Hopp til innhold

«Alt» har blitt dyrare overalt i Afrika

Veronica merker på kroppen at afrikanske økonomiar har store veksesmerter. Fleire millionar afrikanarar må takle gjeldsfeller dei ikkje er ansvarlege for.

– Alt på marknaden har blitt dyrare. Transport har blitt dyrare. Det same med straumen.

Veronica Lum slår ut med armane. Ho kjenner på det kvar einaste dag. Ho får ikkje mykje inntekt frå sin vesle kafé, og difor er kvar einaste krone verdifull.

Veronica Lum jobbar hardt for å skaffe seg ei inntekt gjennom kaféen sin, men det blir stadig hardare fordi prisane på mat har gått opp.

Veronica Lum har mange kundar kvar dag, men i takt med aukande prisar vert det stadig vanskelegare å drive kafé.

Foto: Luke Dray / NRK

Saman med millionar av andre afrikanarar lever ho med følgene av problem som ho verken har skapt, eller kan løyse sjølv.

– Dette er ikkje unikt for utviklingsland, seier finansanalytikar Trevor Hambayi.

Trevor Hambayi, Zambisk finansanalytikar

Hambayi har over 20 års erfaring frå zambisk finansliv, og er rådgjevar for store selskap som vil etablere seg i landet.

Foto: Luke Dray / NRK

Han held til i Zambia, eit halvt kontinent unna Veronica, men i land etter land i Afrika opplever mange dei same utfordringane. Høge renter på statsgjeld, samt dyrare drivstoff, er med på å dra prisane oppover i dei fleste afrikanske marknadar.

– Hovudutfordringa er at, spesielt på det afrikanske kontinent, så blir det ofte investert i samfunnsutvikling, noko som ikkje bidreg til inntekter slik at ein kan betale for låna ein tek opp, forklarer Hambayi.

31 av 37 land på Verdsbanken si gjeldskriseliste er afrikanske.

Infrastruktur til glede og bry

Ein stadion. Ein motorveg. Ein jernbane. Eit sjukehus. Eller ein flyplass.

Alt dette er viktig for dei fleste land, spesielt om ein ønsker utvikling. På lang sikt kan denne type investeringar gjere godt for både handel, transport og samfunnsliv elles.

Men Hambayi peikar til at slike store lån fort kan bety trøbbel i Afrikanske økonomiar.

I tillegg til at slike investeringar sjeldan gjev avkasting, så trekk han fram nokre andre sentrale utfordringar:

  • Politikarar tenker for kortsiktig, og er villige til å ta opp store lån for å bygge sitt «prestisjeprosjekt» mens dei har makta.
  • Det manglar ofte gode nok mekanismar til å halde den fulle oversikta over gjeldsbyrda til ein stat. Det blir som ein tenåringsfamilie der alle brukar kredittkort kvar på sin kant. Mangelen på kontroll kan bety trøbbel.
  • Korrupsjon er stadig eit problem, og særskild ved store utbyggingsprosjekt som dei store statlege låna som oftast går til. Pengar forsvinn på vegen mot mål, og prislappen blir mykje høgare enn budsjettert.

Dei siste åra har fleire afrikanske land opplevd at obligasjonar, altså lån, har begynt å forfalle, utan at dei har pengar til å betale seg ut.

Det har svekka fleire valutakursar, som igjen fører til at alle importerte varer vert dyrare. At det også er «dyrtid» andre stader i verda slår kraftig inn på importavhengige marknadar.

– 70 prosent av alle varer me bruker i dette landet er importert. Så all auke på internasjonale prisar påverkar også her i landet, seier Hambayi, som held til i Lusaka i Zambia.

Krympflasjon

På toppen av dette har bensinprisane auka, slik at også lokalt produserte varer vert dyrare. For sjølv den minste tomat eller maiskolbe må på eit vis kunne fraktast frå bonden til marknaden, og vidare til folk sine heimar.

– Det påverkar verkeleg livet mitt, seier kaféeigaren Veronica Lum. Først skal du kjøpe litt buljong som har gått frå 800 til 900 sentralafrikanske franc. Så skal du ha egusi, som pleidde å koste 300, og no kostar det 400–500 sentralafrikanske franc .

Ho held fram med å liste opp varer som har gått opp i pris. Ho merkar det spesielt godt på matfronten, sidan ho driv ein liten kafé kor ho treng ingrediensane for å lage god, næringsrike måltid.

– Om eg skrur opp prisane mine, så vil ikkje kundane kome. Så eg reduserer heller mengda for kvart måltid, forklarer Veronica.

Les også Kampen om matfatet

Jenta leikar

Det same – krympflasjon – kan du sjå mange stader på kontinentet. Også på marknaden i Zambia har seljarane lagt mindre sukker og matolje oppi posane dei sel enn tidlegare.

Verdiar som forsvinn ut av Afrika

Fleire afrikanske økonomiar har dei siste åra blitt langt meir avhengige av Kina enn tidlegare. Etter ei gjeldskrise i 2008 var Kina blant dei få som ville gje lån til ei rekke afrikanske land.

Ofte vart kinesiske lån gitt samtidig som kinesiske selskap bygde vegar, jernbanar og anna infrastruktur som dei store låna skulle finansiere. Kina stilte opp med både naudsynt finansiering og ekspertise.

Mange er skeptiske til dei langsiktige konsekvensane av å ha gjort seg økonomisk avhengige av Kina. Ei anna utfordring er at mange store afrikanske selskap har eigarar som sit langt unna Afrika.

– 60 prosent av eigarskapet av alle gruvene i dette landet tilhøyrer utlendingar. Så til sjuande og sist så blir dei verdiane som me skaper ført ut av landet, og det skaper ekstra press på økonomien vår, seier finansanalytikar Hambayi.

Les også «Fly som Madiba. Alltid vær modig.»

En gutt løper avgårde forbi en tegning av Nelson Mandela. Både gutten og Mandela har en hånd i været og smiler.

Han meiner afrikanske politikarar har ein stor jobb framfor seg. Både ved å handtere store lån, skape utvikling og samtidig ikkje selje unna nasjonale verdiar og selskap til investorar langt unna.

Veronica i Kamerun har ikkje stor tillit til politikarane, og har meir enn nok med å skaffe mat på bordet til både seg sjølv og kundane i kafeen.

– Me får ingen hjelp, berre høgare skattar. Styresmaktene burde sikre oss gratis utdanning og sjukehus. Slik det er no, så er det for vanskeleg å gje borna våre ei utdanning, konkluderer Veronica.

Her er meir innhald frå NRK utanriks:

SISTE NYTT

Siste nytt