Blokka stod i full fyr lenge før brannvesenet kom fram.

Kais med katten brannatta
Anders Kjølen/Bergensavisen

Kais og alle naboane måtte flykta for livet.

No åtvarar ekspertar mot brannsikringa i nye bygg.

Dei snakkar om ein ukultur.

Kvifor blei heimen til Kais ei brannfelle?

Brannekspertar åtvarar mot brannsikringa i nye bygg: Kais mista alt i storbrannen på Lone i Bergen

Kais kjende det svei på øyreflippane i det han vakna. Armlenet på den svarte skinnsofaen var varmt.

Bortsett frå den urovekkande buldringa og knitringa utanfor var det heilt stille i den vesle leilegheita.

Det oransje lyset som spegla seg i taket varsla om det som var på gang.

Kais snudde seg mot balkongen. Flammane rasa alt oppover rekkverket.

Kor var katten?

I løpet av kort tid var den fireetasjes bustadblokka på Lone i Bergen fullstendig overtent.

Når eit hus skal byggast, er det strenge krav til brannsikring.

Folk skal rekka å rømma, brannvesenet skal rekka å sløkka.

Rådgjevande brannkonsulentar skal sørga for at bygget er trygt.

Men kven oppdagar det viss planane ikkje er gode nok? Eller ikkje blir følgde?

Det er ofte når bygget først har brunne ned at feila kjem til syne.

Slik gjekk det også med heimen til Kais.

«Det gjekk så fort»

I det Kais løfta seg opp frå sofaen, rakk han å sjå flammane smitta inn på balkongen. Dei kom frå sida. Og etasjen under.

På bordet eit stykke unna låg mobilen og lommeboka. Han rakk aldri tenka på dei.

Han hadde knapt budd her eit år, men han hadde funne seg til rette. Sommaren hadde vore varm, fin og tørr.

Uvanleg tørr.

Den svarte, vesle pelsbylten hadde blitt husvarm på rekordtid. På berre tre veker hadde Turbo funne seg til rette i sofaputene

No klorte han seg fast på undersida. Inst mot veggen, lengst unna vindauga. Kais la seg ned på golvet og drog den livredde katten med seg ut.

Då hamra det på døra.

«Brann! Brann! Kais, du må ut!»

Omtrent samstundes eksploderte stovevindauga. Dei tolte ikkje lenger varmen frå flammane som slukte balkongen.

Kais tenkte at han skulle døy. Ein vegg av flammar slo snart inn i heimen hans.

Medan eldhavet knuste seg gjennom vindauge og terrassedører i leilegheit etter leilegheit, sprang bebuarar frå dør til dør i den lune sommarnatta.

Brannen spreidde seg på utsida. Der var det ikkje sprinklaranlegg.

Først når røyken nådde inn i leilegheitene, gjekk alarmen. Og då hadde sprinklarane på innsida liten effekt.

Det gjekk så fort, rakk Kais å tenka i det han sprang ned trapperommet med Turbo på armen.

Korleis kunne eit ti år gamalt bygg bli overtent så raskt? Skulle ikkje noko sikra at brannen ikkje spreidde seg?

  • Innsatsleiar Frode Lie i brannvesenet sa natta det brann at han aldri hadde sett noko liknande:
Nei, det var jo ein ehh ... absurd situasjon å koma fram til.
Altså, det var fire etasjar,
og det var ikkje ein kvadratmeter det ikkje var flammar på.
Det var fullstendig overtent – heile fasaden i full fyr.
Dette her har spreidd seg veldig raskt.
Det er ikkje noko eg har sett før, for å seia det sånn.

Opp i røyk

Nede på gata fekk Kais eit teppe rundt skuldrene. Det einaste han hadde med seg katten Turbo.

Politiet mistenkte tidleg at brannen var påsett.

Men likevel skulle det ikkje kunna brenna så fort.

På veg inn i bussen til hotellet snakka naboane til Kais om mobiltelefonane, pengane og eigedelane dei trudde dei skulle få henta.

