No kan du sjå Marslandinga i HD

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

For første gong kan du sjå heile nedstiginga i super biletkvalitet.

Filmskaparen Daniel Luke Fitch har sett saman ein rålekker video som viser Curiositys landing på Mars 6 august i HD-kvalitet. Dette skriv Teknofil.no.

Fitch har nytta råmateriale frå NASA til å lage den 50 sekund lange videoen som får deg til å føle at du er om bord i Curiosity i det han rasar ned mot overflata på den raude planeten.

Råbileta er sett saman til ein tidsforkorta video (timelapse), deretter har filmskaparen fargekorrigert, tatt bort støy og gjort biletet litt skarpare. Resultatet er ein fantastisk klar video som må nytast i full skjerm.

Curiositys varmeskjold går av under Mars-landing

Her går varmeskjoldet til Curiosity av og fell mot bakken i eitt av råbileta i full oppløysing som er grunnlag for videoen.

Foto: NASA/JPL-Caltech/Malin Space Science Systems

Krasjlanding

Under landinga tok Curiostys Mars Descent Imager (MARDI)-kamera fem bilete i sekundet med oppløysinga 1600x1200 pikslar.

NASA friga raskt ein lågoppløyseleg film som viste Curiositys landing, mens bileta i full oppløysing naturleg nok har tatt lenger tid å laste opp.

Då Fitch laga videoen stod det berre att om lag eit dusin høgoppløyselege bilete som enno ikkje var lasta opp frå roveren. Dei som mangla har filmskaparen erstatta med tilgjengelege bilete i låg oppløysing.

Fitch opplyser på Youtube at videoen speler 15 bilete i sekundet, noko som betyr at landinga i videoen går tre gongar raskare enn i verkelegheita.

Varmeskjoldets krasjlanding mot bakken er så vidt synleg 0,21 sekund ut i videoen, og filmskaparen viser nedslaget om igjen i sakte film heilt på slutten av filmen.

Fullført første ferd

Roveren Curiosity er no inne i sin 16. dag på den raude planeten (Sol 16), og har nyleg fullført si første vellukka ferd på Mars i ein køyretur som varte 16 minutt.

Ferda var riktig nok ikkje særleg omfattande, firhjulingen køyrde først fire meter framover, før han tok ein høgresving på 90 grader og køyrde nokre få meter bakover.

Dermed hamna roveren rundt seks meter frå punktet der han landa for 16 dagar sidan, fortel NASA i ei kunngjering.

Curiositys første køyretur på Mars

Dette 360-gradars panoramabiletet viser hjulspora etter Curiositys første køyretur på Marsoverflata.

Foto: NASA / NTB/Scanpix

– Mobiliteten i køyretyet fungerer fullt ut, og vi har mykje spennande utforsking framfor oss, seier Matt Haverly ved NASAs Jet Propulsion Laboratory (JPS).

Dagens vesle køyretur er del av fleire testar NASAs nyaste utsending må utføre før han tar fatt på Marsoppdraget for fullt.

– Curiosity er eit mykje meir komplekst køyrety enn nokre av dei tidlegare Marsroverane. Testinga vi utfører desse første vekene av oppdraget skal leggje viktig grunnlag for å styre vår dyrebare nasjonale ressurs med passande forsiktigheit, seier leiaren av Curiosity-teamet, Pete Theisinger.