Jenta leikar
Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Kampen om matfatet

Medan millionar av menneske kjempar for å få mat, kjøper Noreg seg ut av krisa.

I leilegheita i Nairobi i Kenya leikar Gorgian. Men magen hennar rumlar.

Mamma og pappa er lærarar. Dei bur i bustadblokk utanfor slummen.

Sjølv med to normalt gode jobbar strekk ikkje pengane til.

For prisen på mat har gått kraftig opp. Akkurat slik som i Noreg.

Då må foreldra knipe inn. Frå tre til to måltid per dag.

– Vi har berre mjøl i skapet no. Vi brukte å ha eit lager med mat. No har vi ikkje råd til å fylle opp, seier mamma Lourine Asango.

Mor i Nairobi
Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Matkrisa vi kjøper oss ut av

Vi i Noreg merkar at maten er blitt ein god del dyrare. Men i deler av verda er det full matkrise.

350 millionar menneske er truga av svolt. Det høgaste talet i moderne tid.

Dyr gass har gitt kostbar kunstgjødsel. Tørke og flaum har gitt dårlege avlingar. Det er krig i Ukraina.

Neste år kan bli det første året der bøndene i verda lagar mindre mat enn det menneska treng.

Det er ei stille krise. I Noreg handlar overskriftene om våre eigne matprisar. Om straumstøtta er stor nok.

For Noreg får tak i maten vi har bruk for. NRK har snakka med dei som overvakar marknaden. Det blir ingen forsyningskrise. Vi er blant landa med mest på konto.

Men det har sin pris. Det er andre som også treng mat på bordet.

Menneskemat blir dyremat

Til Afrika kjem båtlaster med korn. Til dei som manglar mest frå før.

Båt til Afrika med mat

Ein båt med korn frå Ukraina kjem til Afrikas Horn, den 30. august i fjor.

Foto: WORLD FOOD PROGRAMME / Reuters

Men slike båtlaster går over heile verda.

Som til Felleskjøpet i Stavanger. Fullasta med erter frå Baltikum. Slik fungerer verdsmarknaden.

Båt på veg til Stavanger

Båt med erter på veg til Felleskjøpet Rogaland Agder.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

Men ertene skal ikkje bli menneskemat i fyrste omgang. Dei skal via magane til norske husdyr.

Noreg importerer stadig meir mat som blir dyrefôr. Dobbelt så mykje som for 20 år sidan.

I 2022 kjøpte vi 900 millionar kilo frå utlandet. Det meste er kveite, mais, raps og soya.

Det går føre seg ein auksjon på mat i verda. Store selskap handlar på internasjonale børsar.

Prisane blir pressa oppover når det byrjar å bli knapt.

Importerte erter til Stavanger

Frå lasterommet på båten blir ertene pumpa over til lageret i Stavanger.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

Det gjeld sjølvsagt ikkje berre Noreg. Den rike delen av verda har råd til mat. Den fattige delen har ikkje råd til nok mat.

Marknad i Nairobi
Foto: Vegard Tjørhom / NRK

På marknaden i Nairobi handlar pappa Michael Asienyo mat.

Før kosta tre tomatar 80 øre. No er prisen dobla.

– Tomatseljarane seier dei berre kan stole på Gud. Mangelen på regn har i tillegg gjort produksjonen dårlegare, seier Michael.

Marknad i Nairobi
Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Samtidig vil regjeringa auke norsk matproduksjon.

Korleis kan vi få det til utan å importere endå meir dyrefôr som heller kan bli mat for andre?

Den norske bonden

Bønder over heile verda skal skaffe menneska mat. Ei av alle desse er Solfrid Utheim Rygg.

Solfrid Utheim Rygg
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Hyen i Nordfjord driv ho og mannen Bjørn Petter med økologiske høner. Kyrne deira blir mjølka på setra på fjellet.

Alt for å drive mest mogleg berekraftig.

Nede i den tronge dalen er det ikkje nok gras til alle kyrne. Derfor går dyra på fjellbeite, for å spare på graset til vinterfôr. Slik brukar dei naturen best mogleg.

Ku på beite i Hyen
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det er hardt arbeid. Morgon og kveld må kyrne hentast på fjellet.

På hausten kan dei gå langt unna setra for å finne det beste graset. Det er nesten mørkt før dei er framme.

Kyr på beite i Hyen
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dei 7500 økologiske hønene kan gå fritt inn og ut av fjøsen.

Frittgåande høner
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men også hønene treng tonnevis med økologisk kraftfôr. Laga av utanlandske råvarer.

Det siste året er fôret blitt 600.000 kroner dyrare.

Rett ut av kontoen til ekteparet. I tillegg er det overproduksjon på egg i Noreg.

Tidene er tøffe. Når dei sjekkar prisane ser dei berre auka utgifter.

Bjørn Petter Rygg og Solfrid Utheim Rygg
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det finst eit paradoks midt i ei matkrise. For dyrematen går til å lage altfor mange egg.

