar andre stader.

Til no er det funne 495 eksoplanetar i fjerne solsystem, men førebels veit vi svært lite om tilhøva på dei framande klodane.

Liknar desse fjerne planetane på ein gold ørkenplanet som Mars, ein gigantisk gasskjempe som Jupiter, eller ein blå oase som Jorda?

NASA-forskarar har no utvikla ein enkel metode for å skilje mellom planetane i vårt eige solsystem, basert på fargen deira.

Dette gir oss ein ny moglegheit til å finne eksoplanetar som liknar vår eigen planet, når vi ein gong har god nok teknologi til å samle lyset frå slike fjerne, lyssvake objekt.

Sett frå Deep Impact

Eit team leia av NASA-forskar Lucy McFadden og student Carolyn Crow ved UCLA (University of California, Los Angeles) har gruppert planetane i vårt eige solsystem etter kor mykje raudt, blått og grønt lys dei reflekterer.

Fargemålingar av Jorda, Månen og planeten Mars er gjort av det ubemanna romskipet Deep Impact medan det var undervegs til sitt planlagde møtet med kometen 103P/Hartley 2, som skjedde torsdag 3. november.

Les meir om Deep Impacts forbiflyging av Hartley 2 på NASA sine nettsider.

Ideen til forskarane var å sjå Jorda frå ståstaden til ein utanomjordisk observatør, og slik få innsikt i korleis vi kan finne jordliknande planetar rundt andre stjerner.

Jorda unik

Når fargeinformasjonen til planetane i vårt solsystem blir plotta inn i eit fargekart, fell planetane inn i regionar som gir informasjon om eigenskapane til overflata og atmosfæren.

Fargen kan avsløre jordliknande planet

Jordkloden skil seg ut med ein litt einsam plassering i fargekartet.

Foto: NASA/GSFC

Gasskjempene held seg i den høgre halvdelen av fargekartet, med Saturn og Jupiter gruppert nedst i høgre hjørne, og Uranus og Neptun i det øvste høgre hjørnet.

Steinplanetane Merkur, Venus og Mars held saman nedst i det raude hjørnet av fargekartet.

Men ein planet held seg for seg sjølv.

Jordas farge og plassering i fargekartet er unik.

Fargen seier ikkje alt

–Etter kvart som teleskopa blir stadig større, vil vi bli i stand til å sjå på fargane til planetar rundt andre stjerner seier Lucy McFadden til NASA.gov.

–Fargen deira vil då fortelje oss kva for planet vi skal sjå nærare på, seier McFadden.

Crow understrekar likevel at fargen ikkje kan fortelje alt.

–Det er nokre ting som vi ikkje kan seie utan å få meir informasjon.

Til dømes kan ein ikkje seie sikkert at ein framand klode har blå himmel og hav sjølv om den skulle ha same farge-fingeravtrykk som jordkloden.

  • Sjå NASA-video der forskar Carolyn Crow forklarer fargen kan avsløre jordliknande planetar rundt fjerne stjerner:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.