Hopp til innhold

«Overtenning på disse balkongene er ikke sannsynlig», skreiv rådgjevaren. Så skjedde akkurat det

Bustadblokka på Lone blei godkjent med balkongar i betong, glas og metall, men enda opp i tre. Brannrisikoen blei i for liten grad vurdert, meiner branningeniør.

Totalt utbrent boligblokk i fire etasjer, fotografert fra luften, på Lone i Bergen

UTBRENT: Brannfolk, kommune og ekspertar har stilt store spørsmålsteikn ved korleis blokka på Lone i Bergen kunne gå opp i røyk så fort.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Brannen på Lone i Bergen natt til 7. august herja med den kommunale bustadblokka i mange timar.

Varmen var så høg at brannvesenet først kunne melda brannen sløkt nesten to døgn etterpå.

Fleire har stilt spørsmål ved at eit moderne bustadkompleks frå 2012 kunne bli totalskadd så raskt.

– Det var absurd. Heile fasaden på fire etasjar stod i full fyr då me kom fram, sa innsatsleiar Frode Lie i brannvesenet til NRK brannatta.

Tre personar har status som mistenkte i politietterforskinga. Denne veka gjekk politiet på nytt ut og bad om tips.

24 personer evakuert fra boligblokk i Bergen

24 personer evakuert fra boligblokk i Bergen

Endra til trekledning

Ei gjennomgang NRK har gjort viser at bygget som brann ned, skil seg markant frå bygget som blei søkt om og godkjent av Bergen kommune i 2012.

Først blei eit bygg med balkongkonstruksjon beståande av betongdekke, glas- og stålrekkverk godkjent.

Men då kommunen kom på synfaring i 2013, vart dei overraska. Der sto eit bygg med balkongar bygd i heiltre.

Bygget som var godkjent var eit heilt anna enn det ferdige bygget.

Teikninga under viser kor mykje meir trekledning det vart på bygget, samanlikna med den godkjende blokka.

Montasje bustadbygget som brann på Lone i Arna

FØR OG ETTER: Bergen kommune sine utsende reagerte då dei dukka opp på Lone for å sjå korleis bygget på teikningane til venstre vart. Dei ble overraska då dei møtte bygget til venstre.

Foto: Link arkitektur/Bergen kommune

Kommunen gav ansvarleg for prosjektet ei åtvaring. Ei av årsakene var at selskapet ikkje hadde søkt om og fått godkjent endringane som blei gjort under bygging.

«(...) Hele balkongkonstruksjonen (er) endret og det er benyttet tett trevegg som rekkverk på balkongene istedenfor vertikale spiler», står det i avslaget på ferdigattesten.

I ettertid tok det to år før alle naudsynte godkjenningar var på plass.

Kva skjedde undervegs?

NRK har ettergått kva som skjedde frå dei godkjende skissene i betong – til ferdig fasade i tre.

I sakspapira til kommunen dukkar dei nye planane om tett trekledning på balkong opp i april 2012. Men det står ingenting om kor ideen stammar frå.

Men ein e-post NRK har fått innsyn i viser at det dukka opp eit forslag om å heller kle rekkverket på balkongane i tre.

Forslaget kom frå selskapet som teikna prosjektet og utbyggar.

Bergen kommune si eigedomsavdeling takka ja til tre i staden for glas. Årsak: Å hindra innsyn til dei rusavhengige som skulle bu der.

«Ut i fra fordelene med redusert innsyn til den enkelte leilighet fant en som kjøper å kunne akseptere en slik endring (...)», skreiv Etat for bustadforvaltning i eit brev.

Men det var ikkje berre rekkverket som blei bytta ut.

Blokken på Lone fotografert under befaring med Bergen kommune

PÅ SYNFARING: Slik såg blokka ut då Bergen kommune var på tilsyn i juni 2014. «Balkongene fremstår mer som påhengslet enn integrert i bygningskroppen, noe som kunne vært unngått med en høyere håndverksmessig utførelse. Dimensjoneringen medfører også at det stjeles unødvendig mye lys og utsyn», står det i byggesaksavdelinga sitt avslag på endringssøknaden.

Foto: Bergen kommune

– Ein svikt

I staden for den godkjende balkongkonstruksjon i betong, glas og stål, blei heile konstruksjonen bygd i heiltre.

Men i den brannvurderinga tok ikkje prosjektet godt nok omsyn til den omfattande fasadeendringa, meiner branningeniør Ingvar Gjerland.

