Hopp til innhold

Uvurderlege afrikanske skrifter kan ha gått tapt

Norsk forskar er bekymra for Timbuktus manuskriptsamling etter at islamistar sette bibliotek i brann.

MALI-CONFLICT

Innbyggarar ser gjennom eldgamle manuskript i Ahmed Baba Centre for Documentation and Research i Timbuktu etter at islamistar flykta frå byen.

Foto: ERIC FEFERBERG / NTB/Scanpix

Lagnaden til ei av Afrikas største dokumentsamlingar er ukjent etter at opprørar sette fyr på Timbuktus nybygde biblioteket Ahmed Baba-instituttet, før dei flykta frå franske styrker.

Biblioteket som er bygd og finansiert av Sør-Afrika, husa mange tusen afrikanske manuskript som blant anna skriv seg tilbake til Timbuktus stordomstid på 1500-talet.

Førsteamanuensis Albrecht Hofheinz ved Universitetet i Oslo seier til NRK.no at han er bekymra for dokumenta i Timbuktu.

– Timbuktu har vore det leiande senteret for islamsk vitskap over mange undreår, og har ei av dei største samlingane for arabiske handskrifter i denne regionen, seier han.

– Ikkje i tilstanden dei skal vere

Byen Timbuktu vart tatt av opprørarane allereie i april i fjor, og dei tilsette ved biblioteket flykta då til Malis hovudstad Bamako. Sidan den tid har lagnaden til afrikanske skrifter som har overlevd i århundrar meir eller mindre vore i hendene på islamistiske opprørarar.

Albrecht Hofheinz var involvert i prosjektet Timbuktu Manuscripts Project som vart avslutta i 2008. Prosjektet hadde som mål å bevare og forbetre tilgang til den uvurderleg kulturarven som finst i manuskriptsamlingar i Timbuktu-området. Digitalisering av skriftene var del av prosjektet.

– Sjølv om alle manuskripta ved eit under skulle vere bevart, er dei ikkje i den tilstanden dei skal vere. Dei kan vere tekne ifrå kvarandre eller tekne ut av oppbevaringsboksane dei skulle vore i. Berre det å flytte dei kan vere øydeleggjande, seier Hofheinz.

Han har forsøkt å ringe kjelder i Timbuktu, men har ikkje fått svar. For tida er det berre mogleg å få kontakt med personar i byen på satellittelefon.

– Kor mange manuskript som er berørt veit ein ikkje enno. Det står att å sjå, seier Hofheinz.

Islamske manuskript i Timbuktu

Alhousseini Ould Alfadrou, 16, syng vers frå eit gammalt islamsk manuskript i Timbuktu.

Foto: Ben Curtis / NTB/Scanpix

Rettsvitskap og medisin

Blant manuskripta finst det blant anna skrifter om islamsk rettsvitskap, medisin og historie.

– Dette er fryktelege nyheiter. Manuskripta er ikkje berre ein del av Malis kulturarv, men tilhøyrer også verdas kulturarv. Ved å øydeleggje dei truar dei verda. Vi må drepe alle rebellar i nord, sa Timbuktus ordførarar Hallé Ousmani Cissé til The Guardian.

Ifølgje Hofheinz er dei aller fleste manuskripta i Timbuktu enno ukatalogisert, og ein veit ikkje kva dei inneheld.

I løpet av månadene som har gått sidan islamistane tok kontroll over byen skal tilsette på både det statlege biblioteket og private bibliotek i Timbuktu ha prøvd å gøyme unna dokument og harddiskar med digitaliserte manuskript.

– Viss dei no er smugla ut av byen er dei spreidd om kring, og må samlast igjen. Det kan godt hende at nokre av desse manuskripta også har blitt skada. Ein annan fare er at rebellane kan ha tatt med seg manuskript for å selje dei på den ulovlege marknaden, seier Hofheinz.

Av politiske grunnar har både harddiskar og sikkerheitskopiar for digitaliserte manuskript vore lagra i Timbuktu.