Eggkastinga

I fjor vart 530 tonn med egg i Noreg heller brukt til grisemat. Det er om lag 8,5 millionar egg. 700.000 eggekartongar kom aldri inn i kjøleskapa våre.

– Eg synest det er heilt forferdeleg. Det er andre som svelt. Heilt grufullt, seier Solfrid.

No har Nortura, som overvakar marknaden, funne ei slags løysing. 13 norske eggbønder skal få betalt for å ta pause i eitt år.

850 000 kroner kvar. For å ikkje gjere noko som helst.

– Det kan virke som eit underleg tiltak, men dette er både effektivt og rimelegast, seier Nortura til NRK.

Og no sparar folk i Noreg på utgiftene til mat. Derfor handlar vi færre dyrare økologiske egg.

I vinter fekk Bjørn Petter og Solfrid beskjed av Nortura om å slutte med økologiske høner. Då må dei drive med vanleg eggproduksjon.

– Det er tungt, men vi håpar i det lengste at vi kan halde fram økologisk, seier Bjørn Petter.

Solfrid Utheim Rygg og Bjørn Petter Rygg
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dei vil uansett la hønene gå utandørs til våren.

Garden har hatt høner sidan 60-talet. For 20 år sidan satsa dei, bygde ny fjøs, og bestemte seg etter kvart for å drive økologisk.

Då var det ikkje overproduksjon. Med lån på garden er det heller ikkje berre å slutte.

Han er heilt tydeleg:

– Det må setjast ein stopp for stadig fleire nye eggprodusentar.

Det er ikkje berre egg som blir destruert i Noreg.

Kvar dag går 1200 tonn med mat i søpla. Mat som ingen rakk å ete, eller som vi ikkje har lyst på. Nok mat til 1 million menneske.

Noko kastar forbrukarane, anna mat blir kasta av butikkane eller industrien fordi dei ikkje klarar å selje unna i tide.

Noreg skal lage endå meir mat

Staten vil at norske bønder skal auke produksjonen. Vi skal bli meir sjølvforsynte.

FN er skeptiske til om dette er berekraftig. Det er ikkje likegyldig korleis vi gjer det.

– Noreg har ikkje den beste geografien og klimaet til å auke matproduksjonen på ein berekraftig måte, seier Monika Tothova i FN sin matorganisasjon (FAO) til NRK.

FN meiner Noreg sitt viktigaste bidrag er meir gass til å lage kunstgjødsel. Billeg gjødsel vil auke produksjonen av mat i verda.

Men landbruksministeren meiner FN tar feil om berekrafta til norsk landbruk.

Ho meiner det finst ei løysing.

– Norske bønder skal produsere meir korn, seier landbruksminister Sandra Borch (Sp).

Norske husdyr må ha kraftfôr. Målet er å unngå å kjøpe så mykje frå utlandet.

Kornåker

Bøndene har lenge ynskt meir norsk korn og grønsaker.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Det har gått motsett veg. Vi brukar 20 prosent mindre av matjorda til korn i dag enn for 30 år sidan.

Bønder i kornområda dyrkar i staden gras til mjølk og kjøtt. Fordi det er meir lønsamt.

Å snu utviklinga kan bli kostbart.

I år gjorde regjeringa noko som skuffa kornbøndene. Eit nytt grep dei meiner går i feil retning av målet.

Regjeringa fann fram gullkortet.

Staten vil subsidiere kjøp av mat til kraftfôr frå utlandet med 170 millionar kroner.

– Eit mellombels tiltak for å halde prisen på norsk mat nede i ei tid med unormalt høge prisar internasjonalt, forsikrar landbruksministeren.

Alt handlar om matprisane

Tilbake i Nairobi har Michael gjort unna handelen.

Mathandel i Nairobi
Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Før handla dei egg ganske ofte. No har dei nesten slutta. Berre når dei absolutt treng det.

Heime blir det servert brød og peanøttsmør. Den gjestfrie familien vil også at NRK sin journalist skal få mat.

Måltid i Nairobi
Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Livet handlar om heilt andre ting enn kasting av egg og norske jordbruksoppgjer.

Men noko er likt Noreg:

Overalt snakkar folk om matprisane. På jobben. Med vener. Det handlar om å informere kvarandre, og førebu familiane.

Og som eit norsk ekko:

– Det er vel ikkje håp frå styresmaktene. Politikarane håpar vel berre at vi skal bli vane med dei høge prisane, seier Michael.

Men likevel så langt unna:

Nyleg mista han mor si. Fyrst etterpå skjønte familien at for lite næring truleg var årsaka.

Han kjenner seg rett og slett uvel av å berre ha råd til to måltid for dag.

– Du må berre endre innstillinga di, men kjensla er skikkeleg dårleg.

Hei!

Har du eit tips om dette temaet du meiner vi i NRK bør sjå på? Send meg ein e-post.