Hopp til innhold

Dinosaurane var varmblodige

– Spikaren i kista for teoriar om at dinosaurar var kaldblodige, seier norsk forskar bak omfattande studie.

Dinosaur

Ein studie av 'årringar' i skjelett tyder på at dinosaurar ikkje var kaldblodige som dagens krypdyr.

Foto: Julius Csotonyi

Paleontologar har lenge diskutert om dinosaurane hadde ein fysiologi som minna om krypdyr som slangar og øgler eller om dei likna meir på varmblodige pattedyr.

Ein ny omfattande studie vippar no vektskåla meir over på sida for at dinosaurane var varmblodige som deg og meg.

Den norske forskaren Ronny Aanes ved Norsk Polarinstitutt og Center for Conservation Biology ved NTNU er medforfattar på studien som er publisert i tidsskriftet Nature.

Årringar i skjelettet

Mørke ringar i tverrsnittet til bein som minner om årringar hos tre har vore rekna som ein indikasjon for at dinosaurar hadde ein fysiologi som minna meir om dagens kaldblodige krypdyr.

Slike ringar i skjelettet, såkalla «lines of arrested growth», LAGs, er funne hos dinosaurar, samt også i dyr som øgler og krokodiller som har kroppstemperatur som blir regulert av omgivnadene. Fram til no har det vore få studiar av LAGs hos varmblodige pattedyr.

Stoppen i vekstlinjer markerer ein årleg nedgang i vekst knytt til kald eller tørr sesong der ressursane er avgrensa.

Tverrsnitt av bein

Tverrsnitt av bein med mørke linjer som markerer stopp i vekst.

Foto: Meike Köhler, ICP

– Viktig artikkel

– Dette er ein viktig og god artikkel, seier paleontolog Jørn Hurum til NRK.no.

– Fleire forskarar har gjort merksam på LAGs hos pattedyr, meg sjølv inkludert, men dette er spreidd i litteraturen. Her er det for første gong gjort ein skikkeleg oversikt over dette for ei gruppe pattedyr.

Men han meiner likevel ikkje dette er avgjerande for spørsmålet om dinosaurars fysiologi:

– LAGs har ikkje vore sett på som eit sikkert varemerke for kaldblodigheit på lenge, det var ein 1980-tals teori. Moglegheita for å justere vekst etter tilgang på mat og årstider er meir vanleg hos pattedyr enn det ein trudde tidlegare, og er eit gammalt trekk arva frå våre krypdyrforfedre, seier Hurum.

Han fortel at den rådande oppfatninga hos dinosaurforskarar er at rovdinosaurar og mange avanserte planteetarar var nokolunde jamnvarme, noko som ikkje er heilt det same som pattedyras fysiologi.

Studien gjer at også dei dinosaurane som ofte har LAGs, som ein del langhalsar og meir primitive planteetande dinosaurar, ikkje behøver å vere kaldblodige, seier Hurum.

Artar frå Svalbard til Sør-Afrika

Studien som er publisert i Nature har forskarar ved Institut Català de Paleontologi (ICP) i samarbeid med Aanes frå CCB og Polarinstituttet er den mest omfattande undersøkinga av vekstlinjer hos pattedyr til no.

– Tidlegare har ingen sett dette i samanheng. I denne studien har vi eit stort materiale som dekker nesten alle breiddegrader og klimatiske soner, fortel Aanes.

Det er gjort undersøkingar av 41 ulike artar pattedyr frå 36 lokalitetar frå Sør-Afrika i sør til Svalbard i Nord.

Gjennom alle klimatiske soner fann forskarane det same mønsteret av stopp i vekstlinjer.

– Dette viser at dinosaurar har dei same linjene som varmblodige drøvtyggjarar har, og dette bør sette spikaren i kista for teoriar om at dinosaurane var kaldblodige, seier Aanes.

Forskarane valde å konsentrere seg om drøvtyggjarar fordi desse geografisk finst tilgjengeleg over alt, og samtidig varierer dei svært i storleik, frå pygmeantilopen på 3,4 kilo til meir tyngre slektningar med vekt opptil 900 kilo.

Kan fortelje om klimaendringar

Flokk med svalbardrein beiter

Studiar av bein frå drøvtyggjarar frå Svalbard i nord til Sør-Afrika i sør viser at

Foto: Ronny Aanes, Norsk Polarinstitutt

Bortsett frå å medverke til ein diskusjon om dinosaurars fysiologi ser forskarane no for seg store moglegheiter for å nytte metoden på heilt andre område.

Aanes fortel at forskarane ved Center for Conservation Biology ved NTNU og ICP i Spania ønskjer å nytte skjelett-årringane til å til å sjå på effekten av klimaendringar hos dyr.

Vekstlinjene i skjelettmateriale frå dyr som har levd opp gjennom historia kan fortelje historier om tidlegare tiders klima.

– Gjennom denne metoden har vi moglegheit til å sjå på langtids klimaendringar og effektar av dei på dyr som varer lenger i tid enn eit forskars liv, seier Aanes.