100-åringen som vart tvinga til å bygge Noreg

UKRAINA (NRK): Oleksandr Chalich tapte sine beste ungdomsår fordi Adolf Hitler tvinga han til å delta i den gigantiske utbygginga av Noreg.

Nittedal i Akershus, mai 1945: Dei to tyske SS-soldatane ropar stopp, men Oleksandr stoppar ikkje. Han spring det han kan rundt hushjørnet og inn i gata bak. 27-åringen tek til venstre og satsar på å gøyme seg lenger framme. Men brått oppdagar han at dette er ein blindveg med vegger på alle kantar.

Dødsangsten kjem som eit hammarslag i brystet. SS-soldatane er like bak. Dei held geværa i skytestilling og han høyrer kulene kvine forbi. 27-åringen er så redd at det snører seg i halsen. Nesten utan pust spring han vidare og leitar etter ei opning. Så smell det og han kjenner kraftige smerter i magen. Han dett i bakken og kjennar at delar av innvolane kjem ut. Han let igjen augo og veit han kjem til å døy her i Nittedal i Noreg. Han tenkjer på foreldra sine heime i Ukraina. På då han som liten sat på fanget til mor og ho song til han. Han ber til Gud.

På same tid har Adolf Hitler i fleire år vore allmektig i Tyskland. Då krigen starta 9. april 1940 hadde han ein plan for både Oleksandr og Noreg.

Oleksandr Chalich

FEKK UNIFORM: Oleksandr Chalich er stolt over å vise seg fram i offisersuniform. Han har fått uniforma i gåve av det ukrainske forsvaret som plaster på såret for all urett han har opplevd i livet.

Foto: Halvor Farsund Storvik

Ukraina, 14. november 2018. Den blaute snøen lavar ned. Det er så vidt vi kan skimte murhuset på andre sida av gata.

– Leitar de etter Oleksandr, spør ei kvinne på russisk?

Vi forstår at vi har kome til det rette huset og at det er svigerdottera vi snakkar med. Ho peikar vidare mot ei brun dør. Vi bankar på, men høyrer ingen ting. Ho gir teikn til at vi likevel kan gå inn.

Vi opnar døra sakte. Rett til høgre ved døra ser vi ned i eit grått bakhovud. Den søvnige mannen snur seg i senga, ser opp og strekkjer ut armen. Andletet er magert og fullt av rynker. Til gjengjeld er handtrykket hardt og bestemt.

– Eg snakkar litt norsk, seier den tidlegare krigsfangen og smiler. Munnen er innsunken og utan tenner. Under skjorta har han eit stort arr. Eit arr som vitnar om mykje smerte og liding i Noreg.

Her på landsbygda i Ruda om lag 10 mil sør for Kiev i Ukraina bur han saman med sonen Sergey, svigerdottera og eit barnebarn på to år. For å runda 100 år er han overraskande sprek og vital.

– Eg tar yoga og går tur kvar dag, seier han og ler.

Fleire gonger i løpet av 2. verdskrig skulle han vore død, men som eit mirakel har han overlevd kvar gong.

Oleksandr vart fødd like før den russiske tsaren vart myrda og medan 1. verdskrig framleis gjekk føre seg. Han er eit av dei aller siste tidsvitna som var krigsfange på norsk jord.

Oleksandr Chalich vart skoten i magen då han rømde frå fangeleiren i Årdal under krigen.

Oleksandr Chalich vart skoten i magen då han rømde frå fangeleiren i Årdal under krigen.

Berlin, 13. mai 1942: Adolf Hitler kjem med sitt «Wiking Befehl» der han krev ei gigantisk utbygging av norsk industri, infrastruktur og kystforsvar.

Store beløp frå okkupasjonskontoen i Noregs Bank og det norske statsbudsjettet blir brukt for å finansiere utbyggingane. Men sommaren 1942 set reichskommissar Josef Terboven foten ned. Han fryktar hyperinflasjon og kollaps i den norske økonomien, slik dei hadde erfart mellom anna i Hellas.