Kais tenkte på pengane han hadde spart opp i mange månader for å besøka sin sjuke far.

I likskap med mange andre rusavhengige hadde han kontantar heime, ikkje i banken.

Turen til Irak var lang og dyr. Med uførepensjonen sin måtte han spara lenge for å få råd.

Det hadde han snart.

Men hadde han hugsa å legga pengane i det brannsikre skapet?

Kais Kadhim går på bussen under evakuering fra blokken på Lone
Foto: RUNE ULVIK / BERGENSAVISEN

Eksperten som fekk mistanke

Nokre timar etter at Kais flyktar frå brannen, sit brannkonsulent Ingvar Gjerland ved kjøkenbordet heime på Karmøy og skrollar seg gjennom nettavisene.

Kaffien blir kald medan Ingvar les om brannen i Bergen.

Den mangeårige brannkonsulenten les dramatiske vitneskildringar frå bebuarar. Vitne som såg flammane spreia seg langs den trekledde balkongrekkja.

Ingvar les alt han kjem over. Han ser bilete av mannen med kattungen i armane. Som var på veg inn i ein buss fordi alt han eigde hadde gått opp i røyk.

Dette er ikkje til å tru, tenker Ingvar.

I snart tretti år har han jobba med å gje råd til kundar. Som rådgjevande branningeniør har det vore hans ansvar å sørga for at prosjekta han gir råd til ikkje skal brenna ned.

Det brenn framleis på branntomta i Bergen då Ingvar går i gang med å finna ut kvifor det kunne brenna så fort.

Han får ei gnagande kjensle av at dette er nok ein brann som viser at systemet ikkje er godt nok.

På eige initiativ søker han om innsyn hos Bergen kommune, og får ut alle dokument om planlegging, prosjektering og løysingar i bygget.

Branningeniør Ingvar Gjerland
Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Bygget som vart annleis enn planlagt

Då Kais Kadhim flytta inn, var det den første leilegheita hans på mange år.

Livet hadde ikkje blitt slik han såg føre seg. Som soldat under Saddam Hussein i Irak enda han som krigsfange i Gulfkrigen.

Då han kom til Noreg som flyktning, tok han utdanning og køyrde gravemaskin.

Men krigstraume, ein vond rygg og kraftige smertestillande hadde ført han inn i rusen. Lista over narkodommar var lang.

Blokka han kom til var heimen til 25 rusavhengige. Her, langt frå det tronge hospitset i Bergen sentrum, fekk han for første gong sin eigen heim.

Men her skulle det eigentleg bu barnefamiliar.

Heller ikkje blokka blei slik ho var tenkt.

Mellom gardar, grøne turområde og Bergens største campingplass blei det først lagt planar om billege familieleilegheiter på Lone i Arna bydel.

Men nesten ingen ville kjøpa.

I staden kom Bergen kommune på banen og la 50 millionar kroner på bordet for det byggeklare prosjektet.

Men bygget som kom opp i 2012, var eit heilt anna enn det kommunen sin plan- og bygningsetat faktisk hadde godkjent.

For i løpet av byggeperioden hadde kommunen bestemt at dei ville leiga ut bygget til rusavhengige og heimlause.

Difor kom selskapet som selde og deretter bygde blokka, Lab Entreprenør AS, med eit forslag:

Ville det ikkje vera betre å byta ut glasrekkverket med tre?

Då ville dei sårbare bebuarane sleppa å slita med innsyn frå nysgjerrige forbipasserande.

Godt poeng, vurderte kommunen som huseigar, og sa ja.

Det godkjente bygget skulle ha balkongar med dekke og veggar i betong og rekkverk i glas og metall.

Montasje bustadbygget som brann på Lone i Arna

Då bygget stod klart, var heile balkongkonstruksjonen bygd i tre.

Blokken på Lone fotografert under befaring med Bergen kommune

Men at dekke, skilleveggar og taket på balkongen skulle byggast i tre, hadde ikkje kommunen sagt ja til.

