– Gode moglegheiter for meteorittnefall

– Eksplosjonslydar gir gode moglegheiter for at steinar har falle ned, ifølgje Norsk meteornettverk.

Eldkule over Sogn og Fjordane

Eldkula fanga opp med kamera over Sogn og Fjordane.

Foto: Runar Sandnes

Heile to eldkuler på himmelen har vore observert over Sør-Noreg det siste døgnet. Den kraftigaste eldkula vart observert i går kveld klokka 20.18, og er sett frå Rogaland til Trøndelag.

Sjå videoen av eldkula som vart fanga opp på video av Runar Sandnes i Fjordane Astronettverk.

Likevel er det mest sannsynleg ingen samanheng mellom dei to hendingane seier pressekontakt Tor Aslesen i Norsk meteornettverk til NRK.no.

– Dette skuldast tilfeldigheiter og fint vêr, seier Aslesen.

– Slike hendingar skjer nok forholdsvis ofte, la oss seie ein gong i månaden. Men det er ikkje alltid dei blir observert, for eksempel kan det vere midt på dagen eller dårleg vêr.

Valdresområdet

– Vi har ikkje eksakt bane på eldkula, men det næraste vi kan peike mot er Valdres-området, seier Steinar Midtskogen i Norsk meteornettverk, ei gruppe fagfolk som har gått saman for å kartleggje meteorobservasjonar over Noreg.

Dette er basert på observasjonar om eldkule og eksplosjonslydar i dette området.

Midtskogen fortel at ut ifrå det dei veit i dag er leiteområdet på fleire hundre kvadratkilometer, noko som er altfor stort til å starte ei leiting i.

– Vi har rapportar frå heile Sør-Noreg, og mange fortel at dei har opplevd at noko har ramla ned i nærleiken.

Samtidig er det slik at ein kan bli lurt til å tru at eldkula er nærare enn ho er.

– Ofte ser det ut som noko som fell i nærleiken, bak ein ås eller liknande, men den er likevel gjerne eit par hundre kilometer unna, seier Midtskogen.

– Lyd er eit godt teikn

– Vi veit ikkje sikkert om noko har ramla ned, men det er godt mogleg. Lyd er eit godt teikn. Slike eldkuler blir gjerne sløkte 20–30 kilometer over bakken. Når den har overlevd så lenge som dette, er det gode moglegheiter for at noko har falt ned.

– Eksplosjonslyden kan høyrast 7–8 mil unna, ifølgje Midtskogen.

Norsk meteornettverk er interessert i observasjonar og bilete for å peile banen til meteoren nærare.

– Alle observasjonar er like gode for oss, men det er absolutt best med bilete. Det vi er interessert i kor det starta på himmelen og kva retning det gjekk, seier Tor Aslesen.

Lysstyrke og farge er også interessant, samt om ein har høyrt lydar, ifølgje Midtskogen og Aslesen.

  • Har du observasjonar om eldkula: meld frå her

Ønskjer landsdekkjande kameranettverk

Norsk meteornettverk har i dag 5 kamera som er sett opp til å registrere elkuler. Kameraa blir drifta og er sett opp av privatpersonar ulike stader i landet.

– Vi prøver no å organisere oss betre og få opp fleire kamera. Vi ønskjer eit landsdekkjande kameranettverk, og gjerne med betre biletkvalitet enn i dag.

– Opp mot 10 kamera hadde vore gunstig, med nokre på Austlandet og nokre på Vestlandet for å få god spreiing og fleire stader å peile frå, samt å auke sjansane for godt vêr, seier Midtskogen.

Hva skjer med Ikke gjør dette hjemme-huset i den siste episoden denne sesongen? Alle de foregående husene har endt i ett flammehav, så hva skjer denne gangen? Mens sprengstoffekspert Roar og kjemiker Morten slår seg sammen for å prøve å lage vann fra bunnen av, går programlederne Rune og Torfinn vitenskapelig til verks for å undersøke om banning hjelper mot fysisk smerte. (8:8)
Vi er "på nett" så å si hele døgnet. Vi tvittrer, snap'er, spiller, teller skritt, handler og søker etter nyheter. Denne aktiviteten overvåkes av aktører som samler inn enorme datamengder om oss. Det ligger store gevinster, men også viktige fremskritt i BIG DATA! (2:4)
Humor, livsstil og intelligens gir status hos menn - og damer faller for det. Marens gjenværende beilere viser fram nye sider når de skal prøve seg under panseret på en Volvo 240. (5:6)