2013 på god veg til å bli blant ti varmaste år

Fleire tropiske stormar i det vestlege Stillehavet og varmerekord i Australia. Dette er status for klimaet i 2013.

AUSTRALIA

Soloppgang ved kysten av Sydney ein varm sommardag.

Foto: WILL BURGESS / NTB/Carlsen

2013 er på veg til å bli blant dei ti varmaste åra sidan målingane starta i 1850, ifølgje Verdas meteorologiorganisasjon, WMO.

I dag la organisasjonen fram ei førebels kunngjering av status for det globale klimaet på FNs klimakonferanse, COP19, i Warszawa.

  • Sjå pressekonferansen her

Januar til september 2013 hadde ein global temperatur over land og hav som var 0,48 grader over gjennomsnittet for åra 1961 til 1990, ifølgje WMO.

WMO-kunngjeringa gir eit augeblikksbilete av regionale og nasjonale temperaturar, samt detaljar om nedbør, flaumar, tørke-episodar, tropiske orkanar, isutbreiing og havnivå. Kunngjeringa er lagt fram som kunnskapsgrunnlag for deltakarane på FNs klimakonferanse.

Oppsummeringa er berre førebels fordi ein berre har data for dei ni første månadane av 2013. Den endelege kunngjeringa kjem i mars.

Fleire tropiske orkanar over Stillehavet

Mens det globale talet på tropiske orkanar i 2013 ligg omtrent på gjennomsnittet for åra 1981-2010, har det vore fleire stormar over Stillehavet enn normalt.

Førebels er det registrert 30 stormar i Western North Pacific, som er det området av Stillehavet der ein også finn Filippinane. Dette er litt over gjennomsnittet på 26 stormar i året i dette området dei siste 30 åra (1981-2010).

Tyfonsesongen er ikkje over før i slutten av november, så dette talet kan bli høgare, minna WMO-talsmann Jerry Lengoasa om på dagens pressekonferanse.

Hayan (Yolanda) er den kraftigaste og siste av desse 30 stormane, med vindhastigheiter på opptil 250 kilometer i timen og medfølgjande høge bølgjer då orkanen trefte land.

Den delen av Stillehavet som opplevde Hayan er også det området som har opplevd størst auke i havnivå.

Mens havnivået globalt har auka med 10 centimeter i perioden 1950 til 2010, har området rundt Filippinane hatt ei auke på 35 centimeter, ifølgje WMO.

–Sjølv om vi ikkje kan lenke enkelt-orkanar direkte til klimaendringar, ser vi allereie at auka havnivå gjer befolkning i kystområde meir sårbare for stormbølgjer. Dette såg vi dei tragiske konsekvensane av i Filippinane, sa generalsekretær Michel Jarraud i WMO i ei pressemelding.

Klimaforskinga har ikkje funne ein klar samanheng mellom klimaendringar og tropiske orkanar, men det er venta at stormane vil få større følgjer, ifølgje Jarraud.

Tropiske orkanar oppstår og blir drive av varmt havvatn som dei oppstår over.

Regionale varmerekordar

I løpet av dei ni første månadane i året har dei fleste av verdas landområde opplevd temperaturar høgare enn gjennomsnittet, mens det har vore kaldare enn normalt i nokre regionar.

Australia har i år opplevd den varmaste sommaren sidan målingane starta i 1910. Januar 2013 var den varmaste månaden nokosinne, med ein nasjonal maksimal gjennomsnittstemperatur på 40,3 grader.

Landet fekk også den høgaste temperaturmålinga sidan 1960, med 49,6 grader celsius i Moomba i det sørlege Australia den 7. januar.

Også resten av året har australiarane opplevd temperaturar over gjennomsnittet, og perioden frå november 2012 til oktober 2013 er den varmaste 12-månadersperioden som er registrert på kontinentet.

[Artikkelen har blitt retta 15/11 på følgjande to punkt: Januar til september (ikkje desember) 2013 hadde ein global temperatur over land og hav som var 0,48 grader over gjennomsnittet for åra 1961 til 1990, ifølgje WMO. Årets måling på 49,6 grader celsius er ikkje temperaturrekord for Australia. Den høgste registrerte temperaturmålinga i Australia er 50,7 grader.]