Hopp til innhold

Dette dyret gjer som Benjamin Button og blir yngre med åra

Eit ørlite manetliknande dyr går mot straumen og blir yngre og yngre med alderen. – Kan hjelpe oss til å få evig liv, håpar japansk forskar.

Turritopsis nutricula.

Denne vesle skapningen kan unngå døden ved å snu livssyklusen sin på hovudet.

Foto: Peter Schuchert, CC

Det manetliknande dyret Turritopsis synest å ha funne nøkkelen til evig liv. Dyret, som ser ut som ein manet, men som er ein såkalla hydromedusa, kan snu livssyklusen sin og bli yngre og yngre i staden for å bli gammal og døy.

Den japanske marinbiologen Shin Kubota har studert ein art av hydromedusa, Turritopsis dohrnii, i 15 år. Han trur det kan hjelpe oss til å finne nøkkelen til evig liv. Dette skriv New York Times.

– Den eviglevande hydromedusaen er den mest mirakuløse arten i heile dyreriket, seier Kubota til New York Times.

– Når vi forstår korleis dyret forynger seg sjølv, bør vi kunne oppnå svært store ting. Etter mi meining vil vi kunne utvikle oss og bli udødelege, seier han.

Sjå ein video nedst i saka der hydromedusaens livssyklus blir forklart.

Bekjempe sjukdommar

"The Curious Case of Benjamin Button"

Benjamin Button, her spelt av Brad Pitt, blir yngre og yngre med åra.

Foto: Merrick Morton / AP

Andre forskarar forkastar ideen om evig liv, men trur hydromedusaen kan vere nyttig for menneske på andre område:

Turritopsis dohrnii kan bli nyttig for å bekjempe sjukdommar. Å forlenge menneskeleg liv har ikkje noko meining, det er økologisk sett vrøvl. Det vi kan håpe på og bør arbeide for er betre kvalitetet i dei siste åra av livet, uttalar den italienske forskaren Stefano Piraino som også har studert Turritopsis.

Det manetliknande dyret er som ein sommarfugl som i staden for å døy, forvandlar seg til ein larve igjen. Eller som ein kylling som forvandlar seg til eit egg, som blir klekt til å gi ein ny kylling.

I USA blir hydromedusaen gjerne kalla Benjamin Button-maneten, etter roman-karakteren som blir yngre og yngre med alderen, til han til slutt er eit foster igjen.

Sjølv nærare hundre år etter oppdaginga av arten, kan vitskapen enno ikkje forklare korleis dyret kan aldrast i revers.

Snur livssyklus i stressa situasjonar

Hydromedusaen med evig liv var først oppdaga på den itialienske riviera av den tyske marinbiologen Christian Sommer i 1920-åra. Sommer putta dyra i petriskåler for å studere dei. Etter fleire dagar la han merke til at dyret oppførte seg ganske merkelig. Hydromedusaen såg rett og slett ut til nekte å døy.

I staden såg ut som om aldringa til dyret gjekk i revers. Det vart yngre og yngre, til det kom til sitt tidlegaste utviklingsstadium, der det begynte livssyklusen på nytt igjen.

Sidan Sommers oppdaging har det vore lite forsking på den omsnudde livssyklusen hos Turritopsis.

Det forskarane har funne ut er at hydromedusaen vanlegvis aldrast i riktig rekkefølgje, men at han snur livssyklusen i stressa situasjonar som ved endringar i miljø eller ved fysisk angrep.

Vitskapen har også komme fram til at under foryningsprosessen kan dyret omprogrammere ein type celler til ein annan type celle, for eksempel kan ei hudcelle forvandle seg til ei nervecelle. Hos menneske er det berre stamceller som kan omprogrammerast på denne måten.

– I staden for å møte ein sikker død, forvandlar han alle cellene sine til ein yngre tilstand, forklarte Maria Pia Miglietta til National Geographics.

Stille invasjon

Sidan oppdaginga av arten har Turritopsis halde på med ein stille invasjon av verdas hav. Hydromedusaen på berre 4,5 millimeter i diameter har fått haik med frakteskip som nyttar sjøvatn som ballast når dei ikkje fraktar gods.

Dyret er no observert ikkje berre i Middelhavet der Sommer først fann det, men også ved kysten av Panama, Spania, Florida og Japan. Hydromedusaen ser ut til å vekse og trivst over alt der han kjem.

Ifølgje Miglietta kan dyrets unike tilnærming til å møte motgang hjelpe det til spreie seg til andre hav.

Sjå video med forklaring på hydromedusaens livssyklus: