Hopp til innhold

Hardangervidda kan vere fleire hundre millionar år yngre enn tidlegare trudd

Ein ny norsk studie kastar om på etablert viten om danning av høgfjellsplatå verda over. – Meir må til for å overbevise tvilarane, kommenterer geolog.

Hardangervidda

Er høgfjellsplatå som Hardangervidda gammal havbotn som har heva seg, eller er dei skurt ned av isbrear? Ein ny studie tyder på det siste.

Foto: Ingrid Glette

Høgfjellsplatå som Hardangervidda kan vere slipt ned av isbrear under tidlege istider, noko som gjer dei svært mykje yngre enn det forskarane har trudd til no.

Dette kjem fram i ein ny Nature-publisert studie gjort av Vivi Pedersen ved Universitetet i Bergen og David Lundbek Egholm ved Århus Universitet.

– Resultata antyder eit paradigmeskifte innan geologisk forsking, seier professor Ritske Huismans ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen som leiar forskingsgruppa som Vivi Pedersen er ein del av.

Geolog Per Terje Osmundsen ved Norges Geologiske Undersøkelser, NGU, er derimot ikkje einig i at dette medfører eit paradigmeskifte.

– Resultata er interessante, men det er nok ein større kabal som skal gå opp før tvilarane er overbevist, seier Osmundsen til NRK.no.

Stridsspørsmål

En isbre

Datasimuleringar sannsynleggjer at dagens høgfjellsplatå kan vere danna av isbrear.

Geologi og geovitskapen er kjent for ei lang historie med vitskaplege debattar, som for eksempel den langvarige diskusjonen om kontinenta står i ro eller om dei er i drift. Akkurat den diskusjonen vart avgjort i favør av kontinentaldrift, som av mange er rekna som eit paradigmeskifte i geologien.

Også i dag er mange tema innan geologien gjenstand for mykje diskusjon, og eitt av stridspørsmåla er korleis høgfjellsplatåa har blitt danna.

Vivi Kathrine Pedersen

Vivi Kathrine Pedersen ved Universitetet i Bergen.

Foto: Universitetetet i Bergen

Den rådande oppfatninga blant geologar er at høgfjellsplatåa vart danna då dei låg nær havnivå for fleire hundre millionar år sidan, og at dei sidan har heva seg til dagens nivå.

Men nye studiar frå Universitetet i Bergen tyder altså på at dette kan vere feil.

Pedersen og Egholm byggjer på tidlegare studiar frå UiB som har vist at mengda av isbresediment på Noregs kontinentalsokkel er for stor til at det berre kan tilsvare utgravinga av fjordane.

– Dette betyr at isbreane også har fjerna materiale frå høgfjellsplatåa i Noreg. I min studie simulerer vi med avanserte datamodellar korleis isbreane gjer dette, seier Pedersen til NRK.no.

Uforklarleg landheving

Eit viktig problem for den rådande teorien, er kvifor og korleis høgfjellsplatåa skal ha heva seg til dagens høgde.

– Ein del av landhevinga kan forklarast med at landet har heva seg i takt med at isbreane har forsvunne, men størstedelen av hevinga har inga forklaring, fortel Pedersen.

Ifølgje den nye modellen for danninga av høgfjellsplatå har ikkje desse fjellplatåa vore nær havnivå, og med dette fell altså behovet for å forklare landheving bort.

Per Terje Osmundsen ved NGU meiner likevel det er sterke bevis for at slik landheving har skjedd.

– På Grønland og Svalbard, der liknande platå er skore ut i sedimentære bergartar, har ein vist at ei slik heving har skjedd. I utgangspunktet er det derfor ikkje noko i vegen for at store flater kan dannast ved havnivå og bli løfta opp slik det har blitt hevda, seier han.

Osmundsen fortel at nyare metodar for datering av geologiske hendingar er i rask utvikling, og at ein ønsker å bruke dei på høgfjellsplatåa.

Fram til det skjer, ser det ut til at diskusjonen framleis vil gå friskt i geologimiljøet på dette området.