Hopp til innhold

Vil ha prøvebustader for unge

Bustader der unge tilflyttarar kan få prøvebu for ein periode, utan å setje seg i gjeld, kan lokke både ungdom og familiar til Sogn og Fjordane. Det trur fylkesdirektør som ber kommunane tenkje nytt.

Jan Heggheim, fylkesdirektør næringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

PRØVEBUSTADER: Jan Heggheim trur fleire unge kan bli lokka til Sogn og Fjordane om dei får høve til å «prøvebu» først.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er eit skrikande behov i kommunane for å ha bustader for prøvebuing, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

For det kan vere skremmande for unge familiar i etableringsfasen å følgje draumen om eit liv på landet i Sogn og Fjordane, trur fylkesdirektøren.

– Mange som kanskje kunne tenkje seg å flytte, tykkjer det er risikofylt å skulle investere i bustad tidleg. Særleg i eit fylke der du kanskje vil ha problem med å få att dei pengane du brukar, seier han.

Meiner kommunane må tenkje nytt

Folketalet i Sogn og Fjordane nærmar seg 109.000. Det går altså framover, så vidt det er. Men det er takka vere arbeidsinnvandring – dei fleste frå Aust-Europa.

Skal Sogn og Fjordane få utflytte, høgt utdanna ungdom tilbake – og kanskje også trekkje til seg unge frå andre stader i landet, må ein tenkje nytt, meiner Jan Heggheim.

– Kommunane må ta eit ansvar her. Nokre kommunar har flagga nokså tydeleg at dei ser behovet. Då hadde det vore ønskjeleg at ein fekk til ei ordning, til dømes i samarbeid med Husbanken, for å få dette til, seier han.

– Stort behov for gjennomgangsbustader

Fylkesdirektøren for næring ser føre seg utleigebustader, gjerne i kommunal regi, der ein kan få prøvebu i to–tre år.

– Mange flyttar tilbake og tenkjer at «eg er jo kjend der og har vener og familie der». Men ofte har ein vore borte i 10–15 år. Då har ein vakse frå kvarandre, og ein må etablere eit nytt nettverk. Det tek tid.

Og mens det i Førde, Florø og Sogndal kan vere høgt prisnivå som gjere det vanskeleg å komme inn på bustadmarknaden, trur Heggheim behovet for prøvebustader er størst andre stader i fylket

– Mange av dei interessante arbeidsplassane ligg kanskje ikkje i kommunane som er pressområde. Det er desse kommunane som også føler eit stort behov for å ha gjennomgangsbustader, seier Heggheim.

(Artikkelen held fram under)

Hardbakke i Solund

UTLEIGE: I Solund kommunen lenge vore obs på at dei må ha utleigebustader tilgjengeleg for potensielle tilflyttarar.

Foto: Magne Hamre

– Gir dei sjansen til å prøve det gode liv

Heggheim trekkjer fram Gloppen og Solund som kommunar som har gjort noko.

I Solund har ein i 20 år satsa på rimelege utleigebustader der tilflyttarar kan prøvebu livet i øykommunen–utan å måtte setje seg i gjeld.

Ole Gunnar Krakhellen

POSITIVT: Ole Gunnar Krakhellen seier dei berre har sett positive effektar av mange bustader til utleige.

Foto: Vidar Gudvangen/MMS-foto / NRK

– Det er viktig at nokon og ein kvar kan ha høve til å flytte til Solund, utan at ein nødvendigvis må byggje eller kjøpe seg eit husvære med ein gong.

– Det er viktig at ein har ein leigemarknad som kan ta i mot folk og gi dei sjansen til å prøve det gode liv i Solund, seier Ole Gunnar Krakhellen (H).

Han 25 år, ordførar og heimflytta ungdom. Der har kommunen over fleire år jobba systematisk for å sikre seg tilgjengelege bustader for utleige.

– Slepp setje seg i gjeld

– Eg meiner det har vore alvorleg viktig at vi har hatt ein rimeleg stor eigedomsmasse til utleige, slik at folk har fått prøve å bu i Solund. Eg ser at det har hatt ein positiv effekt, og at folk som i dag bur i ein leigebustad no held på å bygge seg hus. Det gler jo meg stort!

– Viss ein vurderer å busete seg i Solund, korleis fungerer dette i praksis?

– Då tek du kontakt med Solund kommune som hadde formidla kontakt, eller direkte til Solund bustadstifting og høyrt kva ledige bustader dei har.

– Dermed slepp potensielle sulingar å setje seg i gjeld og kjøpe bustad, før dei finn ut om øykommunen er noko for dei.

Tenner på tanken

Stryn-ordførar Sven Flo (H) tenner på tanken om såkalla «prøvebustader» for unge.

– Eg synest tanken om slike bustader er veldig god.

– Det er klart at det er ei utfordring for mange unge familiar og andre som flyttar til mindre kommunar. Det er ein vanskeleg og stram leigemarknad, også i Stryn. Eg ser absolutt på dette som ein god tanke som eg ønskjer å sjå nærmare på.

(Artikkelen held fram under)

Sven Flo, ordførar i Stryn

TENNER PÅ TANKEN: Sven Flo vil gjerne diskutere såkalla prøvebustader med andre kommunar for å dra lærdom av kvarandre.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi må ta det på alvor

Flo, som sjølv er tilflyttar, fekk eit vanskeleg møte med bustadmarknaden i Sogn og Fjordane då han kom til fylket.

– Då eg flytta hit for 11 år sidan ville vi i utgangspunktet leige før vi etablerte oss skikkeleg. Det var nesten heilt umogleg.

Flo og familien var dermed på nippet til å ikkje flytte til Stryn.

– Det løyste seg for vår del, men eg har opplevd og har forståing for kor vanskeleg dette kan vere, seier ordføraren og held fram.

– Eg kunne tenke meg at kommunane kanskje diskuterte dette i større grad i fellesskap, og sett på om vi kunne dra vekslar på kvarandre sine erfaringar og kunnskapen rundt dette.

– Dette er ei utfordring som vi absolutt bør ta alvorleg viss vi skal få til vekst i fylket vårt, og vi veit at det er mange kommunar rundt om i landet som har prøvd ut dette tidlegare.

I Solund har ordførar Ole Gunnar Krakhellen ei klar oppmoding til dei andre kommunane.

– Eg støttar oppmodinga frå fylkesdirektøren. Det å ha utleigebustader tilgjengeleg er viktig.