Røntgenbilete til Christer

Haglskotet

Christer skulle skyte rype. Så trakka han på ein glatt stein.

Eit einaste sekund kan endre alt.

Spør Christer.

I løpet av det eine sekundet får han fleire hundre blyhagl i kroppen, mellom anna i hjartet.

Det surklar i lungene.

Han er medviten og i ein tilstand der han misser masse blod.

Heime ventar sambuaren og sonen, som anar ingenting.

Ein lege kjem i helikopter for å hjelpe, men spørsmålet melder seg hos Christer og må seiast.

«Korleis ser det ut, dette her? Kjem eg til å overleve?»

Men legen svarar ikkje, noko som berre gjer han enda meir uroleg. Han spør igjen.

«Kjem eg til å overleve?»

Så ser legen på han, det oppstår ein ny pause, før han svarar.

«Det er kritisk.»

Dødsangsten melder seg.

Men ein eller annan stad, langt der bak, så hugsar han likevel noko av det siste som skjedde før skotet.

For hagla var jo sikra.

Hekta på jakt

For Christer Njøsen Hilding frå Førde har jaktinteressa alltid vore der, sidan han gjekk på tur med faren i tenåra.

Men etter at han fekk seg jakthund for ni år sidan, tok det heilt av.

Det å trene hundane til å bli gode jakthundar har blitt ein lidenskap. Det handlar om lydnad og dressur – og vilje til å bruke hundrevis av timar i skogen.

Iblant dreg han aleine, andre gongar tek han med sambuaren Adele og sonen Ulrik (4).

Christer med familie
Foto: Privat

Dei siste åra har han vore mykje på tur med kompisen Ken Tore, på jakt etter rype og annan skogsfugl.

Skadd i jaktulukke.

Christer og Ken Tore har vore på mange jaktturar saman – alltid med hundane.

Christer Hilding på jakttur

Han har fleire hundar som han har brukt mykje tid på.

Christer med hund

I tillegg har han vunne prisar for god opptrening av jakthundar.

Christer med sonen og hundane

Ulrik (4) har allereie vore mange turar i skogen med faren og elskar å vere ute.

Saman har dei kjent på gleda over korleis ein trent hund listar seg fram, finn fugl og så står og ventar.

På signal spring hunden fram i stor fart og jagar opp rypa, før jegeren skyt – og hunden kan nøgd hente dagens middag.

Oktoberdagen

Det er knapt ei sky på himmelen, og både Christer og Ken Tore har dagen fri til å jakte.

Ingen av dei to likar å stresse, dei startar ikkje turen før tidleg ettermiddag.

Turen går frå Innvik, som ligg på sørsida av Nordfjorden i Stryn kommune – målet er å kome seg opp på høgfjellet, over skoggrensa.

Begge er erfarne jegerar og har gjort dette mange gongar før.

Går den eine framfor den andre, så blir det ikkje skote, dei forsøker heller å tenke tryggleik og jakte på ei rett line – med ein viss avstand.

Er det folk i nærleiken, så «knekker» dei hagla og tek ut ammunisjonen. Det same gjer dei dersom dei går ned ei bratt skråning eller over ein bekk.

– Du tenker ikkje at det skal skje noko med deg sjølv, du tenker på dei rundt deg, seier Christer.

Er terrenget lett og fint, så er det likevel vanleg for jegerar å gå med ei ladd hagle som er sikra. På høgfjellet kjem fuglen raskt, då må ein vere klar.

Det dukkar opp fugl som dei skyt etter, men avstanden er for lang og dei treffer ikkje. Då ladar Christer om – det kjem ein «knekkelyd», og sikringa går på automatisk. Han har høyrt den lyden tallause gongar før.

Dei to går frå Innvik mot eit vatn på rundt 1.000 høgdemeter – det er kaldt i lufta, men så lenge sola viser seg så er det tørt og fint å gå.

Medan dei nærmar seg vatnet Storeloga så kjem dei også tettare på fjella bak.

Dei mektige fjella lagar ein "skuggedal". Det er som å skru på ein brytar som lagar rimfrost på bakken – brått blir steinane glatte.

Ken Tore rekk så vidt å seie «her er det glatt», før det skjer.

Christer sklir på ein stein.

Han ramlar framover, mot bakken, før hagla gjer det same med stor kraft.

