NRK Meny
Normal

Verdas sterkaste edderkoppnett

Eit forskingsteam har funne verdas sterkaste biologiske materiale i tråden til ein nyoppdaga edderkopp i regnskogen i Madagascar.

Darwin's bark spider

Nettet til den nyoppdaga edderkoppen Darwins bark-edderkopp kan strekkje seg over 25 meter.

Foto: Lalueza-Fox, C

I regnskogen på Madagascar lever ein edderkopp som har spesialisert seg på å fange insekt over vatn. Nettet til den nyoppdaga edderkoppen kan strekke seg frå elvebredd til elvebredd i opptil 25 meter, og sjølve fangstnettet til edderkoppen kan ha eit areal på opptil 2,8 kvadratmeter.

Med dette har edderkoppen tatt verdsrekorden i største edderkoppnett produsert av ein einsleg edderkopp.

Darwins bark-edderkopp (Caerostris darwini) var ukjent for vitskapen til den vart oppdaga i 2008 av biologane Matjaz Kuntner ved det slovenske akademiet for vitskap og kunst og Ingi Angarsson ved Universitet i Puerto Rico i USA .

Den nye edderkopparten er skildra i det siste nummeret av Journal of Arachnology.

Darwins bark-edderkopp har fått namnet etter naturforskaren Charles Darwin, då arten vart oppdaga nøyaktig 200 år etter Darwins fødsel, og 150 år etter at hans bok On the Origin of Species kom ut.

Ti gonger sterkare enn Kevlar

Saman med kollega Todd A. Blackledge ved Universitetet i Akron i Ohio har Agnarsson og Kuntner studert edderkoppsilken til C. darwini.

Forskarane fanga inn hoedderkoppar av arten, og lot edderkoppane spinne nett i eit drivhus. Trådar frå netta vart så hausta inn, og materialeigenskapane til fiberen vart testa.

Tråden til Darwins barkedderkopp viste seg å vere dobbelt så sterk som tidlegare kjente edderkoppfibrar, og 10 gongar sterkare enn den syntetiske edderkoppfiberen Kevlar.

Materialet er dermed det sterkaste biologiske materiale vi veit om.

Studien er publisert i tidsskriftet PLoS One.

Har utvikla seg side om side

Forskarane trur at den ekstreme edderkoppnett-arkitekturen og eigenskapane til silken utvikla seg side om side.

–Forfedrene til C. darwini klarte å kapre ei ny nisje gjennom ein kombinasjon av ny byggjeåtferd og nye silkekvalitetar, seier zoolog Agnarsson i ei pressemelding.

–Arten kan bli ein modell for studiar i evolusjonsbiologi, og difor er oppgjenkallinga etter Charles Darwin svært passande, seier Kuntner.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.