Terboven får støtte hos Hitler. Frå no av blir enorme mengder frisk tysk realkapital pøsa inn i Noreg. I tillegg må det hentast inn svært mange arbeidsfolk. Løysinga blir 130.000 utanlandske krigsfangar og tvangsarbeidarar.

Kviterussland, sommaren 1942: Oleksandr Chalich er 24 år gammal og sersjant i den Raude Arme. Han deltek i dei fryktelege kampane mot tyske styrkar på austfronten. Fleire millionar soldatar blir drepne og lemlesta. 24-åringen er livredd for å få ein brå død. Når avdelinga hans blir omringa og han blir teken til fange, er han sikker på at han vil bli skoten.

Saman med fleire hundre andre vart han frakta til ein fangeleir i Årdal i Sogn. Leiren var omringa med piggtråd. Det var fleire vakttårn med væpna vakter.

– Vi skulle byggje ein aluminiumsfabrikk. Det var hardt arbeid, men dei som var i straffekompaniet hadde det verst. Dei skulle lage kaia og stod med iskaldt vatn til brystet, seier Oleksandr.

Han fortel at maten var forferdeleg.

– Det var illeluktande sild og tynn suppe med torsk. Tilhøva i leiren var svært dårleg og mange døydde.

I løpet av krigen omkom 13 krigsfangar i Årdal.

Frå NRK-innslag laga i samband med 50-års jubileet for opninga av aluminiumsverket i Årdal i 1997.

Enorm utbygging

Aluminiumsproduksjon er svært kraftkrevjande og frå kraftanlegga i Tyin kunne tyskarane ta ut enorme mengder billig straum. Aluminiumen skulle hovudsakleg brukast til å auke produksjonen av krigsfly, noko Hitler såg på som avgjerande for å kunne vinne krigen.

På kort tid vart den vesle bygda inst i Sognefjorden omgjort til ein gigantisk byggeplass.

«I alt 28 forskjellige anleggsfirma er i arbeid i Årdal for tida», rapporterte ein mann som var på oppdrag for kommunen sommaren 1942.

Sommaren 1943 var det om lag 5000 mann i arbeid ved anlegget i bygda.

Sovjetiske krigsfangar i arbeid i Årdal i 1943.

HARDT ARBEID: Sovjetiske krigsfangar under gravearbeid for hand i Årdal i 1943. Det var lange og harde arbeidsdagar, og maten var dårleg.

Foto: Edvard Deluga / Michael Stokke

Oleksandr jobbar lange arbeidsdagar. Han svelt og frys, og likar seg svært dårleg Årdal. Trass i sterke åtvaringar, bestemmer han seg for å stikke av. I slutten av mai 1943 rømmer han saman med brørne Pjotr (19) og Vlad (16).

Dei går over fjellet. Det er mørkt og glatt. Ein av brørne fell ned i ei elv og dei fryktar han kjem til å døy. Men han kjem seg opp igjen og overlever. Etter mykje slit kjem dei seg til busetnad på nordsida av Lustrafjorden, ei sidearm til Sognefjorden.

Der blir dei bedne inn i eit hus og får ete seg mette. Dei får varme klede og får overnatte. Men gleda skal bli kortvarig. Morgonen etter bankar tyske soldatar på døra. Atter ein gong kjenner Oleksandr den isande frykta. Men heller ikkje denne gongen blir han skoten. I staden blir han send tilbake til Årdal. Han er livredd for kva som vil skje.

85 sovjetiske tvangsarbeidarar på veg frå Naustbokti i Årdal til fots.

FANGAR PÅ VEG TIL FOTS: Her ser vi sovjetiske tvangsarbeidarar under krigen på veg frå Naustbukti i Årdal. Fangane vart alltid påpassa av vakter med skarpladde våpen.

Foto: Årdal Sogelag

Blir piska som straff

Når Oleksandr er tilbake i fangeleiren Årdal ventar harde represaliar.

– Vi vart stilte opp på rekke og fekk ein omgang med pisken. Vi fekk vite at dei burde drepe oss, men at vi slapp fordi vi var så unge.

I staden ventar fengselsopphald i Bergen. I protokollen frå Bergen Kretsfengsel står det at han sat innesperra frå byrjinga av juni 1943 til 10. juli same år. Under årsak til fengslinga er det oppført «flukt».

