Denne gifteringen tilhøyrde ein norsk krigsfange.
Men kven var han?
I 75 år har eigedelane til 29 norske krigsfangar lege i eit tysk arkivskap.
Kven skal ha tinga deira?
Me prøvde å spore opp dei 29 familiane, for å få eigedelane heim.
Det skulle ikkje bli lett.
Gifteringen som kom heim
Gifteringen som kom heim
– Hei, Gøril Grov Sørdal i NRK her. Snakkar eg med Bjørn Michelsen?
– Ja.
– Er du sonen til Thorvald Michelsen som sat i tyske fangeleirar under krigen?
– Ja, det er meg. Eg var halvtanna år gamal då dei tok han.
– Eg trur gifteringen til far din ligg i eit arkivskap i Tyskland.
– Ja vel? Står det Gunvor i ringen?
Ja visst står det Gunvor i ringen.
Thorvald og Gunvor Michelsen med vesle Bjørn. Biletet blei tatt nokre månader før Thorvald blei arrestert av Gestapo.
Foto: Privat29 mysterium
Gifteringen har vore borte heilt sidan faren til Bjørn blei tvungen til å ta han av seg i 1943.
Alle har trudd gullet var smelta om for lengst.
Bjørn er på hytta i Folldal då telefonen ringer. Han har planar om å hogge litt ved før middag. Kanskje ta inn hagemøblane for vinteren.
Timeplanen seier ingenting om å gråte, men når NRK ringer, er det akkurat det han gjer.
– Det er nesten som at tårene kjem når at ...
Stemma brest.
Så tek han seg inn att.
– Tusen takk.
Bjørn Michelsen ante ikkje at gifteringen til faren framleis fanst.
Foto: Maja Holand / NRKBjørn Michelsen er ein av fleire norske menn og kvinner som får ein slik telefon hausten 2020.
Alle har dei ein avdød far, onkel, fetter eller bestefar som sat i tysk fangenskap under krigen.
Ingen av dei veit at det ligg noko att i Tyskland.
Då NRK snublar over ringen til Thorvald Michelsen, er han eitt av 29 små mysterium. Oppdaginga blir starten på eit detektivarbeid som skal vare i halvtanna år.
17,5 millionar skjebnar
Sjølv om denne historia startar under krigen, kjem sjølve mysteriet for ein dag i 2019, i Bad Arolsen i Tyskland.
Me har eit ærend i verdas største krigsarkiv, der dei tilsette utfører mirakel.
Arkivarane klarar framleis å føre saman menneske som kom frå kvarandre under krigen.
Kvart år gjer dei 300 familiar heile igjen.
Den andre verdskrigen er kanskje over for lengst, men såra er der enno.
Alt i 1943 starta Raudekrossen arbeidet med å finne personar som forsvann under krigen.
Leitinga blei organisert frå Bad Arolsen, ein liten, men forholdsvis uskadd og sentral tysk by.
Sidan krigen har arkivet samla inn informasjon om offera til nazistane.

I dette rommet ligg det 30 millionar dokument.

Arkivet har informasjon om 17,5 millionar menneske.

Omfanget slår oss i bakken.
Me dreg ut ei tilfeldig skuff, og finn kartotekkort frå konsentrasjonsleiren Buchenwald.
Kvar fange er registrert med alt frå fødselsdato og hårfarge, til namn på mor og far.
Nokre av namna er norske.
Då me er ferdige med opptaka våre, står arkivarane og trippar.
Dei har noko dei vil vise oss.
Anna Meier-Osinski tek oss med til eit arkivskap ho håpar å få tømt.
Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRKStolne minne
Avdelingsleiar Anna Meier-Osinski viser veg til to store arkivskap på eit bakrom.
Ho opnar skuff etter skuff fulle av konvoluttar med små eigedelar i: ringar, fyllepennar, lommebøker, briller, fotografi, smykke og lommeur.
Men lommebøkene er tomme, blekket er tørt, og urvisarane har stått stille sidan krigen.
Anna kallar dei stolne minne.
Kvar einaste vesle ting blei konfiskert frå ein europeisk krigsfange i dei tyske leirane og fengsla under krigen.
Til saman ligg det over 2500 konvoluttar i arkivskapa.
På 29 av konvoluttane står det norske namn.
Me skjønar ingenting. Tok tyskarane vare på verdisakene til fangane? Og kvifor ligg sakene framleis her i Tyskland?
Det viser seg at arkivskapa ikkje berre inneheld stolne minne, dei er òg stappfulle av mysterium.
Anna og staben hennar klarar ikkje å finne desse krigsfangane.
Her ligg fyllepennane til Einar Olsen.
Smykket til Elias Dybvik er forma som eit hjarte.
Lommeuret til Hans Dalland stogga under krigen ein gong.