Lonemarka

Bygget var stygt, konkluderte kommunen etter synfaring.

Lonemarka

Kommunen sin plan- og bygningsetat lurte seinare på om dei branntekniske planane var følgde, men fekk aldri eit skriftleg svar.

Lonemarka

Men brannfaren elles var det ingen som stilte spørsmål ved.

Ti år seinare låg eit av Bergen kommune sine mest moderne bygg i ruinar.

Boligblokken på Lone i Arna
Lonemarka

Gransking avdekte alvorlege feil

I Rogaland har brannkonsulent Ingvar for lengst kome tilbake på kontoret i Haugesund sentrum. Det har gått nokre veker sidan han sat ved frukostbordet heime på Karmøy og rista på hovudet.

Ingvar hadde fått alle dokumenta frå kommunen. No blar han gjennom teikningar, brannkonsept og teknisk dokumentasjon.

Konsulentane som skulle vurdera brannfaren i bygget, hadde oversett viktige poeng, meiner Ingvar.

For at eit bygg skal godkjennast, må ein brannkonsulent sørga for at det planlagde prosjektet er brannsikkert.

Resultatet av denne jobben er eit brannkonsept.

Deretter er det krav om at ein annan uavhengig brannkonsulent kontrollerer brannkonseptet.

På denne måten skal systemet sikra branntryggleiken.

I dag er det 44 selskap som har godkjenning til å prosjektera og kontrollera såpass store bygg som på Lone.

Ingvar sitt selskap er eitt av desse.

Eit firma kan bli leigd inn til å laga planen i eitt prosjekt. Og i neste prosjekt få oppgåva med å kontrollera.

Det er byggherrane sjølve som bestemmer kven som skal ha dei ulike rollene.

Dette meiner Ingvar er uheldig. Han meiner det i mange tilfelle er for tette band mellom dei som stå bak prosjektet, dei som faktisk utfører bygginga og brannkonsulentane.

Han får støtte i ein statleg rapport frå 2015.

Der kjem det fram at fleire i bransjen meiner at tette band mellom dei som prosjekterer dei som skal kontrollera arbeidet, kan vera problematisk. Dette gjeld spesielt for aktørane i den lågaste tiltaksklassen, som gjeld dei minste og fleste jobbane.

Blant anna blir det trekt fram at fleire selskap gong på gong nyttar dei same konsulentane til å kontrollera arbeidet sitt.

«Mange av foretakene forklarer det med at de ønsker forutsigbarhet og et foretak som de vet har god kompetanse. Andre benytter samme foretak for å holde kostnadene nede. Det er også flere som nevner at samme foretak benyttes fordi de ønsker en «snill» kontroll», står det i rapporten.

Som NRK allereie har omtalt, er det også svært sjeldan kommunen er ute på fysiske tilsyn for å sjekka at regelverket faktisk blir følgt.

Som regel nøyer dei seg med å sjekka at papira er sendt inn.

Dette bekreftar Direktoratet for byggkvalitet overfor NRK. Dei er kjent med at mange kommunar slit med å prioritera tilsyn.

Samstundes poengterer dei at dette ansvaret ligg utelukkande hos kommunane.

Dermed risikerer ein at dårlege løysingar glir gjennom kontrollordningane i systemet, meiner Ingvar.

Han legg til at konkurransen om å få nye oppdrag er tøff. Det er ingen som ønskjer å bli oppfatta som vanskelege, ifølge fleire NRK har snakka med.

For om systemet hadde fungert, ville ikkje bygg som blokka på Lone ha blitt godkjent, meiner brannkonsulenten i Haugesund.

Kva skjedde med sparepengane?

I den gule kommunale blokka sør i Bergen prøvde Kais, katten og kompisen å finna seg til rette i ein ny heim.

Det hadde gått fire månader sidan han mista alt.

