Tromsø

VIL KJEMPE: Kari blei utsett for fysiske og psykiske overgrep i fleire år som barn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kaptein Kari er kampklar

Mannen som forgreip seg på det vesle barnet Kari, blei frikjend av retten. No går vaksne Kari til kamp for å endre lovene.

Frå ho var fem til ho var elleve blei Kari misbrukt av den meir enn ti år eldre slektningen sin. Han var i slutten av tenåra då overgrepa starta.

I dag er ho 27 år og bur i Tromsø. På utsida er ho den sterke, tøffe, vaksne Kari. Ho som fullførte krigsskulen, og som i dag jobbar som kaptein i Hæren.

På innsida er ho barnet som blei utsett for handlingar ho ikkje hadde begrep om, og som ho ikkje klarte å stoppe.

For invalidiserande depresjon, angst, posttraumatisk stress, dissosiasjon og livslange traume er resultatet av overgrepa.

Målet hennar er klart: Ingen barn skal vere utrygge på at overgriparen skal kunne gå fri.

– Foreldingsfristane for seksuelle handlingar må bli oppheva, krev Kari.

Men for å forstå kvifor overgriparen blei frikjend og kvifor livet til Kari har blitt slik det er, må vi først skru tida mange år tilbake.

Kari idyll

SOMMARIDYLL: Den aktive jenta på sommarferie i Vestland. Bak idyllen skjuler det seg mørke løyndomar.

Foto: Privat

Idyllen som brast

Det er sommar på slutten av 1990-talet.

Denne sommarferien har ho, veslebroren og mamma reist frå Nord-Noreg til Vestlandet for å besøke bestemor og bestefar.

Kari er fem år gamal og gler seg til å hoppe i høyet og leike med dyra. Myggstikk og skrubbsår er det farlegaste som kan skje.

Men ein ettermiddag denne sommaren snur alt.

På kjøkenet står mamma og bestemor og vaskar opp etter middagen. Kari er i stova saman med den over ti år år eldre slektningen.

Han ber ho setje seg ned i sofaen. Så opnar han buksa og tar fram den erigerte penisen.

Kari veit ikkje kva det er ho ser og veit ikkje kvifor han vil at ho skal ta på den. Men ho tykkjer den ser ut som ei stygg rotte. Ho føler seg som ein skiten klut etterpå.

Ho vil ikkje at nokon skal vite om det, sjølv om overgrepa skjer igjen og igjen. Kvar sommarferie og kvar juleferie hos bestemor og bestefar.

Ho skildrar det som å vere i eit hemmeleg forhold med ein vaksen mann.

Ei anna hending har også brent seg fast. Det er midt på natta, og ho blir vekt av overgriparen. Kroppen hennar koplar heilt ut, han gjer det han vil med ho. Ved sidan av ligg veslebroren hennar og søv.

Eg hugsar at det var så frykteleg skamfullt. Det her må ingen vite.

Eit leiketøy for ein vaksen mann

For gjennom barndomen bar ho overgrepa med seg som ein stor løyndom. Ho ville ikkje at nokon skulle vite at ho som er så sterk og tøff, ber på noko hemmeleg som er så tungt.

I hovudet har ho tallause minne om korleis den vaksne mannen utnytta ho som eit uskuldig barn.

– Heile opplegget kjendest lammande. Det var veldig invaderande på alt eg gjorde. Eg var i eit slags fengsel, skildrar Kari.

Ho fortel om episodar der ho må ta på han, enten utanpå eller innanfor buksa. Ein gong der han viser henne pornofilm og ein gong då ho og overgriparen er på biltur.

Ho sit i baksetet, og han ser på ho i spegelen. Ho forstår etter kvart kva det blikket betyr. Overgrepa blir ein vane.

Skamkjensla føler ho på enno, kvar einaste dag.

På eit av hotella i byen finn vi oss kaffi, set oss ned ved eit bord. Ho har fått fri frå jobben som kaptein i Hæren.

Draumejobben som ho alltid ville ha.

For gjennom puberteten og tenåra blir skalet til Kari stadig hardare.

Ingen skal få lov til å sjå på ho at ho har blitt misbrukt. Ingen skal tru at ho er svak. Ingen er overraska over at ho som 18-åring kjem inn på Krigsskulen i Oslo.

På utsida er alt perfekt.

Ho får seg ein kjærast på skulen, men det blir alt anna enn lett.

Eg ville ikkje ha ein klem, eg klarte ikkje å sjå naken hud. Eg klarte ikkje å sove.

Kari

TANKEFULL: Kari unner ingen å gå igjennom det ho gjorde, både som barn, men også som vaksen i rettssystemet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tankane pressar på

For etter tallause overgrep frå slektningen har relasjonar og kjærleik blitt nærast umogleg.