Den branntekniske rådgjevaren med nærare tretti års erfaring har på eige initiativ søkt om innsyn i byggesaksdokumenta til det omstridde bygget i Hardangervegen.

Gjerland reagerer på korleis eit så moderne bygg kunne gå opp i røyk i løpet av så kort tid.

– Korleis kunne ein sånn brann skje i eit så moderne bygg? Det bør fanga opp interessa rundt om kring. Både for at ein finn ut kva som var årsaka til brannen, men og for å hindra at ein bygger denne typen bygg i Noreg, seier Gjerland.

Branningeniør Ingvar Gjerland i Rogaland brann og sikkerhet

BRANNINGENIØR: Ingvar Gjerland er mangeårig brannteknisk rådgjevar driv firmaet Rogaland Brann & Sikkerhet. Han er kritisk til dei branntekniske vurderingane gjort i prosjektet.

Foto: Privat

NRK sin gjennomgang viser at det i liten grad blei stilt spørsmål ved den branntekniske konsekvensen av å bygga ein balkong i heiltre.

I dokumentet som skal ta stilling til alle slike spørsmål, blei ikkje faren for spreiing langs fasaden problematisert.

Det står at brannsmitte i fasaden, både horisontalt og vertikalt, skulle bli hindra ved hjelp av sprinklaranlegg.

Men bygget hadde ikkje sprinkling på utsida.

Og når brannvarslingsanlegget først oppdaga brannen, og mange av bebuarane blei vekt av naboar som dundra på dører, hadde brannen allereie spreidd seg på utsida.

Ein brannteknisk svikt frå dei første teikningane til det endelege bygget, meiner Gjerland.

– Balkongane skulle aldri ha vore oppført i treverk, seier han.

Boligblokken på Lone i Arna
Lonemarka

Fekk nei av kommunen

Byggeprosjektet på Lone blei først lagt ut for sal på den opne marknaden, men få kjøparar melde si interesse. Først då kommunen gjekk inn med 50 millionar og kjøpte heile prosjektet, kom bygginga i gang.

I august 2013 flytta 23 bustadlause inn, mange med rus- og åtferdsvanskar.

Då hadde plan- og bygningsetaten på synfaring nokre månader i førevegen stilt spørsmål ved om tiltaket «var utført i tråd med det branntekniske prosjekteringsgrunnlaget».

Ikkje minst var kommunen misnøgd med fasaden:

  • «(...) endringen på fasaden fører til at bygget ikke lengre innehar gode visuelle kvaliteter, arkitektonisk utforming og tilstrekkelig bygningsteknologi, slik det opprinnelige prosjektet ble vurdert til å ha», heiter det i eit av avslaga.

Men etter to år med søknader, avslag og klager fekk bygget godkjenninga som skulle til i 2015.

Spørsmål om brannprosjekteringa blei, slik det går fram av byggesaka, aldri tatt opp.

Brann Lone dra forsida, brannvesen slukker mot den overtente blokken

KRAFTIG BRANN: Fasaden på brannblokka

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Overtenning ikkje sannsynleg

Eit såkalla brannkonsept skal vurdera alle branntekniske forhold ved eit bygg. Dokumentet som blei brukt under bygginga av blokkene på Lone tok utgangspunkt i planane slik dei var godkjente.

Men i juli 2012, månaden etter at Bergen kommune hadde akseptert å bygga rekkverk i tre i staden for i glas, blei konseptet oppdatert.

Likevel blei det i liten grad problematisert at heile balkongkonstruksjonen skulle byggast i tre.

Plan og bygningsetaten omtalte balkongane slik etter synfaringa:

  • «Balkongene fremstår mer som påhengslet enn integrert i bygningskroppen, noe som kunne vært unngått med en høyere håndverksmessig utførelse», står det i etaten sitt avslag på endringssøknaden.

– Brannkonseptet har ikkje omtalt treverkskonstruksjonen på balkongen. Det er gitt enkelte lempingar på forskrifta når det gjeld svalgangen, som også blei bygd i tre, men det er ikkje oppgitt endringar på balkongane. Det er vanskeleg å sjå kva som har skjedd her. Det manglar dokumentasjon, meiner Gjerland.

NRK har vore i kontakt med Lab entreprenør (utbyggar og ansvarleg utførande), Link Arkitektur (ansvarleg prosjekterande) og Sweco (som forma ut brannkonseptet). Ingen ønskjer å uttala seg om saka. Les meir lenger nede i saka.

