Hopp til innhold

Mumifiserte hovud avslører historie

Undersøkingar av italienske mumiar avslører gamle mumifiseringsteknikkar, men også italiensk historie.

Italienske forskarar har undersøkt ei samling av italienske mumiar frå 1800-talet, og kan avsløre nokre av teknikkane som er brukt for å lage mumiane.

Samlinga dreier seg om åtte svært godt bevarte eksemplar som består av fem hovud med nakke, to byster og eitt hjarte.

Alle vart mumifisert av den italienske anatomen Giovan Battisti Rini som levde frå 1795–1856.

Undersøkingane med CT-skannar kunne avsløre nokre av teknikkane som var brukt for å bevare lika for ettertida. Studien vil bli publisert i eit kommande nummer av tidsskriftet Clinical Anatomy.

Bada i kvikksølv og arsenikk

Italienske mumiar

Innsprøyting av kjemikaliar har bevart blodårene i denne mumien.

Foto: Dario Piombino-Mascal, Reiss-Engelhorn Museen, Mannheim/EURAC, Bolzano.

– Vi har studert dei fordi vi vil stille dei ut i eit lokalt museum i Salò. Det var viktig for oss å forstå både teknikkane gjort for å bevare eksemplara, og kva som var siktemålet med kvart enkelt eksemplar, seier ein av forskarane bak studien, Dario Piombino-Mascali, til NRK.no.

Bevaringar av kroppar som mumiar var svært viktig for medisinen, blant anna for at legar skulle lære om den menneskelege anatomien. Mumiar vart hovudsakleg preparert ved å bade lika i løysingar av ulike kjemikaliar over ei tid.

Akkurat kva metode og kva for kjemikaliar Giovan Battista Rini nytta, klarar ikkje forskarane å fastslå med hjelp av CT-skanning, og det var heller ikkje mogleg å ta prøvar av mumiane for å gjere kjemiske analysar.

Men truleg er det snakk om tungmetall som til dømes arsenikk og kvikksølv, meiner forskarane.

Undersøkingane viser også at det er nytta injeksjonar av kjemikaliar for å bevare blodårene for ettertida.

Forsteina

Mumifisert hjarte frå Italia

Mumifisert hjarte.

Foto: Dario Piombino-Mascal, Reiss-Engelhorn Museen, Mannheim/EURAC, Bolzano.

Til eitt av eksemplara, eit mumifisert hjarte, er det nytta ein spesiell mumifiseringsteknikk som blir kalla forsteining.

Slike eksemplar har som namnet tilseier, ei hard overflate som minner om stein.

Fredlause

Trass i at ansikta er stivna i evig tausheit kan dei likevel fortelje mykje om fortida.

– Dei har ein enorm verdi for medisinsk historie, anatomi, og også italiensk historie, fortel Piombino-Mascali.

Dei levande personane bak dei døde kroppane hadde nok også ei interessant historie:

– Minst to av desse mumiane høyrde til dei fredlause, som betyr at dei mest sannsynleg var opprørarar i eit nordleg Italia som var dominert av Austerrikarane. Når vi viser fram desse kroppane gir vi dei tilbake den verdigheit og respekt leivningane fortener, meiner Piombino-Mascali.

Om dei italienske rebellane anno 1800 ville vere einig i det, får vi aldri vite.