Hopp til innhold

Eigedomsgigant får pengekrav etter storbrann – meiner balkongar var brannfarlege

«Berre flaks» gjorde at ingen omkom i den kraftige brannen. No får Vestlandets største totalentreprenør krav om gigantrekning i fanget.

Brannen på Lone i Bergen i fjor sommar tok ingen liv. Men den eksplosive brannen sjokkerte både brannvesen og ekspertar.

På mirakuløst vis kom 24 bebuarar med rusvanskar seg ut utan ei skramme. Den kommunale bustadblokka blei totalskadd.

Fleire har stilt spørsmål ved at eit moderne bustadkompleks frå 2012 kunne bli totalskadd så raskt.

Det har også forsikringsselskapet no gjort.

Ein rapport slår fast at planlegginga av bygget på mange område er i direkte konflikt med lov og forskrifter. Det viser dokument NRK har fått innsyn i.

Selskapet Safezone gir planlegginga av branntryggleiken i bygget det glatte lag.

– Manglane i den branntekniske prosjekteringa [var] etter alt sannsyn sterkt medverkande til det omfattande omfanget brannen fekk, er konklusjonen i rapporten til Safezone.

Lonemarka
Slik såg blokka ut i 2015.
Tett trekledning og ein verandakonstruksjon bygd utelukkande i tre.
Blokken på Lone fotografert under befaring med Bergen kommune
Kommunen si eigedomsavdeling, som hadde kjøpt bygget, reagerte alt i 2013:
«(...) Hele balkongkonstruksjonen (er) endret og det er benyttet tett trevegg som rekkverk på balkongene istedenfor vertikale spiler»
Etter to år med søknader, avslag og klager fekk bygget likevel godkjenninga som skulle til.
Brann Lone i Arna, tett på, viser bare betongen står igjen i de kraftige flammene
I perioden blei omsynet til brannsikkerheita i liten grad problematisert.
No viser det seg at balkongane i tre var sterkt medverkande til den eksplosive utviklinga.

Var blokka lovleg?

I haust engasjerte forsikringsselskapet KLP Forsikring Safezone til å gå gjennom den branntekniske planlegginga.

Målet var å finna ut om blokka var bygd etter lovverket. Og om det fanst eventuelle manglar som kunne forklara at brannen utvikla seg så rakt.

Firmaet, som spesialiserer seg i brannrådgjeving, kan etter ein gjennomgang «vanskelig (...) se at personsikkerheten er tilstrekkelig ivaretatt».

Dersom blokka hadde vore prosjektert i høve gjeldande regelverk, ville brannen etter alt sannsyn fått mindre konsekvensar, lyder konklusjonen.

KLP forsikring har no sendt regresskrav til totalentreprenøren Lab AS, som bygde blokka.

Eit regresskrav betyr at dei vil ha betalt tilbake pengane dei har utbetalt etter brannen.

«Basert på Safezones rapport fremstår det rimelig klart at den branntekniske prosjekteringen og uavhengige kontroll ikke oppfylte de offentligrettslige krav og at det dermed utgjør en mangel i kontraktsrettslig forstand (...)», skreiv KLP i eit brev til Bergen kommune i november.

Krimteknikere og brannvesen på branntoma på Lone i Arna

ETTERFORSKING: Politi og brannvesen på tomta to dagar etter brannen. Politiet si etterforsking går framleis føre seg.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Fekk ikkje godkjenning

NRK har tidlegare fortalt korleis blokka, som er eigd av kommunen, sleit med å få godkjenningane på plass. Eigedomsavdelinga meinte kort fortalt at det ferdige bygget var styggare enn avtalt.

Då bygget sto ferdig var absolutt heile balkongkonstruksjonen – med søyler, bjelkelag og skiljelag mellom balkongane – bygd i tre. Planen var å berre gjere dette med rekkverket.

I brannprosjekteringa var faren ved dette i liten grad problematisert.

Mangeårig branningeniør Ingvar Gjerland har tidlegare gått hardt ut mot brannprosjekteringa.