Krimteknikere og brannvesen på branntoma på Lone i Arna

BRANNTOMT: Krimteknikarar på tomta dagen etter brannen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

«Overtenning ikkje sannsynleg»

Sweco, som utarbeidde konseptet, gjekk god for fleire mindre fråvik frå byggteknisk forskrift (TEK). Konseptet blei seinare godkjent av ein uavhengig part.

I argumentasjonen for fråvika blei eitt scenario fleire gongar vurdert som lite risikofylt: Ein brann på balkong eller utsida av bygget.

Det blir underbygd av utdrag frå brannkonseptet:

  • «Skulle en brann starte på balkongen og slå inn i boenheten vil både sprinklar- og brannalarmanlegget varsle brannen, hvis den ikke oppdages manuelt. Det er heller ikke usannsynlig at det innvendige sprinkleranlegget klarer å kontrollere et slikt brannforløp»
  • «Overtenning på disse balkongene er ikke sannsynlig»
  • «Mht. brannspredning mellom leiligheter via den utvendige kledningen, vil risikoen være lav da alle vegger og dører er brannklassifiserte.»

Det harmonerer dårleg med kva som skjedde brannatta.

Alle dei 20 leilegheitene blei totalskadde. Alle var brannceller, skilt frå kvarandre med betong og branndører. Men det hjelpte lite når flammane slo inn gjennom balkongkonstruksjonen.

– Påstanden om at overtenning på balkongane er usannsynleg er eg heilt ueinig i, seier branningeniøren.

Byggteknisk forskrift seier på generelt grunnlag at material og produkt skal ha eigenskapar som ikkje gir uakseptable bidrag til brannutviklinga.

Gjerland hevdar han aldri ville ha godkjent eit fireetasjes bustadprosjekt med utstikkande konstruksjonar som balkong eller svalgang i heiltreverk.

– I vanleg praksis så nyttar ein ikkje reine treverkskonstruksjonar. I alle fall ikkje til eit bygg i brannklasse 2, som her. Det er ikkje i samsvar med verken TEK eller VTEK, seier Gjerland.

Slik svarar kommunen

Prosjektet blei til slutt godkjent gjennom ei fullmaktssak hos byrådet sommaren 2015. Då hadde kommunen hatt folk buande der i to år.

Lonemarka i mørket

Folk budde lenge i blokka før det kom på plass godkjente planar.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Plan- og bygningsetaten opplyser til NRK at bygget er oppført i samsvar med det mellombelse bruksløyve dei søkte om. Dei skriv også at det er utført kontroll av tema knytt til branntryggleik.

På spørsmål om dokumentasjon på denne kontrollen, viser plan- og bygningsetaten til dei ansvarlege føretaka.

– Det er dei ansvarlege føretaka som må svara for kva vurderingar som er gjort av branntryggleik, seier direktør Mette Svanes.

Ingen av dei involverte i byggeprosjektet vil uttala seg til NRK.

NRK har bedt dei svara på kvifor bygget blei oppført i strid med dei godkjente planane og når dette blei bestemt.

– Dette er ei sak som er under etterforsking og me kan difor ikkje uttala oss, seier Grethe Haugland, administrerande direktør i Link Arkitektur.

Ho hadde ansvar for prosjektet i 2012.

Det same hadde prosjektleiar Stig Hole i Lab Entreprenør.

– På grunn av den pågåande etterforskinga finn me det ikkje riktig å svara på dykkar påstandar og spørsmål i e-posten under, skriv han.

Sweco viser til oppdragsgjevar Lab og vil heller ikkje uttala seg om vurderingane som er gjort i brannkonseptet.

No blir bygget undersøkt

Brannvesenet har sett ned ei gruppe som undersøker konstruksjon og materiale for å få best mogleg grunnlag for å forstå brannutviklinga.

Så langt har ikkje brannvesenet funne feil i brannkonseptet, men avdelingsleiar Janicke Larsen bekreftar at brannen ikkje var som venta ut ifrå det konseptet skulle tilseia.

– Det at brannutviklinga ikkje gjekk som forventa i høve konseptet gjer at det er viktig for oss å finna årsaka til den raske spreiinga og resultatet av brannen, slik at me kan ta denne erfaringa med inn i vårt arbeid vidare, opplyser Larsen til NRK.

NRK rettar: Då artikkelen vart publisert, skreiv NRK i overskrifta at det var arkitekten som skreiv at overtenning ikkje var sannsynleg. Det riktige er at det var ein rådgjevar. Oppdatert fredag 27.august 19:05.