Daniel Schaanning.
Foto: Ingvild Ulset / NRK

Den hemmelege bestefaren

Daniel fekk sjokk då han fann ut at bestefaren var torturist i Oslo under krigen. No vil han møte ein av dei bestefaren torturerte.

Daniel Schaanning frå Kristiansand var 30 år då spørsmålet melde seg: Kven var eigentleg bestefar?

Pappa har aldri snakka om han, ikkje bestemor heller, så Daniel har aldri tenkt på han, aldri lurt på kven han var. Han veit ikkje eingong kva mannen heitte.

Så ein dag spør han likevel:

Kven var bestefar min?

Svaret er totalt uventa. Under krigen var bestefaren torturist for Gestapo. Etter krigen blei han dømd til døden og avretta.

Når sjokket får lagt seg, bestemmer Daniel seg. Han vil vite meir.

Han går ned i kjellarstova, og googlar namnet:

Reidar Haaland.

For kvar setning han les, dukkar det opp nye spørsmål. Men det han lurer mest på er:

«Kvifor har ikkje pappa sagt noko?»

Daniel blir veldig usikker.

Skal han fortelje pappa at han veit om bestefar?

Daniel Schaanning ved grava til Reidar Haaland i Stavanger.

Daniel visste ikkje at bestefaren kom frå Stavanger. Her besøker han familiegrava for fyrste gong.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Frå frukthandlar til torturist

Daniel legg ut på ei reise for å finne ut mest mogleg om denne Reidar Haaland.

Han møter fjerne slektningar og går på familiegrava i Stavanger.

Han les dokumenta frå rettssaka til Haaland i 1945.

Sakte dannar han seg eit bilete av kven bestefaren var.

Då Tyskland invaderte Noreg i 1940, var Reidar Haaland frukthandlar i Stavanger, ein heilt vanleg 21-åring.

Reidar Haaland før krigen.

Ein ung Reidar Haaland ved grammofonen heime i Stavanger, før krigen braut ut.

Foto: Privat

Men vala Haaland tok under krigen, førte han til det tyske sikkerheitspolitiet i Oslo, til Gestapo. I halvtanna år arresterte han norske motstandsmenn, og torturerte dei under avhøyr.

Etter frigjeringa i mai 1945 blei han sjølv arrestert og stilt for retten. Reidar Haaland var den fyrste nordmannen som blei avretta for landssvik.

Reidar Haaland

Reidar Haaland i luftegarden i Akershus landsfengsel, sommaren 1945.

Foto: "Bilder" nr. 1 1946 / Ukjent/Gyldendal

Daniel blar seg gjennom forklaringane til motstandsmennene Haaland mishandla.

«Han dengte meg over armer og bryst med en flettet lærreim.»

«Han var helt umenneskelig i sine torturmetoder.»

«Han var i ekstase, øynene virket som på en beruset, rødsprengte, fuktige og med sammentrukne pupiller.»

Så dette var altså bestefar.

Det er lenge sidan krigen, og alle torturoffera har gått bort.

Bortsett frå ein.

Han heiter Rolf Bækkelund, han blei fødd i 1925, og han bur på Gjøvik.

Ingen dokument kan fortelje det denne mannen kan.

Men vil Rolf møte Daniel?

Rolf Bækkelund

Ein gamal mann sit i stova si på Gjøvik. Veggane er dekte av kunst frå inn- og utland, og kikkar han ut, ser han noko endå finare. Mjøsa.

Men vender han blikket bakover i tid, er ikkje alt like vakkert. Som tenåring blei han arrestert og kasta i fengsel.

Av Reidar Haaland.

Han likte å slå, seier Rolf Bækkelund.

Han har aldri snakka med nokon om det som hende den gongen.

Ikkje med journalistar. Ikkje med historikarar.

Ikkje eingong med sonen.

Rolf Bækkelund

Rolf Bækkelund vil helst gløyme det som hende under krigen.

Foto: Henning Gulbrandsen / Oppland Arbeiderblad

Når sonen min spør, seier eg som sant er: Martin, eg vil helst gløyme det. For om eg begynner å prate om det, er det så mykje som dukkar opp, som eg helst vil ha bort.

Men så blir han spurd om han kan tenkje seg å møte barnebarnet til Haaland.

