NRK Meny
Normal

Her er verdas meteorittar funne

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Men dei aller fleste meteorittane blir aldri oppdaga. – Kvar dag fell det fleire tonn meteorittar ned på jorda, fortel norsk ekspert.

Basert på data frå the Meteoritical Society og karttenesta CartoDB har britiske The Guardian laga eit kart som viser alle verdas kjende funn av meteorittar og meteorittkrater.

  • Sjå kartet i full breidde her.

Meteorittekspert Rune S. Selbekk ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo fortel at det fell ned fleire tonn meteorittar på jorda kvar einaste dag, og det aller meste ramlar ned utan at nokon av oss legg merke til det.

–Jorda er jo to tredelar vatn, så vi kan rekne med at dei aller fleste meteorittane hamnar der og aldri blir funne, seier han.

Fleire krater i gamle bergartar

Rune S. Selbekk ved Naturhistorisk museum, UiO

Rune S. Selbekk ved Naturhistorisk museum i Oslo.

Foto: UiO

Alle stadar på jorda har i teorien like stor sannsynlegheit for å bli treft av ein meteor, men kartet viser er at meteorittane likevel har lettare for å bli funne på enkelte stader.

Meteorittar blir blant anna lettare oppdaga i område der det bur mange menneske. Men landskapet meteoritten landar i har også mykje å seie for om han blir oppdaga.

– I område med gamle bergartar har du fleire restar etter nedslag, fortel Rune S. Selbekk.

– I ein ørken der det er flatt og der ein meteoritt skil seg meir ut frå bakgrunnen er meteorittar også lettare å oppdage.

Meteorittjakt vanskeleg i Noreg

Noregs skogkledde landskap er derimot eit vanskeleg land for meteorittjegerar.

Meteorittkartet viser også berre beskjedne 15 meteorittnedslag og krater i Noreg. Men om talet ikkje er så mykje å skryte av, kan vi ta igjen i storleik med det gigantiske Mjølnir-krateret som ligg på botnen av Barentshavet.

Krateret som passande nok er kalla opp etter guden Tors øydeleggjande hammar er om lag 40 kilometer i diameter og skuldast ein meteoride som krasja på staden for sånn rundt 142 millionar år sidan.

Gardnoskrateret i Nes i Buskerud med fem kilometer i diameter er heller ikkje noko å kimse av.

Observerte eldkuler

Selbekk tipsar om at Oslo kanskje er den beste staden å leite etter meteorittar, etter nedslaget av den såkalla Grefsen-meteoritten i fjor.

– I tillegg er det observert fleire eldkuler over Noreg der det kan vere uoppdaga meteorittar å finne, fortel Selbekk.

Eldkuler er observert over Troms, Beitostølen og Telemark utan at nokon har klart å finne meteorittar her etterpå. Her kan det liggje skjulte skattar og vente på meteorittleitarar, sjølv om det også er mogleg at meteorane har brent heilt opp på veg inn i atmosfæren.

Norsk meteorittnettverk i oppstarten

Meteorittfunn

Liv Kibsgaard viser fram meteoritten ho fann på Ekebergsletta etter meteornedslaget i 2012.

Foto: Knut Erik Solhaug / NRK

For å fange opp fleire meteorittnedslag over Noreg er no eit norsk meteorittnettverk under oppstart. Ved å setje opp kamerastasjonar med 360 graders kamera omkring i landet vil ein kunne fange opp meteorittar som elles ikkje ville blitt sett.

– Meininga er at vi skal prøve å få dekt så mykje av landet som mogleg, fortel Selbekk. – Mange av meteorittane som fer over himmelen synest ganske lenge. Med ein fart på 10–70 kilometer i sekundet kan dei då ha tilbakelagt store distansar slik at det er mogleg for fleire kamera å observere dei.

Liknande ildkuleovervakingar som European Fireball Network har ført til funn av meteorittar som blant anna Neuschwanstein-meteoritten i 2002.

– Dette vil garantert gi større sjanse for å oppdage meteorittar, fortel Selbekk.