NRK Meny
Normal

Curiosity har tatt sin første smaksprøve av Mars

Roveren skal analysere prøven for mineralar. Undersøkingane kan vere med på å fortelje om liv har vore mulig på Mars.

Spadetak på Mars

Tre små groper i sanden på Mars viser kvar Curiosity har tatt jafsar av overflata.

Foto: NASA/JPL-Caltech/MSSS

NASAs rover, Curiosity, har nyleg slukt sin aller første sandprøve frå Mars. Om lag 20 gram sand er skuffa opp frå ei sanddyne og sendt inn i robotkroppen for analyse i kjemi- og mineral-instrumentet CheMin.

Instrumentet er eitt av ti høgteknologiske instrument på Curiositys som skal nyttast til å utforske marsoverflata. Undersøkingane som marsroboten gjer kan fortelje om det har vore grunnlag for liv tidlegare i planetens geologiske fortid.

For Curiosity-teamet er det ein milepæl at dei har tatt i bruk CheMin for første gong.

– Vi har kryssa ein viktig terskel når vi no nyttar CheMin på den første prøven, seier John Grotzinger frå California Institute of Technology i Pasadena i ei pressemelding frå NASA.

– Dette instrumentet gir oss ein betre metode for å identifisere mineral enn vi nokonsinne har hatt på Mars tidlegare, nemleg ved røntgendiffraksjon. Det er viktig å identifisere minerala riktig fordi minerala fortel om kva tilhøve dei vart til under, fortel Grotzinger.

Sjå ein video frå NASA om korleis prøvetakinga skjer:

Oppdaga lys flekk i sanden

Sandprøven som er på storleiken med ein parasett, vart skuffa opp med ei slags skei ytst på Curiositys robotarm.

Roveren måtte ta fleire spadetak før forskarane ved kontrollsenteret på jorda var nøgde med prøvematerialet.

I sandgropa etter det andre spadetaket oppdaga forskarane ein merkeleg lys partikkel, som dei mistenkte kunne vere ein bit skrap frå roveren. Dei har også tidlegare oppdaga ein del frå roboten på bakken.

For å vere på den sikre sida, kasserte forskarane derfor denne prøven, og gav Curiosity beskjed om å ta ein ny, rein prøve av bakken.

Lys flekk i grop på Mars

Lys flekk i Mars-sand som Curiosityteamet først mistenkte for å vere skrapdel frå Curisosity. No trur vitskapsfolka at det mest sannsynleg dreier seg om naturleg Mars-materiale.

Foto: NASA/JPL-Caltech/MSSS

Tar snart fram drillen

Curiosity er no over 70 dagar ut i Mars-oppdraget som skal vare i til saman to år.

Roveren har bevegd seg nokre hundre meter frå staden der han landa 5 august, og er no i eit område kalla Rocknest.

Denne staden er valt fordi han har fine vindblåste sanddyner, som blant anna eignar seg til å studere med CheMin-instrumentet.

I dei neste 2-3-vekene skal marsroveren halde fram med å ta sandprøvar. Deretter vil roboten bevege seg til eit område med harde bergartar.

Der vil roveren for første gong ta fram drillen sin.