Er Rolf klar til å fortelje om torturen?

I snart 80 år har han dytta det vekk. Det var så jævlig.

Han var så redd.

Avhøyret

Det startar ein augustdag i 1944. Det er no Rolf går i fella.

19-åringen går med illegale aviser i Oslo, tekstar som skal sette mot i undertrykte nordmenn og undergrave dei tyske okkupantane.

Denne dagen skal han levere eit brev på ei adresse der ein kontaktperson ventar på han.

Men Gestapo ligg på lur.

Mor mi var veldig redd for meg, ho skjønte kva me dreiv på med. Og det gjekk jo gale til slutt.

Det er Reidar Haaland som arresterer Rolf. Haaland vil vite kven brevet er til, han tek fram pistolen og truar med å skyte om han ikkje får svar.

Rolf klarar ikkje å sno seg unna, og må bli med Haaland.

Det er no marerittet startar. På Victoria terrasse, hovudkvarteret til Gestapo, ligg avhøyrsrommet han har prøvd å gløyme.

Rolf veit at tyskarane avrettar motstandsmenn, så han gjer seg dum, lèt som om han ikkje veit noko. Han får raskt ein blåveis.

Gestapo vil rulle opp den illegale pressa, så Haaland treng namn, fleire å arrestere.

Han ville ha tak i alle kontaktane eg hadde.

Haaland legg fram kjeppar, batong og pisk. Men Rolf er ung og uredd, og synest Haaland stiller tåpelege spørsmål.

Til slutt sa eg: Du er ein skikkeleg dumstut.

Haaland blir rasande.

Han tek fram kniven.

Rolf sit musestille. Hjartet hamrar mens kniven dansar mellom fingrane hans. Så redd har han aldri vore før.

Haaland veit at Rolf er musikar, at han treng ti friske fingrar for å spele fiolin.

Det er levebrødet hans som står på spel.

Rolf må stadig inn til nye avhøyr. Samstundes jobbar mor hans på spreng for å få han fri. Ho oppsøker til og med broren til Haaland, han er musikar og spelar med Rolf på Theatercaféen.

Med eitt, etter nokre veker i fengselet, er Rolf ein fri mann.

Dei sa ingenting, dei berre sleppte meg ut. Og der stod eg.

Rolf Bækkelund

Rolf Bækkelund er kjend som ein nestor i musikkmiljøet på Gjøvik.

Foto: Henning Gulbrandsen / Oppland Arbeiderblad

Haaland sparte fingrane til Rolf. Kanskje fordi han sjølv kom frå ein musikarfamilie.

Eg gjekk heim og tok fram fela, men eg torde ikkje spele. Eg berre såg på den fine fela mi.

Rolf må vitne

Freden kjem til Noreg i mai 1945. Haaland, mannen som torturerte Rolf, er ein av fleire tusen nordmenn som blir arresterte.

No skal landssvikarane straffast.

Fangar i frigjeringsdagane, Akershus landsfengsel

Ein soldat held vakt over arresterte nordmenn i Akershus landsfengsel.

Foto: Ukjent / Norges Hjemmefrontmuseum

Rolf blir kalla inn som vitne i rettssaka mot Haaland.

Han granskar dei fortapte ansikta i rettssalen. På ein benk sit dei tyske sjefane til Haaland, lufta har gått ut av dei.

Reidar Haaland er bleik og tynn.

No er det han som er redd.

Den fyrste rettssaka i landssvikoppgjeret blir slått stort opp i avisene, så folk over heile landet får med seg kven som sit på tiltalebenken.

Reidar Haaland, fyrste dag i retten.

Reidar Haaland er prega, men roleg i retten. Faksimile, Arbeiderbladet 12.07.1945.

Pressa trykte lange referat frå rettssaka.

Siegfried Fehmer, til venstre, var sjefen til Reidar Haaland i Gestapo. Fehmer blir seinare sjølv dømd til døden og avretta. Faksimile, Dagbladet 12.07.1945.

Pressa trykte lange referat frå rettssaka.

Reidar Haaland med sin forsvarar. Fire dagar seinare kjem dødsdommen. Faksimile, Dagbladet 12.07.1945.

Rolf kjenner han synest synd i mannen.