Kven var krigsfangane som eigde desse tinga?

29 norske liv.
29 gåter.

Kan gåtene løysast?
Somme av namna får oss til å stusse, som etternamna Hacrum og Tholen.
Kan namna vere feilskrivne? Eller var dei ikkje norske?
På den eine konvolutten står det Jorvald Michelsen.
Me har aldri høyrt fornamnet Jorvald før. Kan han ha heitt Torvald?
I konvolutten til Michelsen ligg ein giftering med namnet Gunvor gravert inn.
Dei tyske arkivarane har ikkje klart å finne Gunvor. Kan me klare det?
Foto: Johanna Groß, Arolsen ArchivesDet journalistiske instinktet vaknar i oss.
Desse mysteria må då kunne løysast?
Me trudde det skulle bli enkelt.
Me tok feil.
Gifteringen
Då me ringer Bjørn Michelsen og fortel om gifteringen til faren, får me vite korleis ringen hamna i Tyskland.
Det starta med ein arrestasjon.
Ein haustmorgon i 1943 blir Thorvald Michelsen ført ut av heimen sin i handjern.
Rundt huset på Munkvoll utanfor Trondheim ligg menn med våpen og passar på. Kona Gunvor, foreldra og den seks år gamle nevøen hans, står makteslause att.
Får du Gestapo på døra, nyttar det ikkje å kjempe imot.
Vesle Bjørn er for liten til å forstå kva som skjer. Medan Gunvor trøystar sonen, tenkjer ho på dei 11 motstandsmennene som blei avretta i Trondheim for nokre månader sidan.
Er det Thorvald sin tur no?
Skal guten deira aldri bli kjent med far sin?
Då Thorvald blir sett på cella, har han framleis gifteringen på seg.
Nabocellene i fengselet er fulle av menn han kjenner.
Nokre av dei har ring rundt ringfingeren, andre er ugifte, men alle har dei nokon heime som ber for dei. Og alle blir dei mishandla og torturerte under avhøyra.
Fire veker seinare blir ni av kameratane til Thorvald skotne og drepne på Kristiansten festning i Trondheim.
Men Thorvald skal ikkje skytast.

Nazistane vil han skal døy langsamt.

Gunvor blir òg straffa. Ho skal ikkje få vite om Thorvald overlever fangenskapet.

Til Tyskland
I desember 1943 blir Thorvald send til ein tysk konsentrasjonsleir.
På den kalde reisa sørover har han på seg ein genser Gunvor har strikka til han, og på handa sit gifteringen med namnet hennar i.
Den andre gifteringen sit rundt fingeren til Gunvor heime på Munkvoll.
Ho veit ikkje at Thorvald er på veg til kontinentet.
11 dagar seinare kjem Thorvald Michelsen fram til konsentrasjonsleiren Natzweiler, vest for Strasbourg. Der får han og dei andre nye fangane ein velkomsttale dei aldri vil gløyme:
– Hier gibt es nur einen Ausgang!
Leirkommandanten peikar mot pipa på krematoriet.
«Her finst det berre ein utgang.»
Tysk ærekjensle
Thorvald må gi frå seg alt han har på seg. Ikkje ein gong strikkegenseren får han behalde.
Ein annan nordmann får kjeft når han ber om å få behalde tannbørsten:
– Glaubst du dies ist ein Sanatorium?
Dette er ingen feriekoloni.
Fangane må kle av seg, dei blir barberte, og alle holromma i kroppen blir saumfarne.
Thorvald blir undersøkt og målt. 1,86 meter og 80 kilo.