Etter tre år på Krigsskulen er Kari 22 år og snart klar for å kjempe for Noreg.

Samstundes kjempar ho ein stadig tøffare indre krig mot seg sjølv.

Demonane frå barndomen veit framleis ingen andre enn ho og overgriparen om.

Men så ein kveld sprekk det.

Kari er heime på påskebesøk hjå mamma Kjersti. I ho er trykkokaren i ferd med å eksplodere. Ho er i det ho sjølv kallar eit uvêrshumør. Så blir alt svart, og ho skrik til mora:

– Du skulle berre visst kva han har gjort med meg i så mange år. Han har misbrukt meg.

Ho spring inn på eit soverom og legg seg på golvet i fleire timar. Den store løyndomen er ikkje hemmeleg lenger.

Det viktigaste av alt: Mamma trur på det ho fortel.

Det var nokon som meinte at det kunne fiksast på andre måtar, ein kunne seie unnskyld. Det kom til å koste for mykje, eg måtte førebu på meg splitting i slekta, at eg kunne bli sett på som ein som ikkje snakka sant.

Tilstår alt

Men hadde det vore vanskeleg før, så blei ikkje alt så mykje enklare no.

Hausten 2015 tek ho det første, vanskelege steget. Ho går til politiet og melder slektningen.

I eit langt avhøyr på Tromsø politistasjon fortel ho alt ho minnest.

Fortel om korleis ho måtte ta på kjønnsorganet og kroppen hans, og kor mykje ho har skamma seg i alle åra etterpå.

Ho føler at politibetjenten tar henne på alvor. Men ventetida før det skjer noko meir, blir lang. Det Kari ikkje veit då, er at det berre er starten på ei seigpining som vil pågå i fleire år.

Først seks månader seinare blir mannen pågripen av politiet i Vestland.

I det første avhøyret tilstår han alt.

Men avhøyret og tilståinga er ikkje verdt blekket i skrivaren på det lokale lensmannskontoret.

Det skal syne seg at det lokale lensmannskontoret har gjort ein stor feil.

Månadane går, og i ventetida før den første rettssaka går Kari i stadig meir omfattande terapi.

Kari sine behandlarar på Universitetssjukehuset i Nord-Noreg er ikkje i tvil om at alle trauma, sperrene, angsten og depresjonane skuldast dei omfattande overgrepa.

Kari som lita jente

BLEI MISBRUKT: Kari blei misbrukt av slektningen sin frå ho var fem til ho var elleve år gamal. Ingen skulle vite om det.

Første runde i retten

Det har blitt desember 2017. 26 månader har gått sidan Kari gjekk inn på politistasjonen i Tromsø.

I tingretten får dommarane for første gong få høyre Kari si overgrepshistorie – og forklaringa til den no tiltalte slektningen.

Kari er optimist og trur at det ho meiner er sanninga vil felle overgriparen. Men i rettssalen kjem det første sjokket.

Tilståinga han kom med på lensmannskontoret, kan ikkje brukast som bevis. Politiet hadde gløymd å informere om at han kunne ha ein advokat med seg.

Dermed er tilståinga null verdt.

Domstolen sluttar seg også til ei vurdering som slår fast at mannen er lettare psykisk utviklingshemma, og at han har lågare IQ enn normalen i befolkninga.

Men både i tingretten og seinare blir det også slått fast at han uansett burde forstått at det han gjorde var alvorleg og ulovleg.

Mannen har trass i låg IQ ein ansvarsfull heiltidsjobb som han har hatt i ei årrekke.

  • Forsvararen sine kommentarar finn du nederste i denne artikkelen

Den vanskelege jussen

Dommarane trur på det Kari fortel, men utan tilståinga kan det ikkje bevisast at handa til Kari rørte på seg i kontakt med slektningen sitt kjønnsorgan.

– Eg slit framleis med å forstå at ei tilståing berre kan bli putta i makuleringsmaskina, seier Kari.

Mannen blir frikjend. Det kan ikkje bevisast at det var seksuell omgang som skjedde, men minst tre tilfelle av seksuell handling og andre hendingar.

– Rettsleg sett ligg skilnaden i om dette er runking eller onanering, eller om det er å ta på. Det er skilnaden på om det er ei seksuell handling eller seksuell omgang, forklarar forskar og jussekspert Marius Storvik ved universitetet i Tromsø.

Ved seksuelle handlingar er det ei foreldingsfrist ti år etter at det skjedde.

Ny runde i retten

Etter den første rettssaka blir forma til Kari stadig dårlegare. Overgrepa, rettssprosessen og angsten blir ei tung bør å bere.

