Hopp til innhold

Lienhart var pilot på tysk krigsfly som sokk i Trondheimsfjorden

9. april 1940 sokk eit tysk krigsfly i Trondheimsfjorden. To personar overlevde flystyrten, medan piloten forsvann.

Heinkel fly

UTAN PILOT: På botnen av Trondheimsfjorden ligg det tyske krigsflyet, men piloten var ikkje til å finne her i landet.

Foto: Blueye Robotics

– Me fann ikkje noko spor etter han i Noreg i det heile tatt. Kvar kan han ha blitt av?

Det undra rådgjevar Knut Sivertsen på Justismuseet seg over.

I fjor fann marinen to tyske flyvrak frå andre verdskrig på botnen av Trondheimsfjorden.

– Mange av oss har ei stor interesse for det så me legg gjerne inn litt ekstra innsats, seier Morten Gjerde Standal.

Han er nestkommanderande i Hugin-teamet til marinen som fann flyvraka.

– Trondheimsfjorden er interessant fordi det er så mykje rart som ligg på botn, legg Sivertsen til.

Eit av dei er krigsflyet Heinkel HE-115 på 227 meter under havoverflata.

Flyet He 115 S4+DH i lufta på tokt mot Trondheim, 9.april 1940

Krigsflyet på veg til Trondheim for å assistere i invasjonen av Noreg.

Foto: Halvor Sperbund / Justismuseet

Blei skoten på av britane

– Flyet var eit av 15 som tok av frå den tyske øya Sylt 9. april 1940 for å assistere invasjonen av Noreg, forklarar Sivertsen.

I flyet var det tre personar: Ein navigatør, ein skyttar/radiooperatør og piloten Lienhart Martin Wiesand på 29 år.

Men det gjekk ikkje heilt som planlagt. På vegen blei dei skoten på av ein britisk flybåt rett utanfor Hitra.

Knut Sivertsen

Dette har vore eit spennande mysterium for Knut Sivertsen på Justismuseet.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Så han visste at han hadde skadar på flyet og måtte ned.

Og fram til no har ingen sett flyet igjen etter det skulle lande på Trondheimsfjorden.

– Det var krapp sjø. Då han landa gjekk flyet opp på høgkant og går rett ned.

Marinen skulle kartlegge

Video: Blueye Robotics

Piloten som forsvann

Både navigatøren og skyttaren kom seg ut av flyet.

– Dei kom seg ut av flyet og overlevde. Men Wiesand, piloten, han blei borte.

Dette har vore eit mysterium for Justismuseet fordi dei trudde piloten sat igjen i flyet på botnen av Trondheimsfjorden.

– Dei som omkom under invasjonen blei gjerne gravlagd på norske kyrkjegardar rundt om kring.

Men det var ingen spor etter den tyske piloten.

– Men han finn me ikkje. Ikkje på noko sett og vis.

Difor måtte dei på Justismuseet bruke nettverket sitt for å finne svar. Og det fann dei.

Les også Under dette treet måtte Tines farfar krype på alle fire og plukke opp blad med munnen

Bjørka på Falstad

Gravlagd i saman med familien

14. april 1940 skaut norske styrkar tolv tyske soldatar på Lundamo, tre mil sør for Trondheim.

Deretter blei dei kremert og urnene blei sendt til dei pårørande i Tyskland.

Soldatar på Lundamo under 2. verdenskrig

Soldatar på Lundamo under 2. verdskrig.

Foto: Arkiv Knut Sivertsen / Bundesarchiv

– Det var litt lettare enn å sende ei båre, forklarar Sivertsen.

Nettopp dette meiner dei at skjedde med den 29 år gamle piloten.

– Det er antakeleg det som har skjedd med Wiesand også. At han blei kremert og urna blei ført tilbake til Tyskland. Det var difor me ikkje fann han i Noreg.

Og der ligg han, saman med sine pårørande. I Steglitz utanfor Berlin.

Gravstein i Steglitz utanfor Berlin.

I denne grava ligg piloten Lienhart Martin Wiesand saman med familiemedlemmer.

Foto: Asbjørn Svarstad