Gifteringen blir lagt i ein konvolutt. Thorvald fører sjølv på namn og fangenummer.

Eigedelane til fangane blir lagt på lageret i konsentrasjonsleiren.

I utryddingsleirane, som Auschwitz og Treblinka, tek tyskarane alt av verdi. Til og med gullplombar frå tennene til dei døde blir fjerna før kroppane går opp i røyk.
Men Natzweiler er ein arbeidsleir. Her skal fangane gjere nytte for seg, sjølv om det til slutt tek livet av dei.
I skråninga over leiren ligg eit steinbrot der fangane slit seg ut på blytung marmor og granitt.
Parallelt med den grufulle behandlinga av fangane, viser nazistane ei underleg form for ærekjensle:
Dei er ikkje simple tjuvar.
Medan fangane i Natzweiler må jobbe til dei stuper, blir eigedelane deira tatt vare på, som i eit fengsel.
Fyrst når ein fange døyr, overtek nazistane verdisakene til fangen.
Av dei 504 nordmennene som sit i Natzweiler, misser nesten halvparten livet. Totalt døyr over 20 000 fangar i leiren før krigen er omme.
Mengder av gullringar blir smelta om.
Men Thorvald overlever.
Skjult på eit loft
Før krigen er omme blir Thorvald flytta to gonger, fyrst til konsentrasjonsleiren Dachau, så til leiren Neuengamme.
Konvolutten med gifteringen hans blir send etter.
Men i april 1945 skil Thorvald og ringen lag.
Når krigen går mot slutten, får han og dei andre norske krigsfangane reise heim. Men noko ligg att etter dei i leiren.
Medan fangane forlèt Neuengamme, tømmer tyskarane lageret i leiren.
Sju kassar med verdisaker blir gøymde vekk på eit loft nord i Tyskland.
Nokre veker seinare, når britiske soldatar tek seg inn på loftet, finn dei tusenvis av klokker, kjeder, ringar, smykke, fyllepennar, briller, barbersaker, piper, fotografi, bestikk og andre små eigedelar.
Kva skal dei gjere med sakene?
Kven eig alt dette?
Blant 16 000 gjenstandar ligg ein giftering med namnet Gunvor gravert inn.
Men Thorvald er ikkje i Tyskland lenger.
Dette biletet blei tatt då konsentrasjonsleiren Neuengamme blei frigjort i mai 1945. Då var Thorvald og dei andre norske fangane alt på veg heim, men 50 000 fangar sat framleis i leiren.
Foto: Pvt. Ralph ForneyLeitinga går i stå
Etter krigen leitar millionar av fortvilte menneske etter forsvunne foreldre, søsken og born.
Raudekrossen står framom ei enorm oppgåve.
Sjølv om personlege eigedelar ikkje er like viktige som forsvunne menneske, blir mange av gjenstandane frå loftet returnerte til krigsfangane som eigde dei.
Men det er ikkje enkelt å finne eigarane.
Personvernet er ei hindring, talet på frivillige hjelparar minkar, og det er vanskeleg å finne dei som held til bak jernteppet.
På 1980-talet går det heilt i stå.
Eigedelane som er att blir pakka ned.
Over heile Europa blir tidlegare krigsfangar gamle og døyr, utan å vite at noko som ein gong blei teke frå dei, støvar ned i eit tysk arkivskap.
I 2008 døyr Thorvald, 92 år gamal.
Men verda endrar seg.
Jernteppet blir borte, internett kjem til, og i 2016 tek tyskarane opp att jakta.
Dei siste fire åra har arkivar Anna Meier-Osinski og staben hennar klart å returnere 500 stolne minne.
Likevel, når NRK besøker krigsarkivet, leitar dei framleis etter over 2500 europeiske krigsfangar.
29 av dei var nordmenn.
Anna fortel at dei er avhengige av hjelp frå frivillige for å finne dei siste.
Det klør i fingrane våre. Klarar me å finne familiane til dei norske krigsfangane?
