Hopp til innhold

– Vin betre enn mosjon

Ei ny undersøking frå Sverige viser at langvarig inntak av vin minskar farlig kolesterol meir enn vektnedgang og mosjon, og nesten like mykje som medisinar.

HONGKONG/

Fleire studier tyder på at vin kan vere bra for helsa vår. Er det snart på tide at vin inngår i generelle kosthaldsråd?

Foto: VICTOR FRAILE / REUTERS

Professor Fredrik Nystrøm ved Linkjøping universitet

Motivet til forskningsleiar Fredrik Nyström er at helseråda myndigheitene gir oss ikkje er vitenskapelege nok.

Foto: Linkjøping universitet

I ei undersøking leia av professor Fredrik Nyström ved Linkjøping universitet vart 45 deltakarar i alderen 25 til 35 delt inn i to grupper, der ei kontrollgruppe ikkje fekk drikke i det heile tatt i løpet av tre månader, medan deltakarane i den andre gruppa drakk vin dagleg – 1,5 desiliter til kvinnene og 3 desiliter til mennene.

I løpet av perioden vart det tatt prøver på blant anna lever, blodfeitt og total feittmengde i kroppen.

Forbausande resultat

Resultata forbausa Fredrik Nyström sjølv.

- At blodfeittverdiane vart så pass mykje betre hadde vi ikkje venta oss, seier Nystrøm til Aftonbladet.

Det farlege kolesterolet sank med 15 prosent hos vindrikkarane samanlikna med kontrollgruppa som ikkje drakk vin.

Dette gjer vin nesten like effektivt som statinar, medisinen som vanligvis brukast mot for høge verdiar av kolesterol.

Høgt kolesterol er ein av dei viktigaste risikofaktorane for hjarte- og karsjukdom.

I og med at Nyström og hans kollegaer fann så mykje mindre farlig kolesterol hos gruppa som inntok vin jamleg, konkluderer Nyström med at moderat inntak av vin minskar risiko for hjarte-og karsjukdom.

Vin også bra for hjernen

Nyströms studie er langt frå den einaste studien som viser at alkohol kan ha positiv innverknad på helsa.

Nyleg vart det også publisert ein studie frå Tromsø som viste ein klar samanheng mellom eit moderat alkoholkonsum og betre kognitiv funksjon.

Farleg å trekke allmenne konklusjonar

Kristina Kjærheim

Overlege Kristina Kjærheim ved Kreftregisteret synest det er farleg å basere helseråd på resultat av ein begrensa studie.

Foto: Kreftregisteret

Overlege Kristina Kjærheim ved Kreftregisteret vil likevel ikkje at ein skal gå ut med råd til befolkninga om å drikke eit glas vin om dagen.

–Det er meir enn 100 studiar på mange millionar kvinner som viser at for eksempel brykstreftrisiko aukar jamt med eit aukande alkoholkonsum. Eg ville aldri gått ut med den typen råd, seier Kjærheim til NRK.

- Eg synest det er farleg å trekke altfor allmenne konklusjonar om levereglar eller helseråd til befolkning ut frå ei sånn begrensa undersøking både i omfang og i tid, seier Kjærheim.

36 flasker vin på 3 månader

Svenske John Sandberg er ein av forsøkskaninane i Nyströms undersøking. På tre månader drakk han 36 flasker vin.

I klippet frå Schrödingers katt kan du sjå korleis det gjekk med Sandberg og dei andre deltakarane i Nyströms undersøking:

Video Vin-katta-web-090910