Hopp til innhold

Fryktar fjerning av foreldingsfrist kan få uskuldige dømd for overgrep

På Stortinget nærmar det seg tverrpolitisk semje om å oppheva foreldingsfristen for seksuelle overgrep. – Kan føre til gale domfellingar, seier bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen.

Mette Yvonne Larsen

SETTER STREK: Bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen åtvarar mot å oppheva foreldingsfristane. – Ein dag må ein setja strek, seier ho.

Foto: Anders Fehn / NRK

NRK har dei siste vekene sett søkelyset på foreldingsfristen for seksuelle overgrep.

I dag seier lova at fristen er 10 år for seksuelle lovbrot som ikkje er rekna som valdtekt. Fristen gjeld frå fornærma fyller 18 år.

Frp, SV og Raudt har tidlegare gått inn for å oppheva foreldingsfristane for alle seksuelle handlingar.

No følgjer Senterpartiet etter, og programfestar at alle typar seksuelle overgrep skal kunne straffast, uavhengig kor lenge sidan dei skjedde.

I snitt går det 17 år frå eit overgrep skjer til det blir politimeld.

Også frå Arbeidarpartiet og Høgre kjem det signal om at dei ynskjer seg ein ny lovtekst.

– Fører til gale frifinningar og gale domfellingar

Bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen åtvarar mot å oppheva foreldingsfristane.

– Eg fryktar konsekvensar som langvarige rettsprosessar som vil vere belastande for både tiltalte og fornærma. Faren vil vere at det fører til gale frifinningar og gale domfellingar. Og svake beviser kan medføre at kjensler i begge retningar blir avgjerande.

Dei vanlegaste argumenta for foreldingsfrist i straffesaker er knytt til bevisførsel og ressursbruk, og at straffverdigheten (behovet for straff)vert lågare ettersom tida går (sjå faktaboks).

– Rein symbolpolitikk

Foreldingsfristen for drap, valdtekt og seksuelle overgrep mot barn vart fjerna i 2014.

Som einaste parti stemte Venstre mot endringane.

– Forelding er eit viktig prinsipp i vår liberale rettstradisjon. Dette er rein symbolpolitikk, sa Sveinung Rotevatn den gongen.

Også i KrF er dei avmålte til å oppheva foreldingsfristane heilt.

– Opposisjonen kappest no om å kaste fram forslag utan ein skikkeleg konsekvensutgreiing. Det er synd, for dette er eit særs alvorleg tema, og difor bør det gjerast eit grundig forarbeid, seier justispolitisk talsmann i partiet, Geir Sigbjørn Toskedal til NRK.

Sveinung Rotevatn er den eneste som har gått ut offentlig og sagt at han vil bli Venstres neste leder

– VIKTIG PRINSIPP: Foreldingsfristen for drap, valdtekt og seksuelle overgrep mot barn vart fjerna i 2014. Venstre var det einaste partiet som stemte mot endringane.

Foto: Vidar Ruud / NT

– Lovgivar har funne ein god balanse

– Påtalemakta kan ikkje straffeforfølgje alle saker. Det er fornuftig å prioritere nye saker der sjansen for oppklaring er større, seier advokatfullmektig Katrine Holter i advokatfirmaet Sulland.

Ho viser til endringane i 2014, då reglene for forelding var stramma inn.

– Lovgivar fann då ein god balanse mellom omsynet til å la fortid vere fortid, og samfunnet sitt behov for å halde ein forbrytar ansvarleg, seier ho.

Alf Petter Høgberg er professor ved Institutt for offentleg rett ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo.

Han meiner forelding er eit godt prinsipp i enkelte saker, fordi det kan oppmuntre skuldige til å stå fram – utan å frykte straff.

– Det hender at drapsmenn melder seg etter at fristen utløpar for å oppklare saka og dermed legge den bak seg. For de grove seksualbrotsverk gjer ikkje det same seg gjeldande. Bortfall av forelding lar seg difor lettare forsvare for denne kategorien brotsverk.

– Sterkare bevis etter kvart som offeret vert eldre

– Fristen gagnar eigentleg berre den som har utført overgrepa, seier Kari (28) frå Tromsø.

Ho stod fram med si historie på kvinnedagen 8. mars i fjor, og har sidan kjempa for å oppheve prinsippet om forelding.

Ho minner om at dei som blir utsett for overgrep generelt bruker lang tid på å stå fram.

– I denne typen saker vert bevisa berre sterkare etter kvart som offeret vert eldre, fordi du då kjem i kontakt med opplevingar du kanskje har forsøkt å skyve unna i mange år, seier ho.

Overgrepsofferet Kari.

KJEMPA FOR OPPHEVING: Kari har lenge stått på for at politikarane skal gå i den retninga dei ser ut til å gå no.

Foto: Håkon Iversen / NRK