Kor vanskeleg kan det vere?
Jakta tek til
Det startar så bra.
Etter berre nokre minutt identifiserer me den fyrste nordmannen.
På den eine konvolutten står namnet Fire Tore.
Me skjønar fort at Tore må vere fornamnet, ikkje etternamnet.
Krigsfangen Tore brukte briller og røykte pipe.
Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRKEit kjapt Google-søk på mobiltelefonen fører oss til Tore Five, ein motstandsmann frå Steinkjer som sat i ein tysk konsentrasjonsleir under krigen.
Det må då vere han?
Finn me familien hans, vil dei få tilbake Tore sine briller, barbersaker, to piper og ein flaskeopnar.
Me får blod på tann, og før me forlèt Bad Arolsen, gjer me ein avtale med Anna.
Klarar me å finne ut kven dei norske krigsfangane var, kan me kontakte familiane deira og overlevere eigedelane personleg.
Dei 29 konvoluttane blir liggande att, men Anna gir oss alt dei har av informasjon om krigsfangane.
Me ber om å få god tid, detektivarbeidet må bli eit sideprosjekt.
Ingen problem, seier Anna.
Kva gjer vel nokre månader til eller frå etter 74 år?
Me reiser heim att som Arolsen Archives frivillige hjelparar.
Men det viser seg fort at Tore Five var unntaket. Ikkje alle gåter kan løysast med Google.
Klarar me å finne ut kven dei 29 krigsfangane var, kan arkivet sende eigedelane heim til Noreg.
Foto: Johanna Groß / Arolsen ArchivesKven var dei?
Fyrst må me finne ut kven dei 29 norske krigsfangane var.
Me studerer informasjonen frå det tyske arkivet, me trålar avisdatabasar og mediearkiv, bøker og fangeregister.
Jakta er tidkrevjande, men ein etter ein finn me dei, mennene frå fortida.
Fleire av namna var feiltolka.
Petter Lyse heitte Petter Syse, Georg Lager var Georg Sager, og Gunnar Hacrum var Gunnar Hærum.
29 gåter blir til 17.
8. mai 2020 er ein god dag.
Ei ny nettside om norske krigsfangar blir lansert, og me identifiserer fleire av mennene som står att.
Berre 10 gåter igjen.
Til slutt klarar me å identifisere nesten alle dei norske krigsfangane.
Alle utanom fire.
Me må legge dei fire siste til sides og gå laus på neste trinn i jakta.
For sjølv om me har klart å identifisere 25 av dei 29, er me langt unna målet.
Ingen av krigsfangane lever lenger.
Me må finne familiane deira.
– Er det sant?
Me googlar, les dødsannonsar og trålar slektssider på nettet.
Me sender tekstmeldingar til folk med det same etternamnet som krigsfangane.
Og me finn dei.
Kona til Petter Syse lever i beste velgåande.
Ei tekstmelding til ein tilfeldig Syse fører oss til enka etter krigsfangen Petter Syse.
Foto: SkjermdumpDet dukkar opp born, barneborn, nevøar og nieser.
Reaksjonen er alltid den same:
– Er det sant?
Me finn dottera til Jon Sølvberg og barnebarnet til Egil Hjelde.
Korona-pandemien stikk kjeppar i hjula for oss, men me klarar likevel å overlevere nokre av eigedelane personleg.
Til gjengjeld får me vite meir om krigsfangane.
Petter Syse frå Horten var ein av 1200 studentar som blei arresterte på Blindern 30. november 1943.
Foto: Privat18 år etter at Petter Syse døydde, kjem fyllepennen hans heim.
Foto: Johanna Groß / Arolsen ArchivesReporter Gøril Grov Sørdal er med på telefonen når Unni Syse opnar konvolutten frå Tyskland.
Foto: Gøril Grov Sørdal / NRKEgil Hjelde frå Trondheim var 23 år gamal då han blei arrestert.
