Hopp til innhold

Unge kjem ikkje på bustadmarknaden utan foreldrehjelp

Etter at Finanstilsynet auka kravet til eigenkapital ved bustadkjøp, avheng stadig fleire unge av økonomisk garanti frå foreldra for å komme inn på bustadmarknaden.

Hallvard Klakegg

UROA: Hallvard Klakegg fryktar klasseskilje mellom unge i bustadmarknaden dersom foreldre held fram med å hjelpe unge inn på bustadmarknaden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nye tal gjer Hallvard Klakegg i Sparebanken Sogn og Fjordane uroleg.

For halvparten av dei unge som vil ha etablerarlån for å komme seg inn i bustadmarknaden, treng hjelp frå foreldra.

– Det som er uheldig med den utviklinga, er at det kan bli eit klasseskilje mellom dei som har foreldre som kan stille opp og dei som ikkje har, seier han.

Foreldre trør til

I desember i fjor auka Finanstilsynet kravet til eigenkapital for unge på bustadjakt til 15 prosent av lånesummen. Ifølgje reglane vil ein trenge 300.000 kroner i eigenkapital for å få eit lån på to millionar kroner.

Atle Stalheim i Sparebanken Vest, stadfestar at mange unge ikkje tilfredsstiller desse krava.

– Så er det diverre slik at fleire ikkje tilfredsstiller kriteria frå finanstilsynet, og vi må seie nei til dei. Det andre er at den delen som avheng av at foreldre eller andre må stille opp, har auka med 10–15 prosent, seier han.

Åtvara foreldre

Men gode intensjonar frå foreldra si side kan fort slå kontra. Det er stor risiko knytt til å garantere for borna sine lån, eller å stille som medlåntakar for delar eller heile bustadlånet.

Endre Jo Reite

ÅTVARA: Privatøkonom Endre Jo Reite.

Foto: Sparebanken SMN

Privatøkonom i SpareBank 1 SMN, Endre Jo Reite, åtvara i vår foreldra mot å hjelpe ungdomane inn på bustadmarknaden.

– Vi har fleire triste eksemplar på dette, til dømes at foreldre er medlåntakar på heile lånet, for så å sitje att med lånet etter at leilegheita barnet kjøpte blir tvangsseld, og store kausjonar på heile lånet, for så å få problem med nye låneopptak eller slit med å innfri eigne lån. Vi fryktar stygge etterdønningar som følgje av dette, sa han til NRK.no.

– Veldig uheldig

Tal frå Finanstilsynet viser at det aldri før har blitt omsett så mange bustadar i løpet av eit halvår som i 2012. Sparebanken Sogn og Fjordane har så langt lånt ut nærare 1,5 milliardar kroner til kring 1.000 unge etablerarar.

Dei som ikkje har mor og far til å hjelpe seg økonomisk, endar ofte som leigetakarar, fortel Klakegg.

– Det er jo dei som ofte må leige bustad framfor å kjøpe sin eigen og få prisstiginga som er i marknaden. Det kan vere ei veldig uheldig utvikling å ikkje komme inn saman med dei andre, seier han.