Hopp til innhold

NASA dokumenterer avskoging i Amazonas

Satellittbilete tatt med 37 års mellomrom viser ei dramatisk endring for brasiliansk regnskog.

Satelittbilete av regnskog i Amazonas i to bilete frå 1975 og 2012

Svært mykje av regnskogen i biletet frå 1975 (venstre) er borte i satelittbiletet frå 2012.

Foto: NASA

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Samanstilling av to bilete tatt med NASAs Landsat 1-satellitt i 1975 og 2012 viser at avskoging i Rondônia i det vestlege Brasil har tatt mønster av eit fiskebein, med rydda land som strekk seg innover i skogen.

Sjå stor versjon av bileta her.

– Biletet viser at avskoging i mange område av Brasil har vore massiv, seier Arild Angelsen ved Handelshøyskolen ved Universitetet for Miljø og Biovitenskap på Ås.

– Vegutbygging og avskoging hand i hand

Angelsen fortel at fiskebeinmønsteret berre er eitt av mange ulike mønster for avskoging.

– Fiskebeinmønster er gjerne meir planlagde mønster der avskoginga skjer langsmed vegar. Vegutbygging og avskoging går hand i hand. Det beste du kan gjere for å hindre avskoging er å bombe alle vegane i Amazonasl, seier Angelsen med orda til den kjende brasiliansk skogforkjemparen Eneas Salati.

Tilgangen til det fjerntliggande regnskogsområdet på NASAs satelittbilete byrja med ein stor veg som strekte seg frå nord til sør.

Seinare kom det sakte men sikkert til mindre vegar som forgreina seg ut i skogen i rett vinkel frå hovudvegen. Vegane gjorde det mogleg for nybyggjarar å nå inn i landet og rydde større skogområde.

Paradoksalt noko kan dyre-og plantelivet i regnskogen lide minst like mykje om avskoginga er spreidd som når større område blir rydda.

Blottstilte kantar

– Fordi desse vegane grip djupt inn i regnskogen for så å spreie seg utover, gir dei mykje større tap av habitat og artar enn om det var eitt enkelt område av avskoging, fortel Compton Tucker som er biolog ved NASAs Goddard Space Flight Centre.

I ein detaljert studie av Landsat-bilete fann Tucker og kollega David Skole at avskoginga i Amazonas gjekk med mindre fart enn ein tidlegare hadde trudd, men at innverknaden på biomangfaldet var mykje større på grunn av at leveområda vart stykka opp.

Grunnen til dette paradokset er at mengda av blottstilte kantar mellom avskoga område og intakt skog er svært kritisk for biologisk mangfald.

I følgje NASA-biologen er slike kantområde meir utsette for øydeleggingar av vind og tørke.

Det er dessutan også lettare for menneske å nå inn i desse områda og jakte eller hogge ned skog, noko som også medverkar til å gjere dei meir utsette.

– Global økonomi har verka inn

– Det store biletet er at avskoginga i Brasil har gått dramatisk tilbake sidan 2004, då han nådde ein topp, fortel Arild Angelsen.

Avskoginga har gått tilbake med 77 prosent, frå 27.400 kvadratkilometer til eit areal på rundt 7.000 kvadratkilometer dei siste åra.

Ifølgje Angelsen er det hovudsakleg to grunnar til at mindre skog blir hogd. Det eine er global økonomi og prisar. Det andre er god politikk i Brasil.

– Frå midten av 2000-talet sank prisane for kjøt og soya, noko som gjorde det mindre lønsamt å rydde regnskog. Den globale finanskrisa har også medverka til dette.

I tillegg har politikarane i Brasil fjerna insentiv som stimulerte til avskoging, og sørga for ei tøffare handheving av verneområda.

– Noregs sjekk på ein milliard kroner til bevaring av brasiliansk regnskog kjem nok lenger ned på lista over faktorar, seier Angelsen som peiker på at betringa skjedde før Noregs regnskogavtale i 2008.

Likevel har han tru på at våre pengar kan medverke til å gjere skogvern meir lønsamt i ei tid der brasilianske politikarar er mindre opptatte av miljøvern.