Byråden overprøvde si eiga fagavdeling Slik fekk brannblokka tommel opp etter fleire år med avslag

Brann Lone i Arna, tett på, viser bare betongen står igjen i de kraftige flammene

Balkongar står sentralt

Balkongane er hovudårsaka til at forsikringsselskapet no vil krevja regress.

Den branntekniske prosjekteringa av blokka frå 2011 hadde alvorlege avvik og «en rekke feil, mangler og svakheter», konkluderer rådgjevingsselskapet Safezone.

– Balkongane si utforming har vore avgjerande for brannutviklinga, står det i rapporten.

Brannkonseptet oppgir at balkongane skulle oppførast i lette, brennbare konstruksjonar.

Men Safezone meiner at det ikkje er tatt høgd for den reelle faren for spreiing mellom balkongane. Selskapet viser til at fare for vertikal spreiing mellom balkongar med manglande brannmotstand er ei kjent problemstilling.

Det var akkurat dette som skjedde på Lone.

Boligblokken på Lone i Arna
Lonemarka

Betalte 50 mill. i 2011

Det er hemmeleg kor stor kravet er.

– Årsaka til at me vurderer regress mot LAB Entreprenør AS er at me meiner at ikkje alle lovpålagde retningslinjer for branntryggleik blei følgt den gong bygget blei oppført, opplyser Lars Wiig, avdelingsleiar for storskade i KLP Skadeforsikring.

I korrespondansen NRK har lest kjem det fram at KLP sende reklamasjon 26. november i fjor. LAB fekk frist til 31. januar å kommentera kravet.

Forsikringsselskapet legg til grunn at betre brannprosjektering kunne ha redda bygget som Bergen kommune kjøpte av LAB for 50 millionar kroner.

Det førte til at brannen blei mykje meir omfattande enn om brannforskriftene hadde blitt følgde, seier Wiig.

Lars Wiig, avdelingsleder i KLP Skadeforsikring

STORSKADE: Lars Wiig er avdelingsleiar for storskade i KLP Skadeforsikring.

Foto: KLP

Brannvesenet har allereie peikt på balkongane i heiltre som ei sterkt medverkande årsak til at brannen spreidde seg inn i kvar enkelt leilegheit.

Det same konkluderer no brannrådgjevarane til forsikringsselskapet med.

KLP vil ikkje kommentera summen i kravet.

– No må LAB først få høve til å kommentera kravet. Når me får deira svar, vil me vurdera kva me gjer vidare, fortel avdelingsleiar Wiig.

Bygging av fylkeshuset i Bergen

STORAKTØR: LAB Entreprenør AS er den største byggentreprenøren på Vestlandet. Selskapet bygger blant anna det nye fylkesbygget i Bergen sentrum.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Avviser kravet

LAB entreprenør AS er i dag den leiande totalentreprenøren på Vestlandet og den tiande største i Noreg.

LAB har avvist regresskravet, opplyser administrerande direktør Gard Kvalheim.

– Me har ikkje kommentar til saka bortsett frå at me har svart ut KLP sitt brev basert på rapporten frå Safezone.

Kvalheim opplyser at selskapet har avvist kravet med bakgrunn i ei rekkje forhold som LAB sin uavhengige rådgjevar har vurdert.

– Me vurderer saka som svart ut og avslutta for vår del.

Les også «Overtenning på disse balkongene er ikke sannsynlig», skreiv rådgjevaren. Så skjedde akkurat det

Totalt utbrent boligblokk i fire etasjer, fotografert fra luften, på Lone i Bergen

Tre mistenkte

NRK har tidlegare stilt LAB (ansvarleg utførande), Link Arkitektur (ansvarleg søkar) og Sweco (ansvarleg for brannprosjektering) ei rekke spørsmål om endringane som blei gjort på bygget.

På grunn av den pågåande etterforskinga har ingen av partane ville uttala seg. Politiadvokat Are Nygaard Bergh opplyste i januar at politiet ventar på ein byggteknisk rapport før dei avsluttar etterforskinga.

Tre personar har sidan brannatta hatt status som mistenkte.