Hopp til innhold

Handla taco til familien: Kosta over 500 kroner

Det er ganske dyrt med taco, men jordbruksoppgjeret gir lågare prisar i Noreg, meiner landbruksministeren.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad frå Senterpartiet.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) på butikken for å handle inn til taco.

Foto: Haakon Laastad / NRK

Heilt ordinær taco.

Eller det vil seie, heilt ordinær norsk taco.

Det var på menyen da NRK blei med landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) på handletur.

Målet var å diskutere høge matprisar og jordbrukspolitikk, og ministeren er oppteken av fleire ting når han handlar inn:

Eg er oppteken av det skal vere godt. Og så er eg oppteken av å velje norske produkt. Og så er eg oppteken av prisen på det eg kjøper.

Geir Pollestad ser på ein lauk.

– Det er ganske dyrt med taco. Ein skal ha ganske mykje «stæsj», seier Pollestad.

Foto: Haakon Laastad / NRK

Norske prisar stig raskare

I førre veke skreiv NRK om korleis norskproduserte varer, som for eksempel poteter, egg og laks, har stige kraftig i pris det siste året.

Les også Dyrare egg, potet og laks: Sjekk kor mykje prisane har stige

Manish Budathoki og dattera Eona

Gul lauk i lausvekt kostar for eksempel 40 kroner kiloen, mens nypoteter ligg på godt over 35 kroner kiloen.

Kva tenker du om dei høge prisane?

Det er eit mål å halde prisane nede. Samtidig er det viktig at bonden skal få betalt for jobben bonden gjer.

_7102454

Lauk er ei av matvarene som har stige kraftig i pris det siste året.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Han trekker også fram sjølvforsyning i tilfelle kriser og krig som ei viktig prioritering for regjeringa.

– Prisveksten på mat har vore minst like høg på importerte varer som på norske varer. Og prisveksten i veldig mange land har vore høgare enn han har vore her i Noreg.

Men prisveksten på mat i EU-landa det siste året har vore 0,7 %. I Noreg har prisveksten vore 4,9 prosent.

Ja, og det skuldast at når prisveksten kom, var han mykje lågare i Noreg og betydeleg høgare ute i andre land. Så det er nok eit etterslep her som heng igjen, svarer han.

pollestad-taco

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) på matbutikken.

Foto: Haakon Laastad / NRK

Pollestad meiner jordbruksoppgjeret gir lågare prisar i Noreg, fordi delar av kostnadsauken hos bøndene blir dekka over statsbudsjettet.

Mange tenker jordbruksavtalen handlar om bøndene, men det handlar minst like mykje om forbrukarane, meiner ministeren.

Les også Drøyt 3 milliarder til bøndene

Jon Fjeldet - Melkebonde på gården Alme i Østre Gausdal

Skjerma frå resten av Europa

Ivar Pettersen, matforskar hos Alo-Analyse, seier prisnivået på mat er vesentleg høgare i Noreg enn i andre land.

Det er villa politikk, meiner han og legg til:

– Men det er riktig at vi ville hatt høgare prisstiging dersom ikkje regjeringa hadde auka ramma for tilskot til jordbruksoppgjeret.

Ivar Pettersen

Ivar Pettersen, matforskar hos Alo-Analyse, seier prisnivået på mat er vesentleg høgare i Noreg enn i andre land.

Foto: Philip Hofgaard

Han forklarer at den norske modellen, med importvern og støtte til jordbruket over statsbudsjettet, bidrar til å skjerme norsk landbruk frå prissvingingar frå utlandet.

Det er for eksempel med på å forklare kvifor prisane steig meir i utlandet enn i Noreg da krigen i Ukraina braut ut i 2022.

– Men på same måte som vi er skjerma frå prisvekst, er vi også skjerma frå prisnedgang. Når dei internasjonale prisane fell, slår det mykje kraftigare ut i andre land enn i Noreg.

Han meiner prisveksten her i landet også er forsterka av eit høgt lønns- og jordbruksoppgjer.

Dyr taco

Tilbake til matbutikken.

Det blei ein ganske dyr handletur for Pollestad: 529 kroner for tacovarer til ein familie på fem.

image (11)

Slik såg handlelista ut. Pollestad kjøpte i tillegg to kjøttdeigar til 80 kr stykket og ein plastpose som ikkje kjem fram her.

Foto: Haakon Laastad / NRK

– Det er ganske dyrt med taco. Ein skal ha ganske mykje «stæsj», seier han.

Om ein skulle ete slik taco kvar dag, ville det kosta 3500 kroner i veka.

pollestad-taco

Sluttsummen på kassalappen blei 529 kroner.

Foto: Haakon Laastad / NRK

– Ja, eg har stor forståing for dei som opplever at prisane på alle ting har auka, og det er derfor det er viktig å få både renta og inflasjonen ned. Målet er at folk skal få betre råd, seier Pollestad.

AKTUELT NÅ