Amerikanske forskarar har tatt det første steget mot å kunne lage kunstige nyrer til bruk i transplantasjon.
Forskarar ved Massachusetts General Hospital laga ei rottenyre på laboratoriet, som produsere urin då ho vart transplantert inn i ei levande rotte. Dette skriv BBC.
Studien som er publisert i Nature Medicine viste rett nok at den kunstige nyra var mindre effektiv enn naturens eigen versjon, men forskarane meiner at metoden har stor potensial.
– Dette er eit svært viktig gjennombrot og eit oppløftande resultat, seier avdelingsleiar Pål-Dag Line ved Avdeling for transplantasjonsmedisin ved Oslo universitetssykehus til NRK.no.
- Les også:
- Les også:
Nyrene blir kalla blodets reinsestasjon. Dei skil ut og fjernar avfallsstoff gjennom urinen, samt held orden på væske og elektrolyttbalansen i kroppen vår. Biletet viser ei rottenyre etter at gamle celler er reinsa bort, og berre reisverket står att.
Foto: HANDOUT / NTB ScanpixBygde opp att nyra på nytt
Teknikken forskarane brukte var å reinse bort alle celler i ei eksisterande død rottenyre slik at det berre var att eit reisverk av bivoksliknande holrom. Deretter bygde forskarane opp nyra på nytt med nye rotteceller.
Då nyrene vart testa i laboratoriet hadde dei heile 23 prosent av urinproduksjonen til ei normal nyre.
Men då ei nyre vart transplantert inn i kroppen til ei rotte fall effektiviteten til nyra til 5 prosent.
– Ein nyrefunksjon på 10–15 prosent kan gjere deg uavhengig av dialyse. Det er ikkje slik at vi må gå heile vegen, seier Dr. Harald Ott til BBC.
Menneske som har defekte nyrer må reinse blodet med hjelp av dialyse eller få transplantert nye nyrer.
- Les også:
- Les også:
– Stort framskritt
– Denne studien viser at konseptet med å fjerne celler frå eit organ, for deretter å bruke bindevevsarkitekturen og pasientens eigne celler til å repopulere bindevevsskjeletettet synest å virke, seier Pål-Dag Line.
– At ein førebels ikkje oppnår fullverdig funksjon på nyra er ikkje så overraskande, det er truleg ei rekke mekanismar som må optimerast for å få tilnærma normal funksjon, seier transplantasjonslegen.
– Dersom forskarane lukkast i å nytte metoden på menneske vil det bety eit stort framskritt framfor dagens situasjon, ifølgje Line.
Sidan cellene i nyra vil vere pasientens eigne vil pasientar sleppe å bruke immunhemmande medisinar resten av livet.
Samtidig vil det auke mengda nyrer som er tilgjengelege for transplantasjon, sidan alt som trengst er skalet av ei nyre.
I USA står heile 100 000 pasientar på venteliste for ei ny nyre. Noreg har den beste dekkinga med omsyn på nyretransplantasjonar i verda, med ei gjennomsnittleg ventetid på 8–10 månader. Men behovet for nyrer til transplantasjon er aukande også i Noreg.
– Ei rekke pasientar som er transplantert tidlegare og treng ei ny nyre har antistoff mot mange vevstypar og får derfor betydeleg lengre ventetid. Denne gruppa ville fått ein heilt annan situasjon dersom ein kunne tilby denne teknologien, seier Pål-Dag Line.
Langt att til transplantasjon hos menneske
Sjølv om forskarane har klart å lage kunstige rottenyrer, er det enno langt att til vi får laboratoriedyrka menneskenyrer.
Foto: HANDOUT / NTB ScanpixForskarane understrekar at det er langt att før ei kunstig nyre kan bli transplantert inn i kroppen til eit menneske.
Ei menneskenyre er svært mykje større enn ei rottenyre, noko som er eit problem i seg sjølv. Det er vanskelegare å få cellene fram til rett stad i eit større organ.
Teknikken må også bli forbetra slik at større delar av nyrefunksjonen kan bli retta opp att, og forskarane må også kunne vise at nyrene kan fungere over lenger tid.