Både då og seinare finn ho mykje støtte i kvinnene rundt seg. Ikkje minst mor Kjersti og behandlarane på Universitetssjukehuset i Nord-Noreg i Tromsø.

Og då andre runden av rettssaka startar i Gulating lagmannsrett i august 2018, er det ein kjend kvinneleg dommar som styrer saka, Hanne Sophie Greve.

Frå 1988 til 2004 var ho dommar i menneskerettsdomstolen i Strasbourg og ein kjend gjest på TV. No er det ho som skal vurdere verdien av overgrepa mot Kari.

I rak motsetning til dommaren i tingretten er ikkje Greve i tvil.

Ho meiner at overgrepa er så alvorlege at slektningen fortener to år i fengsel og kjenner han skuldig.

Greve meiner også at mannen må betale 300.000 kroner til Kari som erstatning for det ho blei utsett for og dei helsemessige følgjene.

I dommen syner ho blant anna til eit brev mannen sende til Kari. Der står det svart på kvitt:

Eg ber ikkje om tilgivelse, men eg ber om unnskylding.

Brev frå overgriparen til Kari

I dag kan ho ikkje kommentere det ho skreiv når NRK tar kontakt. Det har ikkje norske dommarar lov til.

«Det var veldig tøft av dei som dømte i andre runden i lagmannsretten. Eg veit at dei synest det var vanskeleg», seier Kari.

Hanne Sophie Greve i Strasbourg 2002.

DØMDE MANNEN: Hanne Sophie Greve (i midten) var aldri i tvil om at overgriparen frå Vestland skulle dømmast. Her frå menneskerettsdomstolen i Strasbourg i 2002.

Foto: Tor Richardsen / NTB scanpix

Då Kari får dommen frå lagmannsretten orkar ho ikkje å juble.

Ho forstår at det Greve og dei andre dommarane har gjort, kjem til å bli anka vidare.

Dommen til Greve blir kjend ugyldig av Høgsterett.

Etter bevisføringa finn lagmannsretten at skadevoldar sine grenseoverskridende handlingar har påført skadelidde alvorleg skade.

Gulating lagmannsrett, september 2019

Nytt møte med overgriparen

Dei sender saka tilbake til lagmannsretten til ny behandling og i september 2019 må Kari igjen sitje ansikt til ansikt med overgriparen.

Nok ein gong må ho forklare seg om korleis ho måtte ta på kjønnsorganet hans då ho var barn.

Kari blir sint når ho snakkar om det. I retten blir ho spurt ut om korleis «intensiteten» var under overgrepa.

– Unnskyld språket, men eg veit da faen. De må jo spørje han, det er jo han som var vaksen, sa Kari frå vitneboksen.

Kvifor skal det vere slik at det ho opplevde som eit lite barn skal vriast og vendast juridisk? Kvifor blir ikkje offer for overgrep tatt meir på alvor i rettssalen?

Spørsmåla frå Kari er mange, men ho synest det er vanskeleg å få svar.

6. september i 2019 kjem svaret. Lagmannsretten frifinner mannen denne gongen. Dei meiner det ikkje kan bevisast at handa til Kari blei brukt til å onanere slektningen.

I retten hugsar han lite, han er lågmælt framfor dommarane.

Men dei kallar han for skadevaldar og slår fast prisen han må betale for skadane han har påført Kari no er 397.196 kroner.

Men heller ikkje det er forsvararen og overgriparen samde i. Saka går igjen tilbake til Høgsterett.

Vanskeleg å melde

No er Kari er djupt fortvila og forbanna.

Sidan ho melde overgrepa til politiet, har det no snart gått fire år. For Kari kjennest det meiningslaust at ho som offer i saka skal seigpinast i fleire år, som ho sjølv kallar det.

– Det er ikkje respektabel behandling av nokon som alt har gått igjennom mykje.

– Vil du tilrå at andre overgrepsoffer melder frå om det dei har opplevd?

– Ein skal vere klar over at det kostar mykje meir enn det smakar. Sjølv om eg ikkje angrar, så angrar kroppen min, hovudet mitt og kjenslene mine, for dei er heilt utslitne.

Ingen klarer å sjå at yrkesoffiseren er eit offer for noko som helst.

Men Kari veit så vel at bak det harde skalet er det ei skada jente, som kvar dag må kjempe mot demonane.

Ho opplevde i retten at det blei stilt spørsmål ved at ho for utanforståande ser ut til å ha klart seg bra, med god jobb og høg utdanning.

Men som ho sjølv seier, i retten er det barnet som skal forklare seg. Det er barnet sine minne som skal fram. Det er ikkje den vaksne offiseren.