– Her skulle vi lære korleis vi skulle oppføre oss. Vi fekk hard behandling, seier han.

Vart du torturert?

– Sjølvsagt vart eg det, seier han, utan å ville utdjupe noko meir.

Krigsfangane og tvangsarbeidarane budde i desse brakkene.
Foto: Ukjent fotograf / Årdal Sogelag
Krigsfangane og tvangsarbeidarane budde i ein stor brakkeleir på Årdalstangen. Dei vart påpassa av tyske soldatar med skarpladde våpen. Kosthaldet var elendig, og arbeidsdagane var harde og lange.

Rømmer igjen

Snart er Oleksandr tilbake i Årdal der han igjen blir tvinga å delta i bygginga av aluminiumsverket.

Fangesjefen gjev klar beskjed, ved fluktforsøk nummer to vil dei bli skotne framfor auga på resten.

Men heller ikkje denne gongen let Oleksandr seg skremme. Med på neste flukt er to tidlegare soldatar frå sovjethæren.

Allereie den første natta kjem han vekk frå dei to andre. Etter kvart kjem han seg til fjellgarden Fuglesteg i Skjolden. Der får han mat og husly, og blir mellom anna kjend med ei av døtrene på garden, Anna Fuglesteg. Oleksandr held kontakt med henne via brev i mange år etter krigen.

Brev frå Anna Fuglesteg

Her ser vi eit av julekorta Oleksandr Chalich fekk frå Anna Fuglesteg. Ukrainaren vart kjend med henne under krigen då han skjulte seg på garden Fuglesteg i Skjolden der ho budde.

Foto: Bård Siem / NRK

Etter å ha vore på Fuglesteg ei god stund, dreg han vidare over til austsida av fjella. Her treff han på reingjetarar og får bu i ei hytte. Truleg er dette ein stad i Valdres. Medan dei to andre var ute og såg etter dyra, passa han hytta og laga mat.

– Her fekk eg nye klede og eg vart behandla med respekt, fortel han. Oleksandr hugsar ikkje kor lenge han oppheldt seg der, men seier det var lenge. Truleg var han der i fleire månader.

Han lengtar tilbake til heimlandet Ukraina, og dreg vidare austover.

Målet er å kome seg til Sverige, og vidare derifrå tilbake til heimlandet.

Anna Fuglesteg møtte igjen Oleksandr Chalich i 1997.

GJENSYNSGLEDE: Anna Fuglesteg og Oleksandr Chalich møtte kvarandre igjen i 1997 i samband med at Oleksandr var på besøk i Årdal. Oleksandr skjulte seg på garden Fuglesteg under andre verdskrig i samband med at han rømte frå fangeleiren i Årdal.

Foto: Ukjent fotograf

Valdres våren 1945

Det einaste som står i tankane på Olkesandr er å kome seg heimover. Han går lange dagsmarsjar austover. Føtene er vonde og hovnar opp, men han går likevel. Fleire gonger er han sikker på at tyskarane har oppdaga han, men kvar gong kjem han seg vidare.

Det går bra heilt til han i byrjinga av mai 1945 blir skoten i magen i Nittedal.

– Eg var heilt sikker på at eg kom til å døy, at alt var over, fortel 100-åringen stille.

Men også denne gongen lurer han døden. Oleksandr blir frakta til eit sjukehus i Oslo. Han blir operert i magen og blødinga frå skotsåret blir stoppa.

Truleg har tyskarane trudd han kunne sitte på viktig informasjon sidan dei frakta han til sjukehus.

– Eg hadde behov for kvile og omsorg, men det vart det lite av. På kvelden vart eg teken til eit anna rom. Der var det harde forhøyr, slag og spark, fortel han.

Men så blir fortviling snudd til glede.

–Ein lege stod ein dag ved sjukesenga. Han fortalde at krigen var over og spurde om eg ønska å vende tilbake til heimlandet. Sjølvsagt ville eg heim.