Kais Kadhim, Lonemarka, Bergen, brann
Foto: Christine Fagerbakke / NRK

Seinast denne hausten hadde faren spurt om den 51 år gamle sonen kunne koma heim.

Kais hadde sagt som han hadde gjort mange gongar før: «Ja, pappa. Denne gongen kjem eg».

Han sa aldri «heim». Heim var blitt Noreg og Bergen.

Men planen om å besøka den sjuke faren var knust.

Han prøver likevel å stabla seg på beina. Han har kompisen Tore og katten Turbo.

Men han hadde ikkje klart å kvitta seg med tanken: Kva med brannskapet?

Han hadde spurt politiet. Ingen kunne svara på spørsmålet.

Der låg verdiar han kunne selja for å få råd til billetten, fortel Kais. Kanskje også kontantar, om han hadde hugsa å legga dei i pengeskapet.

Stod det der, i den svarte, utbrende blokka?

Kais Kadhim

– Feil og manglar

Samstundes hadde forsikringsselskapet til Bergen kommune byrja å jobba. Som byggeigar sin forlenga arm ville dei vita kva som hadde skjedd.

Difor hyra dei inn brannrådgjevarselskapet Safezone:

Bygget hadde ei rekkje feil, manglar og svakheiter, konkluderte dei.

«(...) manglene i den branntekniske prosjekteringen (var) etter all sannsynlighet sterkt medvirkende til det omfattende omfanget brannen fikk».

Det var Europas største arkitekt- og ingeniørselskap, Sweco, som laga brannkonseptet.

Dei stod altså ansvarleg for den branntekniske prosjekteringa på Lone.

Sweco er ueinig med konklusjonen til Safezone.

Dei meiner etter ein grundig gjennomgang av brannkonseptet at sikkerheita tvert imot var god nok i høve dei krava som gjaldt i 2012. Dei viser til at det då ikkje var spesifikke krav til kva materiale ein brukte til balkongar.

Vidare viser Sweco til at det hadde vore ein lengre tørkeperiode, og at fleire av balkongane var fylt opp med gjenstandar som lett kunne ta fyr.

Selskapet skriv at trass i ein kraftig brann midt på natta, så klarte alle å rømma på ein trygg måte.

Også selskapet som hadde den uavhengige kontrollen med brannkonseptet, Skansen consult, får kritikk i rapporten til Safezone. Selskapet blei kjøpt opp av Cowi i 2013.

Cowi opplyser til NRK at rapporten peiker på ei rekke forhold som ein i etterkant av ein brann, ser at ville gitt eit redusert skadeomfang.

Selskapet poengterer at dette verken er rolla eller ansvaret til uavhengig kontrollør. Kontrolløren skal undersøka om brannkonseptet tilfredsstiller minstekrava i byggeforskrifta.

Og berre det.

LAB Entreprenør AS, som bygde blokka, opplyser at dei først og fremst er glade for at ingen blei skadde i brannen.

NRK har stilt selskapet fleire spørsmål knytt til bygginga og løysingane som blei valde, blant anna balkongen i tre.

Selskapet ønskjer ikkje kommentera saka fordi brannen framleis er under etterforsking.

Pensjonistane som blei kasta på dør

NRK har fortalt om sambuarparet Jan Gunnar Østby (79) og Aud Mary Ås (82).

Bygget dei budde i på Trysil var ei brannfelle, meinte ein brannkonsulent som hadde vore på synfaring på loftet.

Les også Måtte flytte på dagen fordi leilegheita var livsfarleg

Aud Mary Ås og Jan Gunnar Østby

Ekspertar NRK har snakka med seier systemet ikkje fungerer. At me eigentleg ikkje har kontroll med tryggleiken i nye bustadblokker.

Historia som den på Trysil er ikkje unik.

Men det er ikkje alltid bekymringsmeldingar kjem før det går gale.

Parkeringshuset som kollapsa

I 2020 brann eit parkeringshus ved Sola lufthamn i Stavanger. Delar av bygget kollapsa etter at ein bilbrann hadde spreidd seg og gjort skade på fleire hundre bilar.

