Hopp til innhold

Kari si overgrepshistorie gjer inntrykk: Fleire parti vil fjerne foreldingsfristen

Overgrepsofferet Kari krev at seksuelle handlingar mot barn ikkje skal kunne bli forelda. På Stortinget seier Frp, SV og Raudt ja til kravet hennar.

Overgrepsofferet på kaia i Tromsø

KREV HANDLING: Kari meiner at det er på høg tid at lovene blir endra. Ho meiner at ikkje går an at seksuelle handlingar blir forelda.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

NRK har dei siste dagane omtala 27 år gamle Kari sitt mareritt. Først åra då ho blei misbrukt av ein meir enn ti år eldre slektning, så fleire år i rettssystemet.

Retten meiner at det handlar om seksuelle handlingar og ikkje seksuell omgang. Difor frikjende dei han.

For når det gjeld seksuelle handlingar gjeld foreldingsfristen frå handlinga tek slutt.

Dermed var dei omfattande overgrepa mot Kari forelda då ho endeleg torde å melde det, mange år etter at dei skjedde.

– Du vil jo ikkje at nokon skal vite. Eg hugsar at det var så frykteleg skamfullt. Det her må ingen vite, eg er berre ein sånn skitten klut no, seier Kari.

Klart ja frå Frp

I 2014 blei foreldinga oppheva for seksuell omgang, medan det for seksuell handling framleis er slik at sakene blir forelda ti år etter at dei har skjedd.

Denne forskjellen i lova gjorde altså at Kari sin overgripar blei frikjend.

– Det bør ikkje vere eit slikt skilje. Seksuelle handlingar kan openbert, opplevast som eit seksuelt overgrep, særleg for eit barn, seier justispolitisk talsperson i Frp, Kari Kjønaas-Kjos til NRK.

Ho har sendt eit skriftleg spørsmål til justisministeren og spurt om ho vil ta eit initiativ til ei slik lovendring.

– Gjeve at vi har kunnskap om alt dette, meiner eg at vi må gjere ei endring i lovverket, slår Kjønaas-Kjos fast.

Partiet Raudt støttar også Kari sitt krav om å gjere noko med foreldingsfristane.

Dei legg vekt på at det i snitt tek 17 år før ein som er utsett for overgrep, fortel kva dei har vore utsett for.

– Foreldingsfristane må ta høgde for dette, og vere lange nok til å sikre offera rettstryggleik. Difor må vi endre lova slik at foreldingsfristen blir forlenga, seier Silje J. Kjosbakken, 2. nestleiar i Raudt.

Landsstyret i Frp holder et ekstraordinært møte om bompenger onsdag ettermiddag.

VIL ENDRE LOVA: Kari Kjønaas-Kjos i Framstegspartiet meiner at foreldingsfristane for seksuelle handlingar bør opphevast.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Høgre seier nei

– Kari si historie om korleis overgrepa i barndommen har prega oppveksten og vaksenlivet gjer sterkt inntrykk, seier Frida Melvær (H).

Ho er medlem i justiskomiteen på Stortinget.

Men trass i at ho tykkjer historia til Kari er sterk, så er ikkje partiet hennar villig til å endre lovene som regulerer når ei sak er forelda eller ikkje.

– Vi ønskjer at ofra skal varsle så tidleg som mogeleg, og slik sett vil ein foreldingsfrist kunne bidra til at saker vert oppklart raskare og at det vert meldt ifrå, meiner Melvær og Høgre.

Frida Melvær i justiskomiteen på Stortinget.

FORSTÅR KARI: Høgre-politikar Frida Melvær meiner at det må gjerast meir for at overgrepsoffer skal melde frå tidlegare.

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / Høgre

Ap vil ha gjennomgang

Men ho er samd i at ofra for seksualkriminalitet må møtast av eit apparat som gjer denne prosessen lettare.

– Eg vil stille justisministeren spørsmål om korleis vi kan møte akkurat desse ofra på ein enda betre måte, seier Melvær.

Lene Vågslid i Arbeidarpartiet er leiar for justiskomiteen på Stortinget. Ho tykkjer det er sterkt av Kari å stå fram med si historie.

– Eg kan ikkje gå inn i ei enkeltsak, men likevel meiner eg at denne saka viser at det er grunn til å gå igjennom dette ein gang til. Det vil vi gjere, lovar Vågslid.

Slik stiller partia på Stortinget seg til å oppheve foreldingsfristane for seksuelle handlingar:

  • Framstegspartiet: Ja
  • Høgre: Nei
  • Venstre: Nei
  • Senterpartiet: Nei
  • Arbeidarpartiet: Vil gå igjennom regelverket på nytt.
  • Raudt: ja
  • SV: Ja
  • KrF: Har ikkje svart
  • MDG: Har ikkje svart