«Fy faen for ein stakkar.»

Han veit ikkje at Haaland snart skal bli far, at kona er gravid i sjette månad.

Rolf er mot dødsstraff, og håpar Haaland slepp unna med fengsel.

12. juli tek rettssaka til.

Fire dagar seinare blir Haaland dømd til døden.

Rolf blir invitert til avrettinga.

Han takkar nei.

Det er framleis vondt å tenkje på i dag, snart 80 år seinare.

Kan dette vere noko kjekt å høyre for barnebarnet til Haaland?

Lille-Reidar

Hausten 1945, to månader etter at Haaland blir skoten, kjem sonen hans til verda. Sonen får namnet Reidar, etter far sin.

Guten blir skjerma, og får ein god oppvekst med ein kjærleg familie rundt seg.

Han får etternamnet Schaanning, pikenamnet til mor.

Haaland-tantene, systrene til far, kallar guten Lille-Reidar. Dei seier han liknar på broren dei mista.

Reidar Schaanning

Lille-Reidar blir fødd to månader etter at far hans blei avretta.

Foto: Privat

Dette er guten som skal bli pappaen til Daniel.

Livet til Reidar Schaanning tek ei heilt anna retning enn livet til faren.

Sonen til torturisten blir fredsaktivist.

Han brenn for menneskerettar og nedrusting, er aktiv i «Nei til atomvåpen» og formann i den lokale Chile-komiteen i Kristiansand. Han lærer seg spansk og hjelper chilenske flyktningar.

Så får Reidar jobb i Røde Kors.

Reidar Schaanning jobba for Røde Kors i 25 år.

Reidar Schaanning på jobb for Røde Kors i Nigeria.

Foto: Privat

Han koordinerer hjelpearbeid i Niger, Mauritania, Tsjad, Senegal, Sør-Afrika, Kongo, Kenya og Haiti.

Reidar Schaanning reddar liv.

I Mauritania i Vest-Afrika møter han Tuela. Dei giftar seg, og i 1987 blir sonen Daniel fødd.

Daniel Schaanning

Daniel, eitt år gamal.

Foto: Privat

Daniel veks opp utan at nokon bestefar blir nemnd. Han tenkjer aldri på at mannen har eksistert.

Mennene som blei torturerte av bestefaren på Victoria terrasse, blir gamle og døyr, ein etter ein. Til berre Rolf Bækkelund er att.

Avslørt

Far til Daniel er blitt 72 år gamal når han forstår at katta er ute av sekken.

På bordet i kjellarstova ligg eit nettbrett, og på skjermen ser han eit bilete av far sin.

Han har tenkt mange gonger at han må fortelje Daniel om bestefaren, men han har ikkje klart det. Han har skamma seg slik.

No slepp han å tenkje meir på det, det er nemleg ikkje han som har brukt nettbrettet.

Det må vere Daniel.

Han går opp att frå kjellaren, møter sonen, og seier:

Eg ser du har møtt Reidar Haaland.

Daniel Schaanning og pappa Reidar Schaanning.

Daniel fortel at pappa, Reidar Schaanning, var letta då han til slutt oppdaga kven bestefaren var.

Foto: Privat

Tre år seinare får Daniel vite om Rolf Bækkelund på Gjøvik, ein gamal mann som har sett den verste sida av bestefaren hans.

Vil han møte Daniel?

Rolf seier ja.

Daniel set kursen mot Gjøvik.

I stova ved Mjøsa ventar Rolf på at det skal banke på døra.

Møtet skal føre til at begge får svar på vonde spørsmål.

Daniel og Rolf

Rolf opnar døra. På trappa står ein ung mann, smilande og uredd.

Hei. Daniel, heiter eg.

Du får berre komme inn.

Daniel møter Rolf

Daniel, som jobbar i heimesjukepleia, er van med å prate med folk som er tre gonger så gamle som han sjølv.

Men ein slik samtale har han aldri hatt før.

Eg har fått vite at du blei avhøyrd av Reidar Haaland, seier Daniel.

Ja, det stemmer. Og det var ikkje behageleg, svarar Rolf.

Daniel fortel at han ikkje visste noko om bestefaren før ganske nyleg.

