Hopp til innhold

Tillate med jonsokbål – men følg oppfordringane til brannsjefen

I fjor var det forbode med bål på jonsokaftan. I år tillèt brannsjefane i Vestfold og Telemark det, men oppfordrar til å følge reglane.

Jan Helge Kaiser, brannsjef i Vestfold interkommunale brannvesen

TILLÈT: Brannsjef i Vestfold interkommunale brannvesen, Jan Helge Kaiser, tillèt jonsokbål i kommunane sine i år.

Foto: Vestfold interkommunale brannvesen

Juni har bydd på regndans, spesielt i Sør-Noreg, melder meteorologane.

Rjukan har alt fått 102 prosent meir nedbør enn normalt for heile juni.

Og sjølv om ein helst skulle hatt strålande sol og godt over 20 grader, er fordelen at brannfaren i terrenget er låg.

Følg oppfordringane

Brannsjef Jan Helge Kaiser i Vestfold interkommunale brannvesen, som har kommunane Holmestrand, Horten, Tønsberg og Færder, vil gje lov til å ha jonsokbål førstkommande helg.

– Om den som tenner bålet følger gjeldande føresetnader er jonsokbål tillate i strandkanten ute ved kysten, seier han via VIB.

Men han understrekar at bålforbodet gjeld i skogen.

  • Den som tenner bålet har det totale ansvaret for bålbrenninga, og skal ha løyve frå grunneigar.
  • Ha sløkkemidlar som vasslange eller bøtter i nærleiken.
  • Vindretning og vindstyrke må vurderast.
  • Ha god avstand til bygningar, vegetasjon og anna som kan ta fyr.
  • Ikkje bygg bålet for stort.
  • Det er forbode å brenne bål på bart fjell.
  • Miljøfarlege, forureina materiale og avfall er det forbod mot å brenne.
  • Sørg for at barn held avstand til bålet.
  • Bålet skal vere fullstendig sløkt når det blir forlate.
  • Kjem bålet ut av kontroll ringer du 110.
Jan Helge Kaiser, brannsjef i Vestfold interkommunale brannvesen

Kaiser ønsker at ingen tar unødig risiko og tenner bål der det kan starte ein større brann.

Foto: Vestfold interkommunale brannvesen

Kraftig nedgang

Kaiser seier at dei veit at dei har ansvarlege og påpasselege innbyggarar. Denne våren har det ikkje vore nokon brannar i gras eller innmark. Berre ein liten brann i utmark på Torød i Færder.

Det er han godt fornøgd med.

– Det er ein kraftig nedgang samanlikna med dei fire siste åra. Da var det årleg fram til jonsok i snitt 16 brannar i gras- og innmark, og sju brannar i skog og utmark i VIB sitt område.

I løpet av mange år er det tent tusenvis av jonsokbål i meir eller mindre organiserte former i Vestfold, utan at det har ført til alvorlege hendingar, fortel brannsjefen.

– Vi anerkjenner kompetansen til innbyggarane og at dei tar ansvaret, og dessutan tar branntryggleiken på alvor. Vi ønsker at det fortset slik og at ingen tar unødig risiko og tenner bål der det kan starte ein større brann.

Sankthansbål på Ulvøya
Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

Meldepliktig i Grenland

I Grenland er det også tillate med jonsokbål både fredag, laurdag og søndag, men brannvesenet minner om at det er meldepliktig.

Utrykkingar til arrangement med jonsokbål som ikkje er meldt inn kan medføre politimelding eller andre reaksjonar, skriv Grenland brann og redning på nettsidene sine.

PS. For å vere på den sikre sida, sjekk din kommunes nettsider.