Christer hugsar smellen og at han brått misser pusten. Ken Tore skjønar ikkje heilt kva som skjer, han trur Christer har fått los på noko og hiv opp hagla for å sjå etter fugl.

Men så høyrer han det, eit gaul han aldri har høyrt før på den måten, i alle fall aldri frå kompisen.

«Eit jævla skrik. Eit brøl.»

Christer går inn i ein tilstand av overrasking og sjokk, han hugsar trykket og synet som møter han når han ser ned på sin eigen kropp – eit krater som går inn i overkroppen.

I ein jaktsituasjon blir det sagt at ein ikkje skal skyte mot småvilt som er meir enn 30 meter unna.

Jo nærare byttet oppheld seg, jo meir dødelege er skota.

Det som drep byttet, er sjokket frå haglene, det som på fagspråket heiter anslagsenergi.

No har Christer nettopp fått i seg fleire hundre blyhagl, som er fyrt av frå hans eiga hagle, på kortast mogleg avstand.

Ken Tore kjem kjapt bort til han, men tenker straks at det ser ikkje bra ut, at dette truleg er eit dødeleg skot.

Han veit at Christer har 113-appen på telefonen, den som umiddelbart viser posisjonen.

Bilete frå 113-appen til luftambulansen
Foto: Skjermdump frå 113-appen til Norsk Luftambulanse

Christer klarer å få tasta koden slik at dei får ringt etter hjelp – først då oppdagar han at også det høgre låret er skote.

Hagla har gått av i ei retning som går gjennom delar av låret, på skrå, i retning brystet.

Medan Ken Tore høyrer på instruksjonen frå 113, og forsøker å stoppe blødinga ved hjelp av ei ulltrøye, har Christer meir enn nok med å forsøke å puste.

Kvar gong han kremtar, hostar han blod.

Christer er sjølv sjukepleiar og veit kor alvorleg det er å misse så mykje blod på så kort tid.

Skal dette vere slutten?

På eit tidspunkt vender han seg til Ken Tore, nesten skamfull, men òg litt med galgenhumor, og seier: «Dette blir for dumt. Det er for dumt å døy på den måten her.»

Han rekk å tenke på dei heime, på at Ulrik kanskje må vekse opp utan ein far.

Men så høyrer han og Ken Tore lyden av helikopter i det fjerne.

Kulene i hjartet

Ved thoraxkirurgisk seksjon på Haukeland i Bergen er lege Ingelin Vatnaland godt vand med kirurgisk behandling av hjarte, lunge og sentrale blodårer.

Det er likevel ikkje så ofte legane her får inn pasientar med skotskadar.

Og no skjer noko som er enda sjeldnare: Ein pasient som er skoten på nært hald og som truleg har fleire hundre blyhagl i kroppen.

Ingelin Vatnaland ved Haukeland gjer seg klar til operasjon.

Lege Ingelin Vatnaland får ei utfordring som er meir krevjande enn normalt.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Men kor ligg dei?

CT er ei tverrsnittfotografering av overkroppen, og den første undersøkinga fortel kor kulene er plasserte.

Legen har knapt sett noko liknande, videoen viser blykuler som mest ser ut som blinkande stjerner.

Undersøkinga gir viktige svar på skadeomfanget og kor store skadane er på indre organ.

Det er alvorleg for Christer. Bileta viser at han har mange blykuler i brystkassa og i den store brystmuskelen – kuler som trenger inn i musklane, kan fort kutte av blodårer og nervar.

Pasient ligg på sjukehus med skotskadar.

Retninga på skotet går på skrå, frå venstre mot høgre. Biletet er teke etter operasjonen.

Foto: Privat

Fleire kuler har også trengt inn i sjølve lungene og hjartet, det gjer det enda meir alvorleg.

Det skal vise seg å ligge rundt 350 blykuler ulike stadar i kroppen.

Første røntgen
Foto: Haukeland universitetssykehus

Det positive er at luftambulansen har klart å stabilisere blodtapet, med god hjelp av Ken Tore. Dei vitale målingane som puls og blodtrykk ser ikkje ut til å vere kritiske.

På den andre sida: Blymengdene i kroppen er i seg sjølv eit problem, det er fare for forgifting. For store mengder bly kan skade beinmerg, nervesystem, lever, nyre og hormonproduserande organ.

På grunn av at hendinga er så omfattande, er det behov for at sjeldan mange fagprofesjonar samarbeider. I tillegg blir det teke kontakt med ein toksikolog ved Giftinformasjonen, det nasjonale rådgivingsorganet.

