Hopp til innhold

Fryktar spreiing av mystisk sjukdom: – Dette er fisk som rotnar levande

Sportsfiskarar etterlyser meir forsking og ber regjeringa ta ansvar. Politikar fryktar sjukdommen kan nå oppdrettslaks.

Laks med store sår på buken

Laks med opne sår, blødingar i huda og nedsett bevisstheit skremmer fiskarane i Halden.

Foto: AJFF

Dei grugleder seg til sesongen. Kanskje mest gruer seg, trur eg. For dei reknar nok med at det ikkje er trivelege ting som møter dei, seier Ole-Håkon Heier.

Han er regionsekretær i Noregs jeger- og fiskarforbund (NJFF) Østfold, og er sjølv ein ivrig fiskar.

Laksefisket er årets høgdepunkt for mange sportsfiskarar. Men dei siste åra har fisket vore prega av fortviling i Østfold.

I 2019 dukka sjuk fisk for fyrste gong opp i Enningsdalselva i Halden. Laksen hadde blødingar i huda og nedsett bevisstheit.

Sidan har sjuke individ dukka opp nesten årleg.

Vi fryktar for bestanden i elva. Dette er ikkje noka stor elv og det er dei største individa som blir ramma. Kor mange sesongar det går før det knapt er laks som kjem opp, det veit vi ikkje, seier Heier.

No fryktar dei også vidare spreiing til andre lakseelvar i landet.

Les også Mystisk laksesjukdom tilbake: – Det er rett og slett ille

Finn ikkje årsaka

Tilstanden har fått namnet Red skin disease. Men ingen har klart å finne ut kvifor villaksen blir sjuk eller kva tilstanden kjem av.

Vi fryktar for vidare spreiing. Det er utruleg viktig at det ikkje skjer, sidan laksen er ein art vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på her i landet, seier Heier.

Ole-Håkon Heier, som er regionsekretær i NJFF Østfold er avbildet på tur i skogen. Han er kledd for fiske og har med seg fiskeutstyr.

Ole-Håkon Heier er ivrig sportsfiskar og regionsekretær i NJFF i Østfold.

Foto: LENE SØRLIE HEIER

Det er allereie meldt om liknande enkelttilfelle frå andre vassdrag i landet. Mellom anna i Sandvika, Bjerkreim og Tovdal.

Det har også komme rapportar om sjukdomstilfelle i andre nordeuropeiske land.

No ber NJFF om meir forsking.

– Det er jo heilt openbert at det er det vi treng, for vi veit jo ikkje kor lenge dette er avgrensa til Enningsdalselva.

Les også Mener flytebrygger ødelegger for torsken i Oslofjorden

Torsk, Oslofjorden, Verdens ende

Ber regjeringa følge opp

– Det ser ille ut. Dette er fisk som rotnar levande, seier Ingjerd Schou.

Stortingsrepresentanten for Høgre er bekymra for lidinga villaksen blir utsett for. Ho seier det i dag ikkje finst eit system for overvaking av tilstanden.

Syk laks tatt i Tovdalselva

Sjuk laks er også påvist i Tovdalselva, ei lakseelv på Sørlandet.

Foto: Steffen Bergstøl

I eit skriftleg spørsmål til fiskeri- og havministeren spør ho korleis regjeringa vil sørge for overvaking og oppfølging frå Mattilsynet, og korleis regjeringa vil sikre at midlar blir avsette til forsking.

– Uroa er jo at det kan spreie seg til andre vassdrag – og i verste fall kan jo dette også spreie seg til merdar og oppdrettslaks, seier Schou.

Ingjerd Schou i Europarådets parlamentarikerforsamling januar 2017

Stortingspolitikar for Høgre Ingjerd Schou fryktar sjukdommen kan spreie seg til oppdrettslaks.

Foto: Cathérine Monfils / Council of Europe

Nærings- og fiskeridepartementet har ikkje svart på NRKs spørsmål om saka, men fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) har svart på Schous spørsmål skriftleg:

Årsaka til sjukdommen er ukjent og mange faktorar kan påverke vill laksefisk på vandring utanfor Enningsdalselva. Dette vanskeleggjer overvaking og kartlegging av sjukdommen. Det er derfor ikkje sett i gang eit eige overvakingsprogram for «Red skin disease», men generelle biosikkerheitstiltak er anbefalt.

Tiltaka inkluderer at Veterinærinstituttet skal bli varsla dersom ein finn sjuk fisk.

Les også Østfold-bedrift lager kjøtt av sjøpung - tror det kan bli det nye for taco-fredag

Tunikat

Meiner det ikkje blir gjort nok

Regionsekretæren i Norges Jeger- og Fiskerforbund i Østfold meiner det ikkje blir gjort nok for å få bukt med problemet.

Syk laks

Denne laksen blei dratt opp i Enningsdalselva i 2019.

Foto: AJFF Halden

– Det er ikkje nokon samla innsats for å finne løysinga på dette problemet. Det er ikkje koordinert. Det er enkelte forskarar frå ulike instansar som studerer litt på sine felt, og som skrapar saman nokre pengar herfrå og derfrå, seier Heier.

– Men det burde vore ein koordinert samla innsats frå statleg hald med fokus på å finne årsak og løysing.