Hopp til innhold

Flaggermus-sensasjon i gammal gruve på Grua

Børsteflaggermus vart sist sett i ein kjellaroppgang på Majorstua i 1961. Nå er den funne på Hadeland.

Sjelden flaggermus

Heilt oppunder taket i ei gruve heng denne luringen. Forskarane vil nå finne ut om det er eit streifdyr eller om det er ein bestand på Hadeland.

Foto: Geir Randby / NRK

På Nyseterhøgda på Grua i Lunner har det ikkje vore gruvedrift sidan 1927, men likevel er det stor aktivitet i gruvegangane. Nyleg vart det funne ei svært sjeldan børsteflaggermus nettopp her.

– Den har tidlegare vorte sett berre tre gonger her i landet. Sist den vart sett var i ein trappeoppgang på Majorstua i 1961, seier Jeroen van der Kooij i Norsk zoologisk forening .

Les også: Flagger ut

Les også: Flaggermus - hvor mange er de?

Har leita i 15 år

Han har leita seg gjennom over 100 gruver dei siste 15 åra for å prøve å finne den svært sjeldne flaggermusa.

Les meir om børsteflaggermusa på zoologi.no.

– For å finne den må du ha ei god lommelykt, hjelm og svært godt tolmod, seier van der Kooij.

Og til slutt vart tolmodet belønna med funn, heilt oppunder taket i gruvene på Grua.

Video nsps_upload_2010_3_17_18_46_34_950.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Lang kvile

– Nå er den heilt stille fordi den er i dvale. Den er i dvale i 7-8 månader før den vaknar att i slutten av april eller byrjinga av mai, seier van der Kooij.

Nå vil zoologane halde fram leitinga etter fleire børsteflaggermus i området.

– Dette kan vere eit streifdyr frå Sverige, men vi vil følgje med og leite for å finne ut om det er ein bestand her på Hadeland, seier zoolog Jeroen van der Kooij.

Jeroen van der Kooij

- Dette funnet er verdt å feire, seier Jeroen van der Kooij i Norsk zoologisk forening. Han kallar det ein sensasjon.

Foto: Geir Randby / NRK