Beskjeden er klar: Fjern så mange kuler som mogleg, det vil igjen minske risikoen for forgifting.

Dermed må Christer gjennom fleire operasjonar, der kule etter kule blir fjerna frå kroppen.

I tillegg ligg det restar av tøy og ulike plastdelar frå patrona i kroppen, fordi skotet gjekk av på så kort avstand.

Kulene og plastikk

I kroppen til Christer er det både blyhagl, tøy og plastbitar.

Foto: Haukeland universitetssykehus

Legane ser likevel fort at det ikkje er mogleg å fjerne alle kulene. Av dei rundt 350 blyhagla, klarer dei å fjerne 193.

Framleis er det blyhagl igjen i hjartet og lungene, men å fjerne dei som ligg igjen vil øydelegge vev og auke infeksjonsfaren, rett og slett gjere meir skade enn nytte.

Christer må førebu seg på å ha godt over 100 blyhagl i kroppen, truleg resten av livet.

Nærbilete av kuler

Legane får fjerna 193 blyhagl frå kroppen til Christer.

Foto: Haukeland universitetssykehus

Saman med familien

Det er mykje Christer ikkje hugsar frå dei første dagane på sjukehus, ettersom han må gjennom fleire operasjonar.

Sambuaren Adele hugsar meir. Alle spørsmåla sonen Ulrik stilte då ho forklarte at faren var skoten og at dei måtte til sjukehuset.

«Har han fått masse blod på seg?»

«Kan han døy?»

Skadd i jaktulukke
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det første instinktet er å roe og svare nei, samstundes anar ho eigentleg ikkje sjølv.

Kroppen svarar med å hyperventilere og skjelve.

Men etter kvart skjønar dei at Christer har vore utruleg heldig. Om berre eitt av dei fem haglkulene i hjartet hadde hatt ei litt anna retning, så kunne utfallet blitt annleis.

Hjartet har i dette tilfellet kapsla kulene inn, og det på ein måte som ikkje har ført til store hjarteblødingar eller rytmeforstyrringar.

Likevel er det eit sjokk for Christer å vakne opp og vite at han har blyhagl i hjartet. Det skremmer han.

Han må sjekke blynivået i kroppen med jamne mellomrom, truleg for alltid.

Legane må også i mange år framover sjekke at kulene i hjartet ligg der dei skal.

Faren er at eit av hagla kjem ut i blodbana, som igjen kan føre til hjerneslag, men legen seier det ser ut som kulene ligg stabilt.

Med familien rundt seg på sjukehuset byrjar sakte, men sikkert vegen tilbake mot normalitet, sjølv om noko alltid kjem til å vere annleis.

Christer og sonen i sjukesenga

Ulrik er glad for at pappa er i betre form – men også glad for at han får leike med fjernkontrollen til sjukehussenga.

Christer Hilding og sambuaren Adele Karoline Haaland

Adele tillet seg å ta ein selfie når ho veit at mannen blir litt betre for kvar dag.

Ingelin Vatnaland foran CT-bilete.

Ingelin Vatnaland har allereie vist fram saka om Christer til læring for andre helsearbeidarar.

Hagla som gjekk av

Både Christer og Ken Tore gav forklaring til politiet om hendinga så fort dei var i stand til det. Ken Tore allereie same dagen, Christer då han vart skriven ut frå sjukehuset.

Politiet undersøkte våpenet lokalt, med bistand frå Kripos. Det vart konkludert med at det ikkje var nokre tekniske feil på hagla – av typen Akkar Altay 812k.

Skadd i jaktulukke.

På botnen av kolben på den aktuelle hagla kan ein sjå eit djupt hakk. Hakket var der ikkje før ulykka, seier Christer.

Foto: Arne Stubhaug

Forklaringane til Christer og Ken Tore vart lagt til grunn for kva som skjedde. Andre etterforskingsskritt støttar opp under forklaringane til dei to, ifølge politiet.

Politiet etterforska saka som ei ulykkeshending, det vart tidleg fastslått at det ikkje var snakk om noko lovbrot.

Men kvifor gjekk ei sikra hagle av?

På eit tidspunkt får Christer tilbod om å få tilbake hagla, men han ønsker ikkje å ha henne i hus.