Ringen hans låg att i Tyskland då Egil reiste heim att våren 1945.
No får barnebarnet til Egil Hjelde, Frederik Hjelde Rosenvinge, arve ringen til bestefaren.
Motstandsmannen Jon Sølvberg frå Oslo blei arrestert av Gestapo i januar 1943.
Dette biletet av 21 år gamle Jon Sølvberg i Natzweiler blei tatt i smug, og smugla ut av leiren.
75 år etter at Jon kom heim, tek dottera Gro Sølvberg imot fyllepennen til faren.
Nokre av etterkomarane gret då me ringer.
Dei fortel om traumatiserte menn som aldri snakka om lidingane i fangeleirane. Det var for vondt.
Niesa til Tore Five fortel at onkelen var svært sjuk då han kom heim.
Han døydde i 1948, berre 27 år gamal.
Hausten 2020 får Henriette Five heim onkel Tores briller, piper og barbersaker.
Foto: Alem Zebic / NRKAndre kom aldri heim, som Sophus Hanssen frå Bergen.
Brudekjolen til forloveden Gudrun hang klar i skapet då han blei arrestert.
Våren 1945 sat både Sophus Hanssen og Thorvald Michelsen i konsentrasjonsleiren Neuengamme. Kanskje møttest dei til og med.
Så fekk Sophus tyfus.
Kjærasten Gudrun og familien hans venta på Sophus i nesten fire år. Han kom aldri heim.
Fire veker før Raudekrossen kom for å hente dei norske krigsfangane, døydde den unge bergensaren.
Forlovingsringen hans låg att i Tyskland.
No kjem ringen heim til den 90 år gamle niesa hans i Bergen.
Jorvald var Thorvald
Men dei fleste av dei 29 kom heim, og fleire av dei fekk born.
Det viser seg at Jorvald Michelsen, som etterlet seg ein giftering i Tyskland, eigentleg heitte Thorvald.
Han døydde i 2008. Kona hans Gunvor døydde i 1992.
I dødsannonsane står namna til borna deira.
Eg ringer eldstemann Bjørn og fortel om gifteringen til faren.
Bjørn hugsar lite frå heimkomsten i 1945.
– Eg var knapt tre år då han kom heim att.
– Kan eg få besøke deg og gi deg ringen?
– Ja. Det må gå bra.
Etter telefonsamtalen med Bjørn legg gifteringen ut på ei siste reise.
Gunvor og Thorvald Michelsen med borna Bjørn, Rolf og Toril.
Foto: PrivatBjørn, Toril og Rolf
Ein tysdag morgon hausten 2020 står Bjørn Michelsen ved kjøkkenbenken i Trondheim og smør snittar.
Han fyller ei skål med Twist, danderer kjeks på eit fat, og fyller vatn på kaffitraktaren.
Alt er klart.
På veggen heng bryllaupsfotoet av foreldra, ein kjekk, blond mann og ei strålande blid brud. Kjolen til Gunvor er mørk, det var smått med kvite brudekjolar under krigen.
Ein time seinare er eg, detektiven frå NRK, på plass.
Like etter står dei to syskena til Bjørn på døra.
Yngstemann Rolf blei fødd i 1952.
Toril er eit fredsbarn. Aldri har det vore fødd fleire born i Noreg enn i 1946.
Dei tre syskena viser meg fotoalbumet til Thorvald.
Eg får eit lite innblikk i kva han gjekk gjennom i konsentrasjonsleiren.
Fotoalbumet til faren fortel ei vond historie.
Dødsmerket og fangenummeret til Thorvald.
Foto frå konsentrasjonsleiren Natzweiler etter krigen. I romjula 1943 såg Thorvald to fangar bli hengde frå galgen.
Teikningane er av Rudolf Næss frå Bergen, ein annan overlevande frå Natzweiler.
Din Thorvald
Før han får reise heim våren 1945, sit Thorvald i karantene i Sverige.
Krigsfangane må kvitte seg med smittsame sjukdomar frå fangeleirane, og får ikkje reise vidare før det er trygt.
Thorvald lengtar heim til Munkvoll.
Han brukar ventetida til å skrive brev til Gunvor.
Eitt av breva er datert 11. mai 1945.