I granskinga, bestilt av staten, blei det slått fast at bygget var for dårleg prosjektert.

Delar av parkeringshuset hadde berande konstruksjonar som skulle tola ein fullt utvikla brann i ti minutt.

«Minstekravet» i forskriftene seier 15 minutt.

Då brannvesenet fekk vita korleis bygget var planlagt, trekte dei seg ut fordi dei frykta for sin eigen tryggleik.

Dermed fekk brannen endå betre tak.

Også i denne saka var det Sweco som hadde laga brannkonseptet.

Sweco er ueinig i rapporten og meiner bygget var riktig prosjektert etter dåverande regelverk.

Det var SV Betong, som idag heiter Herda Totalentreprenør, som bygde den aktuelle delen av parkeringsanlegget.

Selskapet meiner at tidspunktet for varsling og sløkking medverka til at brannen blei så stor. I tillegg var p-huset ubemanna, noko som gjorde at den tidlege sløkkefasen med pulverapparat uteblei, skriv prosjektsjef i selskapet til NRK.

Bransjen slår sjølv alarm

– Det tilsynet som er i dag, det er ikkje verdt papiret det er skrive på.

Knut Løe er spesialist på prosjektleiar for brannsikring i Standard Norge.

Han er overtydd om at kontrollen med norske byggeprosjekt er for dårleg.

I dag er det ikkje eit system som fangar opp feila, meiner han. Det er ingen som reiser ut for å sjekka korleis bygget ditt er bygd.

Det vil bli for dyrt, slår norske styresmakter fast.

Men blir det funne feil, er det endå dyrare å reparere dei i etterkant, meiner Løe.

Tal frå SSB viser at det blir registrert byggefeil på norske bustader for opptil 20 milliardar kroner kvart år.

Men det skjer ting.

Bransjen har sjølv innsett at det er for mange feil.

Fleire organisasjonar har bedt om klarare retningslinjer for kontroll av oppførte bygg.

– No når me har så mange brannar og feil, har bransjen vendt seg til oss.

Feil på brannalarmanlegg, brennbare fasademateriale og feil i konstruksjonar og brannskilje er gjengangarar, ifølge Løe.

I snart to år har han jobba med å laga eit betre system.

Ein kontroll som faktisk sjekkar om bygget er reist slik det var tenkt.

Som sjekkar om brannkonsulentane har gitt gode råd og om dei som bygger faktisk gjer som dei skal.

Sjekkar alltid tryggleiken når han er på hotell

Ein annan som i mange år har stilt spørsmål ved kontrollen i byggebransjen, er brannkonsulent Andreas Nordal.

Når han sjekkar inn på hotell, ser han etter noko heilt anna enn det du og eg gjer.

– Det er den falske tryggleiken eg tenker på når eg reiser rundt på hotell og ser meg rundt.

Han har bakgrunn frå fleire sider i brannbransjen. Tida som rådgjevande brannkonsulent og tilsynspersonell i kommunen gjorde han nysgjerrig på det same:

Er kontrollen med branntryggleik i byggebransjen god nok?

Resultatet blei ei masteroppgåve om brannsikring. 126 brannkonsulentar og representantar frå byggenæringa og kommunesektoren svara på ei undersøking.

Spesielt eitt funn overraska:

I dei tilfella der brannkonsulentane deltok i prosjektet etter at bygging hadde starta – og ikkje berre sat ved teiknebordet – svara omtrent alle at dei fann feil.

Med andre ord hadde det svikta ein stad mellom dei godkjente planane og den faktiske utføringa.

– Kva fortel det oss at i dei få tilsyna me gjer, så finn me alltid feil? Det seier at det er eit enormt behov for å føra tilsyn i bransjen.

Nordal understrekar at han ikkje meiner norske bygg er brannfarlege. Men han er bekymra over at styresmaktene i så liten grad har kontroll med det som blir bygd.