Ho blir overlevert til våpenhandlar Herman Erdal i Førde, som også har vore jegerprøveinstruktør i meir enn 25 år.

Han har hatt god tid til å studere våpenet og har ein hypotese, sjølv om han understrekar at det truleg ikkje finst eit svar med to strekar under.

Skadd i jaktulukke.

Herman Erdal er våpenhandlar og jegerprøveinstruktør.

Foto: Arne Stubhaug

Han er heilt sikker på at Christer ikkje sjølv kunne trykt på avtrekkaren. Det er fysisk umogleg, meiner han, med tanke på lengda på våpenet og vinkelen på skotet.

Grafikk av skadane til Christer

Haglskotet gjekk gjennom låret før det gjekk inn i brystregionen og spreidde seg til det rutete feltet. Dei to raude prikkane rett under halsen er utgangshol.

Foto: Haukeland universitetssykehus

Ein hovudteori er at slaget av våpenet mot bakken i seg sjølv kan ha utløyst skotet, sjølv om sikringa var på. Politiet legg denne hypotesen til grunn.

Det har skjedd før, og det er også eit tema på jaktopplæringa: Eit sikra våpen er ikkje alltid 100 prosent sikkert.

Våpenhandlaren har ei meining om kor det første, tunge slaget kom.

Han viser fram oppsida av våpenet. På sjølve sikringa er det ei tydeleg ripe, eit hakk som går inn i metallet – i tillegg til eit tydeleg merke i treverket ved sidan av.

Skadd i jaktulukke.
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han trur slaget kom her – som i neste omgang har ført til at skotet gjekk av og så laga eit djupt hakk bak på kolben.

Hakket på toppen av sikringa gir også ein indikasjon om at sikringa har vore på heile tida, meiner han. Skulle sikringa på noko tidspunkt vore av, burde merket vore på motsett side.

Norges Jeger- og Fiskerforbund skriv at dersom det ikkje er feil på sikringsmekanismen, så skal det mykje til at skot blir fyrt av. Det kan likevel skje i enkelte tilfelle dersom våpenet blir utsett for eit hardt slag.

Men nøyaktig kva som skjedde i sekundet etter Christer sklei, vil ein kanskje aldri få heilt svar på.

Dagane etterpå

Det Christer er sikker på, er at han er i live.

Han kjenner det kvar dag på hjartet med blykulene, det slår som normalt.

Det er ei tid før og ei tid etterpå.

Både han og Ken Tore får møte igjen legen frå luftambulansen, han som sa det var kritisk.

Jaktulukke

Christer og Ken Tore får møte lege Andreas Winkler ved Førde sentralsjukehus. Dei har mykje å snakke om.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sjølv hugsar ikkje legen at han sa det, han har hatt mange pasientar både før og etterpå.

Han er tydeleg på at han aldri seier noko om utfallet til ein hardt skadd pasient, men han vil heller ikkje utelukke at han kan ha sagt at det er alvorleg eller kritisk – på direkte spørsmål frå pasienten.

Han trur samstundes Christer kunne overlevd sjølv om han hadde kome noko seinare til Haukeland.

Ken Tore kan ha vore viktig her, han fekk stansa den verste blødinga før helikopteret kom.

Han bidrog også då dei skulle bere Christer på båre, over den glatte steinura, til helikopteret. Det kunne enda med eit nytt fall.

Men først og fremst meiner legen dette var ei hending som viste at systemet fungerte. Christer overlevde.

Både Christer og Ken Tore uttrykker kor takksame dei er over hjelpa som kom i tide.

Legen spør om han kan få lov til å bruke hendinga for andre kollegaer, til læring. Det seier Christer ja til.

Det har vore tøffe veker og månadar etter ulykka, der han mellom anna har hatt problem med å sove.

Målet er å kome seg tilbake på jobb i løpet av våren og etter kvart dra på jakt igjen.

Både han og Ken Tore har blitt meir forsiktige, terskelen for å «knekke hagla» og ta ut patronene har blitt lågare.

For Christer har uansett den viktigaste motivasjonen vore å kome seg på tur igjen med hundane.

Han tenkte på det her om dagen, på veg opp til Gaularfjellet: Kor heldig han er for at han kan gå på tur igjen, og for at han etterpå kan hente Ulrik i barnehagen, lage middag og vere med familien.

Rett og slett kor fint det er å vere i live.

Skadd i jaktulukke
Foto: Arne Stubhaug / NRK