Thorvald og dei andre nordmennene har nettopp vore på fjelltur.

«Du kan tro det var herlig å gå i skog og på fjell. Jeg har aldri følt meg så fri som på denne turen.»

Tårene kjem.

Rolf må ta ein pause frå høgtlesinga. Det knyter seg i halsen.
I dag er det to liv som blir henta fram att. Mora si endelause venting på eit livsteikn, og faren si lengt etter den vesle familien sin.
«Ellers bør vel syklene være i god stand så vi kan dra langt vekk fra venner og kjente. Til å begynne med vil jeg nemlig ha deg og gutten for meg sjøl.
Hilsen fra din Thorvald.»
Guten fekk bli kjent med far sin likevel.
Etter krigen hadde vesle Bjørn fast plass bakpå sykkelen til faren.
Foto: PrivatThorvald kjem heim
27. mai 1945 strøymer folk til togstasjonen i Trondheim.
Toget frå Sverige er på veg.
På perrongen står mødrer og fedrar, koner og born, søsken og kjærastar.
Stemmer summar, hjarte dunkar, og sveitte hender held norske flagg.
Stasjonen er full av lengsel, sorg og glede.
Gunvor er der, saman med mora til Thorvald.
Tre år gamle Bjørn ventar heime, men nevøen til Thorvald, åtteåringen Thore, får vere med.
Dei kjem seg ikkje inn på stasjonen, det er for fullt. Men då toget rullar inn på perrongen, høyrer Gunvor jubelen.
Og der kjem han.
Armane som tek rundt henne er så tynne, ansiktet så annleis.
Han manglar ei framtann, og ringfingeren er naken, men kva gjer vel det.
Han er i live.
Mora og nevøen får òg ein god klem, men så seier dei farvel så lenge.
Paret skal få fred.
Gunvor og Thorvald ruslar sakte heimover, tett i tett.
Saman att for fyrste gong på halvtanna år.
Thorvald tok vare på avisa frå dagen han kom heim att.
Foto: FaksimileRingen kjem heim
75 år seinare er tida komen.
Eg rekker fram ein liten boks, og med eitt blir stemninga andektig.
Det er 77 år sidan Thorvald måtte ta av seg ringen i ein fangeleir i Tyskland.

Gifteringen er heime.

Syskena ser på ringen etter tur.

Lupa kjem fram, og namnet inni ringen blir studert.
Smilerynkene krøllar seg oppover i tre trønderfjes.
No er det ingen som gret.
Dei fire siste
Me starta med 29 gåter, og til slutt kjem me heilt i mål.
Men ikkje utan hjelp.
Me klarar ikkje å finne Karl Tholen, Ernst Ingversen, Gunnar Sohlie og Hans Stene.
Det er NRKs lesarar som løyser dei fire siste gåtene.
Veslejulaftan 2020 legg me ut ei etterlysing på nrk.no, og i romjula tikkar e-postane inn.
Det viser seg at Karl Tholen var tysk, medan Ernst Ingversen truleg var dansk.
Me får fleire tips om Gunnar Sohlie og Hans Stene, og ein slektsforskar serverer oss namn og telefonnummer på eit sølvfat.
Me kontaktar fetteren til Gunnar Sohlie, og nevøen til Hans Stene.
Me klarte det.
I eit stort arkiv i ein liten tysk by står jubelen i taket.
– Fann de alle? Det er ikkje til å tru!
Anna Meier-Osinski ler høgt på telefonen frå heimekontoret.
Ingen andre har klart å tømme arkivet for alle eigedelane frå eit enkeltland.
– Heilt unikt! Dette kjem eg aldri til å gløyme.
Men jobben er ikkje over.
Arkivskapa i Bad Arolsen er framleis fulle av konvoluttar.
Det ligg framleis att mange lommeur i Arolsen Archives.
Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRKKan du hjelpe?
Tusenvis av menneske der ute anar ikkje at det ligg noko att i Tyskland etter far, mor, onkel, tante, bestefar eller bestemor.
Anna og arkivarane er på sporet etter familien til Karl Tholen i Hamburg.
Kanskje kjem gifteringen til Karl snart heim.

Men kven skal ha lommeuret til Ernst Ingversen?

Kva med eigedelane som ligg att etter dei åtte andre danskane i arkivskapet, kven skal ha dei?
Og kva med dei 800 polske konvoluttane?
Arolsen Archives treng hjelp. Om du vil prøve, kan du gå inn her.