Sidan søndag har artiklane om kampklare Kari blitt lese over 200.000 gonger, og mange har delt saka på Facebook.
– Støtta eg har fått er overveldande, seier Kari.
Kravet hennar om at foreldingsfristen for seksuelle handlingar mot barn vert oppheva, kjem opp i Stortinget. Både Frp, SV og Raudt støttar kravet om lovendring.
- Les også:
Fleire tar kontakt
– Etter kvart ser eg at det er så mange som har tatt denne saka til hjartet og spreidd bodskapen vidare. Det er ikkje noko som gleder barnet i meg meir enn det. Eg klarer ikkje denne kampen åleine og er heilt avhengig av andre sitt engasjement, seier Kari.
Ho blei misbrukt i fleire år av ein meir enn ti år eldre slektning då ho var eit lite barn. I rettssystemet enda saka med at mannen blei frikjend, men han må betale erstatning.
NRK har også dei siste dagane fått ei rekke meldingar og telefonar frå andre som har vore eller er i same situasjon som Kari.
Fleire ønskjer å stå fram, og rosar Kari for openheita.
Kari med klar melding
– Eg har fått meldingar frå veldig tøffe menneske som deler historia si, vonde opplevingar, og om erfaringane dei har med det å melde slike saker til politiet.
Ho finn styrke i det ho les og i all støtta ho får.
Frå leilegheita i indre Troms vil ho takke alle som har støtta henne, og samtidig gje ei klar melding til politikarane på Stortinget.
– Om politikarar ønsker at ein skal melde tidlegare, må ein skape eit samfunn der det er trygt å stå fram med slikt og at ein blir tatt imot og anerkjent, seier Kari.
OVERGREP: Mellom ho var fem og elleve år blei Kari utsett for seksuelle handlingar av ein meir enn ti år eldre slektning. Ho fortalde det ikkje til nokon før ho blei vaksen.
Overgriparen beklagar
Forsvararen til Kari sin overgripar, Ivar Blikra, er tydeleg på at han meiner at foreldingsfristar er eit viktig prinsipp som må vidareførast.
– Klienten min har i brev til Kari og i tre rettsinstansar beklaga at han utsette henne for grenseoverskridande og straffbare handlingar. Saka er tragisk for dei involverte og storfamilien, seier Blikra.
For Kari er det viktig å kome vidare, og ho forsikrar om at alle tilbakemeldingane ho har fått gjer at ho er endå meir kampklar enn før.
– Det gjør vondt i hele kroppen at så mange opplever det same som meg, men det gir meg også meir styrke til å halde fram denne kampen, slår Kari fast.