Hopp til innhold

Gjer for lite for arbeidsinnvandrar

Fylket og næringslivet i fylket avheng av arbeidsinnvandrarane. Likevel klarer ikkje kommunane å leggje til rette for den viktige arbeidskrafta.

Frode Henden

FOKUS: Frode Henden i NAV meiner det blir gjort for lite for å busetje og integrere arbeidsinnvandrarane.

Foto: NAV

Frode Henden i NAV meiner det må leggjast betre til rette for meir arbeidsinnvandring i fylket.

Tal viser at 11,5 prosent av dei sysselsette er arbeidsinnvandrarar. Analyser viser også at fylket vil avhenge meir og meir av denne arbeidsgruppa.

– Når vi då også ser at folketalsutviklinga avheng av dei som flyttar til fylket frå utlandet, så er det utruleg viktig for fylket og næringslivsutviklinga i fylket, seier Henden.

– Må ha fokus

Spesielt bygg- og anleggsbransjen, i delar av industrisektoren og servicebransjen generelt er prega av arbeidskraft utanfrå.

Henden meiner at fylket og kommunane ikkje har vore flinke nok til å leggje til rette for arbeidsinnvandring.

– Når 70 prosent av sysselsetjingsveksten i landet vårt skuldast arbeidsinnvandring, så er det klart det er utruleg viktig at ein heng med i den konkurransen. Her konkurrerer vi sjølvsagt med andre land, men også med andre fylke og byar i landet vårt, seier han.

– Vi var heldige

I Sogn og Fjordane bur og arbeider det i dag 6.500 arbeidsinnvandrarar. Av desse bur kring 1.200 berre i Flora kommune. Men fleire er ynskt for å kunne følgje opp satsinga på næringslivet og den offentlege sektoren.

Anne von Oorschot

HELDIG: Anne von Oorschot flytta til Norge for å jobbe hos Bremanger Quarry.

Foto: Thomas Bickhardt

Paradokset er at kommunane likevel ikkje klarer å busetje og integrere arbeidsinnvandrarane godt nok. Anne von Oorschot er ei av dei som har kome til Sogn og Fjordane som arbeidsinnvandrar.

Først som arbeidstakar hos Bremanger Quarry, no arbeider ho i Framtidsfylket.

– Eg trur nok vi var heldige som kom til ein kommune som der og då var veldig på hogget med å legge ting til rette, seier ho og fortel om god draghjelp både hos naboar, arbeidsgjevaren og kommune. Dei to sistnemnde medverka sterkt til at familien fekk seg tak over hovudet då dei kom til Bremanger.

Bør ha som ansvarsområde

Samstundes ser von Oorschot at både hus og språkopplæring er viktige element for dei som kjem frå utlandet for å jobbe. Ho er ikkje imponert over kommunar som skuldar på dårleg økonomi og vanskeleg bustadmarknad.

Von Oorschot meiner det bør vere i kommunane si interesse å auke innbyggjartalet. Også av økonomiske omsyn.

– Eg trur det går på å vere meir smarte og ha fokus på det. Mange kommunar har ikkje noko strategi for integrering og oppfølging av arbeidsinnvandrarar. Eigentleg burde alle kommunar hatt ein person som har dette som sitt ansvarsområde.

– Kjempeutfordring

NHO-direktør Jan Atle Stang meiner at også dei som kjem her for jobb, må sjølve ha ynskje om integrering.

Jan Atle Stang

MEIR: Jan Atle Stang i NHO meiner kommunar og arbeidsgjevarar må samarbeide.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er kommunane, fylket og arbeidsgjevarar som må gjere jobben. Vi kan legge til rette og informere, og vi kan vere pådrivar i høve til integrering og busetjing, seier han.

Stang legg til at det også er ei kjempeutfordring at industrien treng arbeidskrafta raskt, og ofte på ubestemt tid.

Meir bustadbygging

Fylkesleiar i KS, Jenny Følling, er samd i at kommunane må auke fokuset mot arbeidsinnvandrargruppa.

Ho legg til at kommunar også må jobbe meir med tilrettelegging av areal for bustadbygging.

Jenny Følling

BUSTADER: Jenny Følling etterlyser vilje til å satse på bustadbygging.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Husbanken sine ordningar bør også bli betre. For det er bunde veldig mykje kapital i å bygge bustad. Det å få opp bustadmasse som gjer at ein kan ha tenleg bustad, er avgjerande viktig i tillegg til ei god språkopplæring, seier ho.

Må samarbeide

Stang er klar på at kommunane har vore for slappe i høve til å angripe problemstillinga på eit tidlegare tidspunkt.

Han meiner løysinga er at kommunar og arbeidsgjevarar trommar kreftene saman.

– Eg trur ei årsak er at kommunane ikkje har sett på det som sitt ansvar i stor nok grad, å skaffe bustader til utanlandske arbeidskraft. Og verksemdene ikkje sett noko anna ansvar enn å ordne jobb, seier han og avsluttar:

– Ofte har det kome einslege menn, men arbeidet framover trur eg må gå på at arbeidsstyrken får ta med seg heile familien sin og blir integrert.