Norske eigendelar i eit tysk arkiv.
Foto: Johanna Groß, Arolsen Archives

Konvoluttane frå krigen som aldri kom heim

Eigendelane etter 29 norske krigsfangar låg bortgøymde i Tyskland i 75 år. Me har spora opp nesten alle, men kven er dei siste fire?

Me er i Bad Arolsen, midt i Tyskland. Omfanget i det store krigsarkivet me besøker, slår oss i bakken.

Rundt oss ruvar hyller og skap med 30 millionar dokument frå andre verdskrig. Her ligg det informasjon om 17,5 millionar menneske som blei forfølgde av nazi-regimet.

Arkivarane står og trippar. Me har fått ei omvising i det enorme arkivrommet, men dei har meir på lur.

Vil me ikkje bli med?

På eit bakrom står to store arkivskap i metall. Avdelingsleiar Anna Meier-Osinski opnar skuff etter skuff fulle av konvoluttar.

I kvar konvolutt ligg det små eigendelar; ringar, fyllepennar, lommebøker, briller, fotografi, smykke og lommeur.

Anna kallar det «stolne minne». Små, personlege gjenstandar som aldri kom heim. Til krigsfangane sjølve, eller til familiane deira.

Anna Meier-Osinski er ansvarleg for jakta på krigsfanganes arvingar.

NRK klarar å spore opp 25 av dei 29 nordmennene arkivar Anna Meier-Osinski har i skuffa. Men me treng hjelp med å finne dei fire siste.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

75 års leiting

I 1945 ligg det att mange tusen stolne minne i Tyskland.

I fleire tiår jobbar tyskarane med å returnere eigendelane. Kvinner og menn over heile Europa får små pakkar i posten, med noko dei ein gong måtte gi frå seg i ein tysk konsentrasjonsleir.

Men arbeidet er svært vanskeleg. På 1980-talet stoggar det heilt opp, og konvoluttane blir pakka vekk og låste inn.

Så endrar verda seg. Internett og Google kjem til, det dukkar opp nettsider for slektsforsking, og i 2016 går leitinga i gang att.

Ein etter ein blir konvoluttane løfta ut av arkivskapa og sende heim.

Likevel, når NRK besøker krigsarkivet i 2019, leitar dei framleis. I arkivskapa på bakrommet ligg eigendelane til 3000 europeiske krigsfangar.

29 av dei var nordmenn.

Der me står med Anna og konvoluttane, veit me det ikkje enno, men me skal snart legge ut på ei spennande jakt. Kven var desse nordmennene? Og finst det nokon heime i Noreg som kan få konvoluttane?

Eitt år seinare har me løyst nesten alle gåtene. Men no treng me hjelp.

Eigendelane til ein norsk krigsfange.

Eigendelane til krigsfangen Tore Five har vore gøymde i ein konvolutt sidan 1940-talet. Etter litt research kjem både pipa, brillene og barberkosten heim til familien i Noreg.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Kan du hjelpe?

29 norske konvoluttar som aldri kom heim. Fyllepennar, gifteringar, piper og klokker.

Anna fortel at dei er avhengige av hjelp frå frivillige i dei ulike landa for å finne dei siste.

Det klør i fingrane våre. Klarar me å finne familiane til dei norske krigsfangane?

Kor vanskeleg kan det vere?

Alt der ved arkivskapet i Bad Arolsen finn me den fyrste krigsfangen.

Me ser fort at namnet Fire Tore er feiltolka, Tore må vere fornamnet. Eit kjapt google-søk på mobiltelefonen fører oss til Tore Five, ein motstandsmann frå Steinkjer som sat i ein tysk konsentrasjonsleir under krigen.

Sidan den dagen i Tyskland har me søkt, funne og returnert fleire av dei 29 konvoluttane. Men me kjem ikkje heilt i mål.

I skrivande stund ligg det framleis fire norske konvoluttar i Bad Arolsen. Eigendelar som saknar ein familie å kome heim til.

Me har klart å identifisere dei norske krigsfangane.

Alle utanom ein. Det største mysteriet.

Hei

Kan du hjelpe oss med å få dei fire siste konvoluttane heim? Eg vil veldig gjerne høyre frå deg.

Kven var Ernst Ingversen?

Me veit kven tre av dei fire siste mennene var, men me finn ikkje familiane deira.

Og sistemann, Ernst Ingversen, er ei gåte. Kven var han?

Skrap med peikefingeren eller musepeikaren på konvolutten, så ser du kva som ligg att etter Ernst.

Ukjent arving - Ernst Ingversen - 01
Ukjent arving - Ernst Ingversen - 02

Trykk for skrapemodus

Håpet vårt er at du, som les denne artikkelen, kan hjelpe oss med å komme heilt i mål.

Klarar du å finne ut kven Ernst Ingversen var?

Og finn du slektningane til Hans Stene, Karl Tøien og Gunnar Sohlie?

Under ser du all informasjon me har om desse fire mennene, og skrapar du på konvoluttane, vil du sjå eigendelane deira.

Karl Hansen Tøien - 02
Karl Hansen Tøien - 02b

Trykk for skrapemodus

Ukjent Arving - Gunner Schlie - 00
Gunner Schlie

Trykk for skrapemodus

Hans Theodor Stene - 01
Hans Stene

Trykk for skrapemodus