Er det berre tre år sidan du fekk vite kven han var? Det må ha vore underleg, seier Rolf.

Den gamle mannen er varm i blikket, open og undrande.

Daniel spør om han kan fortelje om det han opplevde.

Rolf tek sats.

Han fortel om stadige avhøyr, og om redsla for kor mykje juling han ville få.

Rolf Bækkelund og Daniel Schaanning
Foto: Dag Ivar Indrebø / NRK

Rolf fortel med ein viss distanse. Han seier ikkje eg, han seier du.

På Victoria terrasse blei du sett på ei ventecelle i kjellaren, og der fekk du som regel ein omgang juling, dei mjuka deg opp før sjølve avhøyret. Og dei sette på deg handjern for at du ikkje skulle ta livet av deg sjølv.

Det hende fangar kasta seg ut av vindaugo på Victoria terrasse for å unngå å avsløre folk i motstandsrørsla.

Ved å ta sitt eige liv beskytta dei andre.

Dei slo til dei fekk ei tilståing. Dei skulle ha greie på alt mogleg.

Daniel distanserer seg òg. Når han stiller spørsmål, seier han aldri bestefar. Han brukar namnet hans.

Daniel Schaanning og Rolf Bækkelund.
Foto: Dag Ivar Indrebø / NRK

Hugsar du kva spørsmål Reidar Haaland stilte deg?

Han spurde kor avisene blei trykte, og korleis dei blei distribuerte. Og merka han at svara ikkje var til hjelp, så slo han.

Rolf var heldig

Sommaren 1945 blei massegraver opna over heile Noreg. No skulle dei døde gravleggast på skikkeleg vis.

Nokre av dei 194 kroppane som blei funne i Trandumskogen nord for Oslo, var kameratar av Rolf.

Eg var heldig som slapp levande frå det, seier han.

Sommaren 1945 blei fangar, som var sikta for krigsforbrytelsar og landssvik, tvungne til å delta i utgravingane av massegraver i Trandumskogen.

Ein kropp blir henta opp frå ei massegrav i Trandumskogen.

Vidkun Quisling blei frakta til Trandumskogen for å sjå massegravene bli opna.

Sommaren 1945 må Vidkun Quisling bli med til Trandumskogen for å sjå massegravene bli opna.

Arresterte krigsforbrytarar blei tvungne til å sjå på utgravingane av massegravene i Trandumskogen.

Landssvikfangar og tyske krigsfangar blir førte til Trandumskogen for å hente opp lik frå massegravene.

I gravferdene den sommaren møtte Rolf sørgande som spurde kva som hende på Victoria terrasse.

Det var ikkje så lett å snakke om. Me ville jo helst gløyme alt.

Daniel fortel kor sterkt det var å lese papira til Reidar Haaland på Riksarkivet.

Uff, seier Rolf, tenk å bli kjent med sin eigen bestefar på den måten.

Det var veldig tøft å ta opp dette med pappa, seier Daniel.

Han rakk ikkje å ha så mange samtalar med far sin før han gjekk bort. Reidar Schaanning var letta over at sonen fann ut av det, men han var svært sjuk den siste tida, og hadde lite krefter til å prate.

Daniel spør om Rolf synest det er rart at ingen snakka om bestefaren?

– Nei, det forstår eg. Det er ting som skal bort, og ting som skal leve. Det har eg lært meg.

Rolf, som har stengt vekk fortida, opna opp då ein ung mann trengde svar.

No veit Daniel kven bestefar var.

Og han skjønar kvifor pappa aldri sa noko.

– Eg trur eg no veit meir om Reidar Haaland enn pappa gjorde.

Daniel Schaanning.
Foto: Ingvild Ulset / NRK

Du kan sjå reisa til Daniel i NRKTV, i TV-serien De siste dødsdømte

Hei!

Har du innspel til saka eller om TV-serien De siste dødsdømte?

Ta gjerne kontakt.

Eg har tidlegare skrive denne artikkelen om den fyrste nordmannen som blei avretta for landssvik etter krigen:

Den hemmelege bestefaren

I tillegg har eg skrive desse artiklane frå den andre verdskrigen:

Gifteringen som kom heim frå Tyskland etter 75 år

Dei norske studentane som ikkje ville bli nazistar