Brannfakkelen

I Haugesund ligg framleis bunken med dokument på pulten til den erfarne brannkonsulenten Ingvar.

Han klarar ikkje legga vekk saka om den nedbrende blokka utanfor Bergen.

For korleis blei eigentleg heimen til Kais og naboane ei brannfelle?

Ingvar meiner saka illustrerer eit større problem:

Ein ukultur som har oppstått mellom utbyggarar som treng godkjente dokument og brannkonsulentar som treng kundar.

NRK har snakka med fagfolk med bakgrunn frå brannkonsulentbransjen, brannvesenet, og bransjens eigen interesseorganisasjon.

Fleire bekreftar skildringa om ein ukultur få vil snakka om.

– Ein ting er at me veit at det føregår. Me ser denne koplinga. Ein annan ting er å skriva det opent. Men viss ikkje ein interesseorganisasjon som oss tør å ta ballen, kven skal gjera det då? spør Hugo Haug, spesialist på brannsikring og leiar i Brannfaglig fellesorganisasjon (BFO).

Hugo Haug

Haug er til dagleg brannteknisk rådgjevar og fagansvarleg i Omsorgsbygg Oslo KF.

Foto: Frode Meskau / NRK

I drygt 40 år har han samla brannfagleg erfaring frå privat og offentleg næringsliv.

Han meiner konsulentar let seg overtyda om å lempa på krava for å spara utbyggaren for byggekostnader.

Eller «selja sjela for ein skilling», slik brannkonsulent Ingvar skildrar det.

– Ved å visa sterk løysingsvilje for å vinna gunst hos oppdragsgjevaren, kan dette igjen opna for at du får nye oppdrag i neste runde, meiner han.

Også Nordal, brannkonsulenten som skreiv masteroppgåve, meiner det tette bandet mellom utøvande part og rådgjevande part kan vera eit bransjeproblem.

Han meiner fleire selskap kan bli «einige» om kor nivået på løysingane skal ligga. Så er det gjerne dei same selskapa som kontrollerer kvarandre, og nivået på løysingane kan i mindre grad bli utfordra.

– Det er ein liten bransje, alle kjenner alle i enkelte område.

Styreleiar Hugo Haug i BFO meiner mange i Noreg bur og arbeider meir brannfarleg enn dei trur.

– Eg trur det er mange kommunar som no har byrja å kikka i sine eigne arkiv etter brannen på Lone og omtalen av Pernup-blokka på Trysil.

Nektar for ein ukultur

Sweco er ikkje kjent med at det eksisterer ein slik ukultur som brannkonsulent Ingvar Gjerland og Hugo Haug viser til. Men selskapet seier at regelverket opnar for tolkingar og vurderingar.

Det er mogleg at det finst enkelte useriøse aktørar som lar ønsket frå oppdragsgjevar om innsparing gå ut over det å overhalda myndigheitskrav, men me er ikkje kjent med at det eksisterer ein «ukultur». I så tilfelle vil me støtta eit kvart tiltak som kan få bukt med dette, skriv kommunikasjonssjef Peter Hagen i selskapet.

Sjå Sweco sitt utfyllande svar på påstanden om ukultur:

Rådgivende ingeniørers forening (RIF) meiner det ikkje er noko grunnlag for å seia at det er ein ukultur i bransjen.

Men bransjeorganisasjonen vedgår at tette bindingar kan vera eit problem.

– RIF er ikkje ukjent med at førekjem enkelthendingar der det er for tette bindingar mellom utførande og kontrollerande. Men me meiner ikkje det er grunnlag for å seia at det er ein ukultur, altså at det er stort omfang av slikt samarbeid eller for tette bindingar, seier utviklingssjef Ari Soilammi til NRK.

Soilammi viser til at yrkesgruppa set fagleg integritet høgt, og at det vil straffa seg for selskapa sjølve dersom ein byggherre stadig vel dei same selskapa som prosjekterande og kontrollerande.