Oleksandr bestemmer seg for å ta tog via Finland tilbake til Ukraina. Men på den russiske grensa blir han og mange landsmenn arresterte, mistenkte for å vere spionar. Oleksandr, som no er 27 år, blir overført til det frykta Tagansky-fengselet i Moskva. Etter kvart blir han send vidare til eit fengsel i Kiev.

Alexandr Schalich

YNGRE UTGÅVE: Under fengselsopphaldet i Kiev like etter krigen var Oleksandr Chalich sikker på at han skulle døy. Han var både fysisk og mentalt nedbroten og gav opp. Biletet er teke på midten av 1950-talet.

Foto: Privat / Privat

– Eg var knust av sorg og urett, skriv han i eit notat han har laga om livet sitt.

Oleksandr kan ikkje tru at han, ein patriot som har overlevd alle krigens redslar, som fleire gonger har rømt frå nazistane og vorte såra, skal bli sett i fengsel.

Har vorte prega av motgangen

I fengselet i Kiev blir Oleksandr alvorleg sjuk. Stinga i magen går opp og han taper mykje blod. Han har ingen styrke igjen, verken moralsk eller fysisk.

– Eg trudde eg skulle døy, skriv han vidare i notatet.

Oleksandr får ingen til å forsvare seg og rettssaka går unna på femten minutt. Han blir funnen skuldig i å vere spion og blir dømt til fem års straffarbeid i såkalla Gulag-leir.

Svært mange frå det tidlegare Sovjetunionen som hadde vore krigsfangar i Vesten vart skulda for spionasje og hamna i ulike leirar i heimlandet

Oleksandr jobbar i ei gruve, med tømmerhogst i Kasakhstan og andre stader. Først i 1950 er han ein fri mann. Han flyttar til Jekaterinburg i Ural der han jobbar på ein telefonsentral og på eit radiosenter. Heimlengsel gjer at han etter kvart flyttar tilbake til Ukraina.

Oleksandr er 58 år når han får sonen Sergey Chalich (42). Frå før har han sønene Sasha og Volodya frå eit tidlegare ekteskap. Ungane fekk han etter krigen. Volodya er ikkje lenger i live. Det er heller ikkje kona Bronya.

Stolt av faren

Sergey ser bort på faren og er tydeleg stolt over at han har klart å overleve all motgangen i livet.

– Far har vorte meir skeptisk til folk. Han har også vore plaga med frykt for at nokon følgjer etter han. Som far har han vore streng, men snill og hjelpsam, fortel sonen.

Oleksandr Chalich og sonen Sergey Chalich

FAR OG SON: Oleksandr var 58 år gammal då sonen Sergey kom til verda. No bur dei i lag i eit hus 10 mil sør for Kiev. Sergey tar ofte faren med på spasertur i nabolaget.

Foto: Bård Siem / NRK

Som ei slags oppreising for all urett han har opplevd, har Oleksandr fått ei offisersuniform frå det ukrainske forsvaret. Han går fram til klesskåpet og opnar døra. Den grøne uniforma har mange stjerner på kragen. For å vere 100 år er han overraskande mjuk i kroppen og får lett på seg uniforma. Han er tydleg stolt.

Han oppheld seg mykje i rommet han har for seg sjølv. Her sit han dagleg og skriv på livshistoria si. Han håper notata skal munne ut i ei bok.

– Livsmottoet mitt er å vere optimistisk og aldri gje opp, seier han. Det tannlause smilet fyller heile andletet.

Oleksandr Chalich

LES OM SEG SJØLV: Då Oleksandr Chalich fylte 100 år, vart det skrive om han i lokalavisa i Ruda i Ukraina. Der står det mellom anna at han var krigsfange i Årdal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Riksarkivet Oslo, november 2018

Lukta av gamle bøker og papir gjer det lett å tenkje bakover i tid. På lesesalane blir det trilla inn gamle papirmapper av alle slag der ein i fred og ro kan prøve å finne det ein leitar etter. Mellom anna er det lagra enorme mengder med dokument frå andre verdskrig her.

– Tyskland hadde med seg veldig store ressursar til Noreg som vart betalt med tyske riksmark, seier historieprofessor Hans Otto Frøland ved NTNU i Trondheim. Han har leia eit stort forskingsprosjekt som har sett på kor store ressursar tyskarane la igjen i Noreg under krigen.