«Det blir forventa at du skal møte opp, det blir forventa at du skal gje ei plettfri forklaring. Det blir gløymt at det er eit barn som sit der. Når eg sit der og snakkar, så er det barnet som snakkar. Det er liksom ingen andre som kan forklare den historia.»

Kvar morgon så vaknar eg som om eg er i sjokk, som om nokon nettopp er død. Så innser at du er tilbake i det livet du ikkje vil ha.

Men klarer Kari å sjå seg sjølv om fem eller ti år?

Ho ler litt, ristar på hovudet og fortel at sidan kvar dag er ein kamp, er det vanskeleg å gjere anna enn å ta ein dag om gongen.

Spesialistane meiner at overgrepa har gjort ho 25 prosent invalid. Men ho nektar å la det stoppe ho.

For ho jobbar framleis fullt i Forsvaret. Ho elskar jobben sin som offiser. Her får ho litt fri frå tankane og kan rette merksemda mot ein annan stad.

Sjefane i Hæren veit om at ho skal snakke med NRK, og dei støttar ho.

På sitt vis er Kari no klar for ein ny kamp. Ho vil kjempe for at andre offer for overgrep skal sleppe å bli mistrudd.

Ho meiner også at det er på høg tid at heile apparatet ser barnet sin situasjon, også når ein opnar seg opp som vaksen.

– Om det er så lett å sleppe unna for ein overgripar, må i alle fall samfunnet ta vare på barnet, slik at det ikkje blir tap av helse og elendig livskvalitet for resten av livet, seier ho høgt og tydeleg.

Dette meiner ho sterkt. Ho er ei brennande sjel. Ho vil at folk skal vite, og ho vil at politikarane skal handle.

Det er ingen historier som er like. Men eg har møtt andre i same situasjon, og eg veit at mykje er likt. Symptoma er dei same og konsekvensane er dei same, berre at dei kjem på ulike tidspunkt i livet.

Kari ved kaia

KAMPKLAR: Kari nektar å akseptere at lovene er slik at ei overgrepssak kan bli forelda. Ho krev handling frå politikarane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

17. januar 2020

I eit av romma til Noregs Høgsterett sit tre dommarar, to menn - og ei kvinne alle nordmenn har sett i media.

Wenche Elisabeth Arntzen var kvinna som dømde 22. juli-terroristen til 21 år i forvaring.

Denne dagen skal ho og dei to andre vurdere advokat Ivar Blikra sin anke over erstatninga Kari fekk etter seks år med overgrep.

Overgriparen vil ikkje betale dei nær 400.000 kronene lagmannsretten meiner han skuldar Kari.

I anken til Høgsterett skriv forsvararen: «(...) en infantil og umoden utprøving og leik som domfelte vanskelig kunne overskue at skulle få slike konsekvensar for fornærmede».

Dommarane må no vurdere om det han gjorde er tilstrekkeleg gale for at han må betale erstatning.

...

Vi skriv januar 2020. Vi får ei Messenger-melding frå Kari.

Kari:Anken ble avvist! Nå kan jeg endelig ta den virkelige kampen.

Det har gått nær fem år frå Kari melde overgriparen til politiet i Vestland. Den beintøffe jenta frå Troms nådde aldri målet om at overgriparen skulle bli dømd.

Men no ho vil kjempe vidare for alle dei andre jentene og gutane som opplever å bli krenka på det grovaste.

Ho set sin lit til at politikarane på Stortinget grip den sjansen dei no har til å endre lovene. Lovene er ikkje lagt til rette for å ta vare på overgrepsutsette barn, meiner ho.

Ei lovendring frå 2014 skjerpa inn foreldingsfristen for dei grovaste overgrepa. For Kari og mange andre førte ikkje denne lovendringa til noko.

– Det må kome ei lovendring med tilbakeverkande kraft, og fristen for at saka kan bli forelda må bort.

Ho meiner også at politiet og rettsvesenet må gjerast langt meir bevisste på dei belastningane det er å melde overgrep i vaksen alder.

Eg burde blitt avhøyrd som eit barn, slår Kari fast.

Det er snart vår, også i Tromsø. Kari vil ut i verda. Ho vil skape seg nye minne. Ho vil finne nokon ho kan leve med, få barn med og skape ei framtid med.

Og ho vil få politikarane til å endre lovene. Noko anna er ikkje aktuelt.

Ho er kampklar på alle frontar. På vegner av seg sjølv, men også på vegner av alle andre som har blitt, eller blir utsett for overgrep. Ho vil vere deira ansikt ut mot verda.

Kari ser rett fram med eit skarpt blikk. Ho nektar å vere eit anonymt overgrepsoffer. Eller som ho sjølv seier det:

– Eg vil ikkje vere den jenta som står med hettegenser og ser ut over havet.