Utviklingssjefen seier RIF kunne ønskt seg at det var ei avgrensing på kor mange gongar eit foretak kunne kontrollera eit anna.

På den måten ville systemet i endå større grad forhindra at for tette bindingar kunne bli eit problem, meiner han.

Sjå RIF sitt utfyllande svar:

NRK har lagt fram kritikken overfor LAB Entreprenør AS, som er Vestlandets største totalentreprenør, og som bygde blokka på Lone.

Dei ønskjer ikkje kommentera påstandane om ein ukultur.

NRK har stilt Byggenæringens Landsforening ei rekkje spørsmål om den påståtte ukulturen.

Bransjeorganisasjonen opplyser til NRK at dei ikkje er kjent med at aktørar systematisk går på akkord med sikkerheit innan brannteknisk prosjektering.

Det bør gjennomførast tilsyn for å få bekrefta eller avkrefta ein uforsvarleg praksis dersom det er mistanke om at prosjekteringa av dagens bygg blir gjort på ein uforsvarleg måte, seier samfunnspolitisk direktør Jørgen Leegard, og visar vidare til rågjevingsbransjen.

– Spørsmål om dette bør reisast overfor dei store mulitdisipline rådgjevingsselskapa, om korleis dei sikrar sin faglege integritet, og kva for etisk praksis dei har forbunde med si rådgjeving.

Direktoratet for byggkvalitet seier til NRK at det er næringa som sjølv har ansvaret for at norske bygg blir planlagt og riktig bygd. Dei skriv at dei aller fleste aktørane er seriøse, tar sitt pålagde ansvar og gjer ein god jobb, men:

Dessverre ser me at det har skjedd brannar som har blitt meir omfattande enn kva me kunne venta dersom dagens regelverk var følgt i alle ledd i byggeprosessen.

På kontoret til den erfarne brannkonsulenten i Haugesund ligg framleis bunkane med papir.

Ingvar fryktar «katastrofebrannar», brannar som blir omfattande og med dødeleg utfall.

Han meiner kommunane i større grad må ut og sjekka at branntryggleiken i byggeprosjekt er god nok. Og direktoratet må sørga for at det faktisk blir gjort.

For i siste instans er det sånne som Kais som blir den skadelidne.

Gravferda han aldri rakk

Oppå eit kumlokk, midt på eit utbrent jorde utanfor Bergen, står Kais.

Framfor han ruvar eit svartbrent fjell av betong, armeringsjarn og skrap.

Han håpar at det er noko igjen der inne. Brannskapet skulle tola fleire tusen grader.

Kais klatrar opp på skuldrene til kompisen. Han strekkjer seg for å sjå inn i den utbrende leilegheita.

Det kjem eit sukk.

– Det er vekk. Skapet er vekk.

Kais har nesten ingenting igjen. Alt han hadde fått med seg gjennom sitt rufsete liv, gjekk tapt den natta.

I haust døydde faren i heimlandet. Kais fekk aldri møtt han igjen.

Vegen til Irak blei for lang og for dyr.

I dei utbrende ruinane på Lone planlegg kommunen ei ny blokk. Det trengst sårt fleire bustader til huslause og rusavhengige.

Men Kais vil aldri tilbake.

– Eg tør ikkje.

Kais Kadhim tar halsbånd på katten Turbo
Foto: Christine Fagerbakke / NRK

Hei!

Har du innspel etter å ha lese denne saka? Har du eit tips om dette temaet du meiner me bør sjå på? Send oss ein e-post.

Les også «Overtenning på disse balkongene er ikke sannsynlig», skreiv rådgjevaren. Så skjedde akkurat det

Totalt utbrent boligblokk i fire etasjer, fotografert fra luften, på Lone i Bergen

Les også Eigedomsgigant får pengekrav etter storbrann – meiner balkongar var brannfarlege

Brann Lone i Arna, tett på, viser bare betongen står igjen i de kraftige flammene