Tyskarane sin enorme bruk av eigne midlar står i sterk kontrast til den rådande oppfatninga i Noreg. Det har i stor grad vore fokusert på kor mykje tyskarane øydela og kor mykje dei tappa dei norske budsjetta.

– Ein kan vanskeleg hevde at Noreg låg med broten økonomisk rygg når vi veit at vi nådde tilbake til førkrigsnivået i produksjon allereie i 1946, seier Frøland.

– Kvifor har det vore så lite fokus på dette tidlegare?

– Det har vore vanskeleg å tenkje seg at ei vond okkupasjonsmakt også hadde lagt igjen verdiar i Noreg, seier professoren.

Han viser til at nasjonen har konsentrert seg om dei tyske overgrepa og dei norske krigsheltane. Først dei siste åra har tida vore mogen for å sjå på kva tyskarane bygde i Noreg.

Professor Hans Otto Frøland

STORE VERDIAR: Tyskarane øydela og raserte mykje under krigen i Noreg, men dei tok også med seg enorme verdiar til landet vårt, seier historieprofessor Hans Otto Frøland. Det har lenge vore vanskeleg å tenkje seg at ei vond okkupasjonsmakt også hadde lagt igjen verdiar i landet vårt, påpeikar han.

Foto: Bård Siem / NRK

Meir enn Marshallhjelpa

Då krigen var over i mai 1945 var godt over 20 nye flyplassar bygde. Straumproduksjonen var auke med 35 prosent. Store og topp moderne forsvarsanlegg stod ferdige. Viktige strekningar på veg- og jarnbanenett var utbygd.

Og ikkje minst var bygginga av to gigantiske aluminiumsverk starta opp, eitt på Sunndal i Møre og Romsdal og eit i Årdal i Sogn og Fjordane. Nær 500 tyske firma deltok i byggeaktivitet i Noreg under krigen.

Bygging av store tyske kanonar, Austrådt fort, Ørlandet.

BYGDE ENORME KANONAR: Desse kanonane vart monterte på Austråt fort på Ørlandet. Adolf Hitler frykta alliert invasjon frå vest via Noreg og bygde difor opp store festningsanlegg. 500 ulike tyske firma var involverte i bygginga av festningsanlegg, fabrikkar og infrastruktur i landet vårt.

Foto: Ukjent tysk fotograf / Romsdalsmuseet

Frøland har ikkje noko samla tal for kor store verdiar tyskarane og tvangsarbeidarane skapte. Men han gjer følgjande vurdering:

– Ei grov gjetting ligg på mellom 5 og 10 milliardar kroner, seier han.

I dagens kroneverdi utgjer dette mellom 110 og 220 milliardar kroner.

Til samanlikning var den amerikanske Marshallhjelpa på i underkant av 60 milliardar i dagens kroneverdi.

Men tyskarane brukte også store summar frå norske budsjett. Ein reknar med at 11 milliardar kroner vart tappa frå Noregs Bank, noko som utgjer omlag 240 milliardar i dagens kroneverdi. I tillegg vart det tvangsoverført 3 milliardar frå det norske statsbudsjettet, noko som utgjer om lag 65 milliardar i dagens kroneverdi. Tyskarane øydela også mykje i Norge som måtte byggast opp igjen etter krigen.

Russiske krigsfangar i arbeid på Aukra

GIGANTISKE UTBYGGINGAR: Her frå Gossen i Møre og Romsdal der krigsfangar og tvangsarbeidarar bygde ein flyplass. Det vart bygd 20 nye flyplassar under krigen og mange av dei vart ein del av det norske flyplassnettet.

Foto: Ukjent / Romsdalsmuseet

Oleksandr Chalich var ein av i alt 18 millionar menneske som vart sperra inne i såkalla Gulag-leirar i Sovjetunionen. Fangane levde under fryktelege forhold og vart tvinga til å jobbe gratis for den sovjetiske staten. Ein reknar med at 2,7 millionar menneske mista livet i leirane.

Les også: