NRK Meny
Normal

Flaggermus jaktar med superraske musklar

Superraske musklar er hemmelegheita bak flaggermusas jaktteknikk viser dansk forsking. Dette er første gong forskarar finn slike musklar hos pattedyr.

Flaggermus på jakt

Ei flaggermus på jakt kan sende ut over 160 skrik i sekundet. Dette får ho til ved hjelp av superraske musklar i strupen.

Foto: colourbox.com

Coen Elemans

Biolog Coen Elemans ved Syddanske universitet.

Foto: Syddanske universitet

Forskaren Coen Elemans og hans kollegaer ved Syddanske universitet har funne superraske musklar i strupen på flaggermus.

Desse musklane gjer flaggermusa i stand til jakte på byttedyr ved ekkolokalisering, som går ut på å sende ut skrik og nytte ekkoet ho får tilbake til å få informasjon om kvar byttet er.

Funnet er publisert i tidsskriftet Science.

160 skrik i sekundet

Flaggermus kan sende ut over 160 skrik i sekundet i siste fase av fanging av byttet.

Dette er om lag tretti gongar raskare enn du og eg kan blunke.

Dei raske skrika gir flaggermusa ein fordel i jaktsituasjon.

Torfinn Ørmen

Zoolog Torfinn Ørmen ved Universitetet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

– I staden for å få tilbake eit utydeleg ekkobilete, får ho tilbake små, diskrete ekko. Det gjer det mykje lettare å danne eit tydeleg bilete, seier biolog Torfinn Ørmen ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Flaggermusa jaktar på insekt som er veldig små, då er det nødvendig med raske lydar for å lokalisere dei, seier Ørmen.

Første døme frå pattedyr

Superraske musklar skil seg frå andre musklar ved at dei kan trekkje seg saman og slappe av mykje raskare enn det ”vanlege” musklar kan.

Frå før er det kjent at songen hos ein del songfuglar, parringsspelet hos paddefiskar, og raslinga hos klapparslangar skuldast superraske musklar.

Men dette er altså første gong at slike superraske musklar er funne hos pattedyr.

Den raskaste muskelen hos oss menneske skal vere musklane i augeloket som er involvert når vi blunkar. Vi kan blunke opptil 5 gonger i sekundet.

Stimulerte musklar elektrisk

Forskarane kom til dette resultatet ved å studere jaktande flaggermus i ei eksperimentkasse, og ved å studere muskelfibrar som var fjerna frå strupen til flaggermus.

Når dei stimulerte muskelfibrane med elektrisitet, fann dei at musklane kunne røre seg opptil 180 gonger i sekundet.

Dette er akkurat så raskt som flaggermusa skrik i siste fase av ei jakt.

Ikkje tilfeldig

Det at svært ulike artar har utvikla same muskeltypar verkar som eit merkeleg slumpetreff. Men det er det ikkje i følgje biolog Ørmen ved UiO.

– Same behov gir same resultat utviklingsmessig. Dette ser vi blant anna også på utvikling av forma hos fisk og delfinar, seier Ørmen.

Forskarane ved Syddanske universitet ønskjer no å samanlikne arvematerialet til ulike dyr som har superraske musklar, for å finne ut kvar og når i historia desse musklane utvikla seg.