Hopp til innhold

Nyttar tarmbakteriar til å lage edderkoppsilke

Laboratorieframstilt spindelvev kan bli nyttig i medisin, trur svenske forskarar.

Skum av spindelvevprotein

Dette skummet er laga av spindelvev-protein som er dyrka i laboratoriet.

Foto: Sarah Amandusson

Svenske forskarar har utvikla ein metode for å utvinne edderkoppsilke ved hjelp av bakteriar.

Materialet kan blant anna nyttast til å lege sår eller reparere skadde nervar, håpar forskarane.

–Det er faktisk vist at edderkopptråd kan erstatte skada delar av nervetrådar, og få nerve-endane til å finne tilbake til kvarandre igjen, seier Anna Rising til NRK.no.

E. coli-bakteriar

Euprosthenops australis

Eit gen frå edderkoppen Euprosthenops australis er utgangspunktet for det laboratoriedyrka spindelvevproteinet.

Foto: Anna Rising

Fibrane i edderkoppsilke er det sterkaste materialet vi kjenner til. Men det er inga lett sak å hauste materialet frå edderkoppar. Forskarar over heile verda har derfor sett på ulike måtar å framstille edderkoppsilke på.

Anna Rising frå Karolinska Institutet i Stockholm og hennar kollegaer har putta ein bit av eit spindelvev-gen inn i i E. coli-bakteriar, slik at bakteriane produserer spindelvevproteinet for forskarane.

Ved å slå sund bakteriane og reinse innhaldet får forskarane tak i spindelvevproteinet i væskeform.

Mens overgangen frå flytande til fiber hos edderkoppen skjer med ein gong fiberen forlet kroppen, skjer omvandlinga i laboratoriet først etter nokre timar når proteina klumpar seg saman og blir spontant til fibrar.

Sjå video som viser korleis forskarane dyrkar fram edderkoppsilke i laboratoriet:

Schrödingers katt-innslag om at svenske forskarar bruker tarmbakteriar til å produsere edderkoppfiber til bruk i medisin.

Dyrking av stamceller

–Og vi lagar ikkje berre fibrar, men også skum og film av proteina, seier Anna Rising.

Rising og teamet hennar har blant anna vist at skum av spindelvevfiber kan vere nyttig for å dyrke fram nerveceller frå stamceller.

Slike stamceller treng eit biologisk underlag for å vekse. I dag bruker ein ofte protein frå andre dyr, men på grunn av smitterisiko kan ikkje stamceller dyrka på slike underlag nyttast på menneske.

–Vi veit ikkje kvifor nevrale stamceller fester seg og trivst på edderkopptråd. Vi gjettar på at det er noko i aminosyresekvensen som dei kjenner igjen og fester seg til, seier Rising til NRK.no.

–Vårt material derimot er produsert av bakteriar og vi veit nøyaktig kva det inneheld. Ein annan fordel er at materialet er såpass stabilt at cellene på materialet kan flyttast frå skåla og til dømes inn i ein pasient, seier Rising.

Spindelvelprotein er enno ikkje testa ut i menneskekroppar, men studiar viser at rotter toler materialet godt, og at det blir brote ned i kroppen.

Forskarane er no i ferd med å skalere opp produksjonen av edderkoppfibrar gjennom selskapet Spiber Technologies.

Sjå heile innslaget i Schrödingers katt torsdag 12. september kl. 19.45 på NRK1.

Spindelvevfibrar produsert i laboratoriet

Spindelvevfibrar produsert i laboratoriet.

Foto: Sarah Amandusson