Hopp til innhold

Nasen meir viktig for smak enn munnen

Smaken er ikkje det viktigaste for matopplevinga. Lukt er det aller viktigaste.

Video Smakskombinasjoner

At nasen er viktig for smak har dei fleste erfart. Eit fantastisk måltid blir heilt øydelagt når nasen er tett.

Men at nasen står for heile 80% av smaken på maten, er kanskje litt overraskande.

Sitron eller lime?

Smakar som vanlegvis er svært enkle å skilje frå kvarandre blir heilt umogleg å identifisere når ein held seg for nasen, noko programleiar Hanne Kari Fossum i Schrödinger katt får demonstrert.

Først når passasjen mellom nasen og munnen blir open igjen, er det mogleg for Fossum å identifisere om det er sitron eller lime, pære eller eple ho har i munnen.

– Når vi held for nasen går det veldig lite luft frå munnen og opp i nasen bakvegen, men i det vi slepp, blir det fri passasje. forklarar kjemikar og matbloggar Martin Lersch til Schrödingers katt.

– Hanne Karin Fossum skildrar det slik: Det var akkurat som om det låg på vent ein haug molekyl som berre fór opp i nasen i det dei fekk passasje.

Kaviar og kvit sjokolade

Sidan luktstoffa er så viktige i mat, er det kanskje ikkje så rart at matvarer som inneheld dei same luktstoffa kan passe godt saman.

Les meir om smakskombinasjonar på bloggen til Martin Lersch

Den første som kom med denne hypotesen var forskaren Francois Benzi .

Han kom på idéen om at jasmin og svinelever kunne passe godt saman sidan dei begge inneheldt det kjemiske stoffet indol.

Og det stemte: svinelever og jasmin utgjer faktisk ein god smakskombinasjon.

Seinare har Benzi, men også andre forskarar, som til dømes Heston Blumenthal, komme opp med ei mengde uvanlege smakskombinasjonar som har kjemiske duftstoff til felles.

Leit i database med 700 smakskombinasjonar

Kaviar og kvit sjokolade er ein slik kombinasjon som har kjemiske stoff til felles. Dei inneheld begge trimethylamin.

–Det var veldig godt, seier Fossum overraska.

Ein annan underlig kombinasjon er ananas og blåmuggost som begge innheheld metylheksanoat.

Denne kombinasjonen er Fossum mindre imponert over:

– Det ser heilt forferdelig ut, men smaker heilt greitt, seier Fossum.

Sjå Schrödingers katt torsdag 19.45 på NRK1